Drucken

 

Eg skjelva nok litt då eg fant den i postkassa: Eit brev frå ting retten. ”Kva er det eg har gjord gale nå?” tenkte eg. Kanskje skulle berre vitne om noko, men også det hadde vært ubehagleg for ein  prest med tausleiksplikta som vi berar på.  Og uansett er det noko dei aller fleste som vit om finare ting i livet enn det å møte i retten. I mit tilfelle så handla det berre om at retten skulle avgjere kor mykje eg får for eit stykke land som skal brukast til vegbygging. Så den var heilt ufarleg.

På sundag er det den  siste sundagen i kyrkjeåret og denne sundagen blir også kalla for dommesundagen. Eg er ikkje noko særleg glad i denne dagen, men dagen har ei funksjon. Den skal minne oss på ei rettssak som vi ikkje klarer å vri oss ut av. Rettssaka handlar om livet vårt, om det vi har gjord og om det vi ikkje har gjord. Rettssaka skal haldast etter livet vårt her på jorda eller når Jesus kjem  att til jorda vår. Og då skal vi stå ansvarleg. Eg for min del er heilt klar over at dette blir alt anna enn ei spasertur for meg. Dette blir alvor og eg har nok mange trekk i meg og både gjerningar og ugjerningar som er alt anna enn i samsvar med det gud ynskjer at eg skal gjere. Eg har nok synda mot han og det han vil for meg. Eg veit at det er det beste min himmelske far ynskjer for meg, men eg klarer det ikkje. Så eg skal dømmast. Eg skal dømmast og dette blir nok alt anna enn ein behageleg dag. Likevel er eg ikkje redde for dagen. Eg er ikkje redde for eg veit kven som skal døme meg. Det er Gud son, Jesus Kristus, som skal dømme meg. Han skal og han må dømme meg. Men han er også frelsaren min. Og som frelsaren min ynskjer han å ta vare på meg, sjølv om han må dømme meg. Etter dommen vil han tilgi syndene mine og ta straffa mi. Han kan det fordi han allereie sona straffa mi for meg. Han gjorde det på langfredag på korset på Golgata. Han gjorde det for meg. Syndene mine er  tilgitt, dei er ikkje tillate. Det som er galt er framleis galt. Men eg trenger ikkje å være redde for Jesus. Eg kan møte han og eg kan møta medmenneska mine med kjærleik. Det er det preiketeksten på sundag Matt 25:31-46 minner meg på. Eg skal ikkje berre snakke, skrive og tenkje om nestekjærleik. Eg skal leve den som den eg er med det eg kan.

God helg, ver ikkje redde! Michael Hoffmann