Drucken

Kjenner du historia om apostelen Fillip og den etiopiske hoffmannen (Preiketekst: Apg 8,26-40)? Hoffmannen var mest sannsynleg ein av dei etiopiske jødane. Han var ein viktig o lært mann som hadde tilsyn med skattekammeret i Etiopia. På veg heim att frå Jerusalem les han frå profeten Jesaja i vogna si og klarer ikkje å forstå det han leser der. Så er det Den heilage ande som sender Fillip til hoffmannen til å forklare teksten. Han plasserer Fillip rett i vegkanten mens  hoffmann grublar over høglydt over teksten. Fillip forklarer teksten og ber om å bli døypt heilt med det same. Og Fillip gjer det.

Det som imponerar meg i denne teksten er to ting: Det eine er at Fillip lar seg leie av Den heilage ande. Han forstår heilt med det same at det er Anden som snakkar med han og han gjer det Anden seiar. Det er skjeldent eg har opplevd at Anden snakkar så tydeleg til meg. Eg ber om svar og om vegleiing, men det kjennast slik som om gud er tause. Likevel trur eg at Anden leiar han leiar med lav røyst og han leiar i si tid og ikkje når vi forventar det. Han leiar med lav røyst og difor er det viktig å finne stille slik at ikkje andre ting overdøyver han. Det er gjerne i dei stille tonane frå medmenneska våre han snakkar til oss. Og så må vi ta oss tid til snakke til at han kan snakke til oss. Dei færraste har tid, men ein kan ta seg tid. Kor mykje er det vi verkeleg må?

Det andre som imponerer meg er at både hoffmannen og apostelen klarer å bestemme seg. Vi er gjerne spontane, når vi har tenkt oss grundig gjennom. Men dei klarer å bestemme seg der og då. Rett ut av vogna og ned til elva for dåpen!

Det som er mest gale er ofte å ikkje bestemme seg i det heile tatt, å halde seg alle vegar open.

Kva er det du bestemmer deg for i helga? Kanskje ei tur til kyrkja? Eller kunne du tenkje deg å besøke ein av dei kriste frå andre land som bur i blant oss? Det er også nokre der som er frå Etiopia.

God helg !

Michael Hoffmann