Drucken

Har sett opp på himmelen i det siste? Har du klart å stjernene? Synes du kanskje at dei har blitt bleikare sidan denne gongen du var barn? Om du syns det, så trenger det ikkje å vere noko galt med augo dine. Det kan også skyldast eit fenomen som astronomane kallar for ljossmog, lysforurensning.

Lys som i grunn skal hjelpe oss med å sjå til kan stå vegen og forhindre at vi klarer å sjå noko. ljossmog for eksempel meiner at to milliardar menneske ikkje klarer å sjø mjølkevegen lengre. Dei klarer ikkje å sjå den fordi dei lever i område med mykje uteljos. Og når lyset frå jorda blir forsterke blir lyset frå himmelen  for svake. I Rio de Janero klarer ein å sjå berre 150 av 5000 synlege stjerner, men også her i Noreg aukar ljossmoget med mellom 5 og 10 % kvart år. Berre belysninga i Ålesund gjer at  stjerner over øyane vår forsvinn. Og då snakkar vi ennå ikkje om belysninga her ute.

Klart vi trenger lys. Vi trener lys særleg i denne mørke tida av året. Men også for mykje lys kan vere helesskadeleg blant anna fordi det kan forstyrre døgnrytmen ikkje berre for menneske men også for plater og dyr.

Lys er blitt eit lett tilgjengeleg. Kor lett tilgjengeleg det legg med først merke til når den ikkje er det slik som det var då straumen  gjekk på Haramsøy.

Lys var frem til for minder enn 100 år sidan nok mykje, mykje mindre tilgjengeleg og det å halde lampane brenna var nok eit mykje, mykje større prosjekt enn å berre la lyset stå på slik som vi kan gjer det i dag. Og det er det vi må huske når vi leser dagens preiketekst:

Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Lukas i det 12. kapitlet:

Jesus sa: Spenn belte om livet og lat lampene brenna! Ver lik tenarar som ventar herren sin heim frå bryllaupsfest og står ferdige til å opna så snart han kjem og bankar på. Lukkelege er dei tenarane som herren finn vakne når han kjem! Sanneleg, eg seier dykk: Han skal binda opp kjortelen, føra dei til bords og sjølv gå fram og tena dei. Ja, lukkelege er dei som han finn vakne, sjølv om han ikkje kjem før i andre eller tredje nattevakta!

Men det skal de vita: Dersom huseigaren visste kva time tjuven kom, ville han ikkje la han bryta seg inn i huset. Så ver førebudde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.»

Slik lyder Herrens ord.

 

Her har eg ei lampe. Etter alt eg veit kan den har vært i bruk allereie på Jesu tid. Ein brukte matolje på desse oljelampane og dei var nøysame i drift og likevel varte oljen skjeldent lengre enn i nokre få timer. Og dei ga jammen ikkje mykje lys. Det heller slik at du såg lyset enn at du såg noko med lyset. Og det å halde lampane brennande krevja å vere førebudd. Ein måtte ha nok olje på lager og ein måtte i alle fall ha ein som var våken for å passe på dei.

Det var krevjande å vere førebudd midt på natta. Og likevel er det, det Jesus utfordrar oss til. Vi skal være førebudd. Vi lampane våre skal brenne. Med dette ynskjer han ikkje å auke straumrekninga eller  at vi skal ha så mykje lys på at ikkje eingong vismennene hadde klart å sjå stjerna som leia dei til Betlehem. Eg trur han snakkar om lyset i oss. Vi skal ikkje slutte å vente på han. Sjølv om han ikkje er komen ennå: Han skal kome. Han skal kome og vi skal vere førebudde. Vi skal ver førebudde for han ” kjem i ein time de ikkje ventar det”.

Men er eg klare å møte han? Brenner lyset i meg eller er eg for opptatt? Er eg sjølv i denne adventtida for opptatt med å pynte huset, med å organisere  jula, julematen,  gåvene, reiseruter osv. Vil eg vere klare til å møte han eller er det for mykje som held meg fast her på jorda? Er eg så opptatt og så utsliten at eg ikkje klarer å leggje merke til han når han kjem? Har lyset mitt slokna?

Eg trur eg klarer aldri å vere heilt førebudd når Jesus kjem. Men eg kan minne meg sjølv på at eg i alle fall ikkje gløymer det heilt. Eg kan spør meg sjølv eller kor viktig det eine eller andre verkeleg  er . Då eg var student spurte vi av og til spøkefullt ”Er dette naudsynt til å bli frelste?” Og av og til stiller eg meg framleis dette spørsmålet. Eg gjer det for di det hjelper meg å vere i alle fall litt førebudd på at Jesus skal kome at. Den gjer det fordi svaret dette spørsmålet er eit klart ”nei” for dei aller fleste ting. Det einaste som verkeleg trengs er at vi trur på Jesus Kristus. Men at bi trur på heile gudssonen og ikkje berre ei bleik skygge av han. At vi ikkje berre trur på han som blei født i Betlehem for 2000 år sidan, som døde omtrend 30 år seinare og som  elles ikkje har så mykje med livet til dei fleste og gjere, men at vi også trur på han som  han kome att når som helst og som skal forandre røynda og alt liv her på jorda fundamentalt. At vi trur på heile Jesus og ikkje berre på det som vi liker best ved han.

AMEN