Drucken

Det er ein gamal sikk i kyrkjene våre at dei fyllast bakfrå. Benkane bakarst  i kyrkja er dei som er først opptatt. Det er ikkje berre ein gong eg har fundert på kvifor det er slik. Så langt har eg ikkje klart å finne eit god svar på det. Benkane er ikkje betre til å sitte på. Dei er ikkje varmare. Dei er ikkje penare heller. Ein verken høyrer eller ser betre der. Det er vel heller ikkje slik at det berre kjem folk til kyrkja frå dei gardane som frå gamalt av hadde benkane sine lengst bak i kyrkja.  Eg er glad i kvar einskild som sitt her i dag og som sitt der elles,  men av og til lurer eg på om den einaste fordelen er at benkane er lengre unna presten og alteret? Kanskje går det går det an å sitje der og halde desse to litt på avstand? Eg veit ikkje om denne tanken stemmer. Eg er glad for alle som sitt der og som ikkje held seg ennå lengre unna slik som dei som ikkje er her i det heile tatt.

Også eg liker å halde ting på avstand. Nokre tankar og emosjonar men også nokre menneske vil eg helst ikkje sleppe for tett  inn til meg. Det kan kjennast litt greitt å halde avstand. Men det er også viktig at ein kjenner når ein bør tillate nærleik.

Dagens preiketekst handlar ikkje berre om tilgjevinga av syndene men også om nærleik og avstand:

Preiketekst: Luk 7,36-50

Det står skrive i evangeliet etter Lukas:

Ein av farisearane bad Jesus eta hos seg. Og han gjekk inn i huset til farisearen og tok plass ved bordet. No var det ei kvinne der i byen som levde eit syndefullt liv. Då ho fekk vita at Jesus låg til bords hos farisearen, kom ho dit med ei alabastkrukke med dyr salve. Ho vart ståande bak Jesus, nede ved føtene, og gret. Så tok ho til å fukta føtene hans med tårene og tørka dei med håret sitt. Ho kyste føtene hans og smurde dei med salven. Då farisearen som hadde bede han heim, såg det, tenkte han med seg: «Var denne mannen ein profet, visste han kva slag kvinne det er som tek i han, at ho lever eit syndefullt liv.»

Då tok Jesus til orde og sa til farisearen: «Simon, eg har noko å seia deg.» «Tala, meister», svara han. Jesus sa: «To menn stod i skuld til ein som lånte ut pengar. Den eine var skuldig fem hundre denarar, den andre femti. Men då dei ikkje hadde noko å betala med, ettergav han dei begge skulda. Kven av dei vil halda mest av han?» «Den han ettergav mest, tenkjer eg», svara Simon. «Du har rett», sa Jesus. Så vende han seg til kvinna og sa til Simon: «Ser du denne kvinna? Eg kom inn i ditt hus; du gav meg ikkje vatn til føtene mine, men ho fukta dei med tårer og tørka dei med håret sitt. Du helsa meg ikkje velkomen med eit kyss, men ho har ikkje halde opp med å kyssa føtene mine heilt frå eg kom inn. Du salva ikkje hovudet mitt med olje, men ho smurde føtene mine med velluktande salve. Difor seier eg deg: Dei mange syndene hennar er tilgjevne, difor har ho vist stor kjærleik. Men den som får tilgjeve lite, elskar lite.» Så sa han til kvinna: «Syndene dine er tilgjevne.» Då tok dei andre gjestene til å tenkja med seg: «Kven er han, som jamvel tilgjev synder?» Men Jesus sa til kvinna: «Trua di har frelst deg. Gå i fred!»

Slik lyder Herrens ord

Det er nok ikkje vanskeleg skjønne kven av dei to som her held avstand og kven som ikkje berre tillet, men som til og med søkjer, nærleik.  Farisearen Simon held avstand. Sjølv om han har bedt Jesus inn i huset sitt, så held han avstand: Det blir ein litt kjølig velkomst. Simon er farisear og vil kanskje ikkje bli for nær venn med Jesus. Kanskje er det difor det ikkje blir nokon kyss her .  Før dei sett seg til maten nede på golvet, må ikkje berre hendene, men også føtene vaskast. Kanskje er det ein tenar som gjer det, men i alle ikkje husets herre. Farisearen Simon er ingen tenar for Jesus, han er berre litt interessert i denne vandrande predikanten og det han har å fortelje. Farisearen Simon held Jesus på avstand. Han  bedømmer han.

Kvinna derimot tillet nærleik.  Ho søkjer nærleik.  Ho gir noko frå seg. Ho gir ikkje berre frå seg den dyre oljen. Ho gir også frå seg avstanden, avstanden  til Jesus, den levande guds som. Ho gir frå seg mykje og ho utleverer seg sjølv. Ho veit sikkert kva folk snakkar om ho og ho veit kva farisearen Simon tenkjer om ho. Men ho sjøkjer nærleik til Jesus. Ho våger det og ho vinner. Ho salver Jesus og gjer med dette tydeleg at han er den salvete, Messias, frelsaren. Ho vinner: «Syndene dine er tilgjevne.» Jesus seier ikkje ”Syndene dine er tillate”. Vi veit heller ikkje kva som var syndene til kvinna. Dei er tilgjevne.

Ho gir opp avstanden, ho søkjer nærleik og Jesus helser ho velkomen. «Syndene dine er tilgjevne.» Hos Jesus kan ho vere det ho skal vere: Eit guds barn. Ho tillet nærleik og får ein ny start.

Kor mykje nærleik til Jesus er det vi  klarer å tillate? Kor mykje avstand prøver ein å halde til han. Kva er det som gjer at han ikkje slepp ennå nærmare inn på oss?

Vi er inne i faste tida. Fastetida meinar ikkje først og fremst å få større avstand til maten, men å sleppe Jesus, å sleppe gud inn til oss. Fastetida skal vere ei tid for ettertanke og først og fremst for åndeleg fornying. Kvifor ikkje bruke dagane frem påske til å minske avstanden mellom meg og alteret, mellom meg og gud? Kvifor ikkje bruke tida til å rydde bort ting som står i vegen og som skaffar avstand mellom han og meg?

Syndene vår er tilgjevne, vi er velkomne i armane hans, men det er vi som må våge å gi opp avstanden. Kanskje ikkje alt på ein gang, men steg for steg.