Drucken

Når eg skriver denne andakta er eg langt borte frå Haram. Eg sitt mitt i Prag, midt i Europa. I dag tidleg reiste eg frå mine kjære. Og det er nesten alltid trist å ta avskjed. Når eg reiser er det eit tomrom som blir att etter meg, og det er dei som kjenner dette tomromet. Mens eg som reiser få oppdage nye ting, eg få treffe gamle kjente og nye folk. Men også for meg er det vemodig å reise frå mine kjære. Det er trist å ta avskjed, men allereie på måndag kjem eg att og då er vi samla igjen. Likevel er det alltid litt vemodig og tirst å ta avskjed. Det er nok for det meste mykje kjekkare å reise i lag.

Som prest er eg ofte med når folk tar avskjed. Eg opplever at folket i Haram er flinke i å møte opp til gravferd og i det å ta vare på kvarandre i sorga. Men det er alltid trist å stå ved ei grav. Det er alltid trist å ta avskjed med eit menneske.  Ved eit eldre menneske er det nok enklare å akseptere døden som ein del av livet, mens dette er nok litt meir vanskeleg når vi må ta avskjed med yngre, med ungdomar eller barn. Det er alltid trist. Men dei som trur er ikkje åleine, dei har lovnaden om eit nytt og evig liv. Ei liv for alle dei som trur på frelsaren Jesus Kristus, ein gud som ynskjer å ta vare på oss. Han ynskjer å ta vare på oss om vi slepp han til. Det er vi som må leve trua, det er vi som må tør å be og bruke ordet hans. På sundag skal vi i alle kyrkjer i Haram minnast alle dei som døde i løpet av det siste året. Og det kan være krevjande å tenkje på alle dei som vi måtte ta avskjed med, sjølv om vi har lovnaden og avskjeden ved grava trenger ikkje å være ein avskjed i all æve. Vi kan møtast att. Det er særleg ein tekst som trøyster meg i sorga og som eg difor les ved kvar gravferd:

Eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den fyrste himmel og den fyrste jord hadde kvorve bort, og havet var ikkje meir. Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, budd som ei brur som er pynta for sin brudgom. Frå kongsstolen høyrde eg ei høg røyst som sa: «Sjå, Guds bustad er hjå menneska. Han skal bu hjå dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå dei. Han skal turka kvar tåre frå augo deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsle. For det som før var, er borte.» Då sa han som sit på kongsstolen: «Sjå, eg gjer alle ting nye!»

Åp 21,1-5a