Drucken

1.Kristne minoritetar i det heilage landet

1.1 Eit personleg møte

Den vesle dama møte meg på kontoret sitt. Ho bar ikkje hovudtørkle og viste med dette at ho ikkje var muslim. Ho spurde guiden min kva han heitte og kva familie han kom ifrå. Det viste seg at begge to kom frå familiar som har levd  i Gaza så lenge folk kan huske. Den eine var muslimsk, medan den andre var kristen. Shuhaila Tarazi sa at dei alltid hadde møtt kvarandre med respekt og velvilje. I eit lengre intervju fortalte ho om situasjonen til dei kristne i Gaza og at ho sjølv valte å flytte  tilbake til  Gaza etter fullført utdanning og ei periode i vesten. Ho viste meg sjukehuset og kyrkja som nyleg hadde blitt øydelagd av ein israelsk rakett.

Suhaila Tarazi, direktør på det anglikanske Al Ahli Arab – sjukehuset var i 2005 den første kristne frå det heilage landet som eg fekk møte. Frå før visste eg om at det fanst kristne palestinarar som f. eks. Hannah Ashrawi, men dette var første gong eg fekk møte ei av dei.

Seinare under dette besøket i den gettoliknande Gazastripa blei eg invitert på gudsteneste i den gresk-ortodokse kyrkja få meter unna frå sjukehuset og hovudgata i Gaza by. Der var det galleriet som ligg på dagens gateplan medan kyrkjeskipet ligg eit godt stykke under det,  der gateplanet  var for mange hundre år sidan. Kyrkja var gamal og viste tydeleg at det har vore  kristne veldig, veldig lenge. Men  Suhaila Tarazi og den greske presten fortalte  at blir det færre og færre av dei. Dei har ofte betre kontaktar til utlandet og klarer difor betre å flykte frå elendigheita i dei palestinske områda.


1.2 Kven er dei kriste i det heilage landet

Det israelske byrået for statistikk viser at det ved utgangen av 2008 var 153.100 registrerte kristne  i den israelske befolkninga ved sidan av 5.569.200 jødar, 1.240.000 muslimar og 121.900 druzar av ei total befolkning av 7.374.000 menneske i Israel[1], Aust-Jerusalem, israelske busettingar og på Golan-høgda. I tillegg antek  ein, at det er sirka 50.000 kristne på Vestbredden og 3.000 i Gaza. Over 80% [2] av dei er arabarar og dei har levd der så lenge ein kan huske.  Sirka 10.000 er Jesus-truande jødar[3]. Resten er Armenarar, eller har utanlandsk bakgrunn som for eksempel utsendingar frå forskjellige kyrkjesamfunn frå  forskjellige land.

Det er den gresk ortodokse kyrkja, den bysantinske kyrkja som er med 74.600[4] medlemmer det eldste og største kyrkjesamfunnet i det heilage landet. Dei gresk-katolske Melkittane med 48.300 medlemmer er ei utbrytarkyrkje av dette kyrkjesamfunnet som er i union med den romersk-katolske kyrkja og er det nest største kyrkjesamfunnet   før den latinske riten av pavekyrkja med 28.400 medlemmer. Ei anna kyrkje i union med Rom er den Maronittiske kyrkja med 7.300 medlemmer som er ei gamal utbrytarkyrkje frå den syrisk ortodokse kyrkja som har 2.600 medlemmer i landet. Også 3.600 koptiske kristne og 9.300 protestantiske kristne levde i 1995 i landet. Men sjølv om dei bruker forskjellige språk i gudstenesta  så er det, bortsett frå dei Jesus-truande jødane, arabisk som er morsmålet for dei aller, aller fleste av dei. Det er berre eit kyrkjesamfunn som har ei særstilling i denne samanhengen: Armenarane.

 


2. Armenarane

2.1 Armenarane i det heilage landet

Cirka ein tiandedel av gamlebyen i Jerusalem ligg bak høge murar innanfor bymurane. Det er få turistar som forvillar seg dit. Det er nesten berre jødar som på veg frå Vest-Jerusalem går forbi her den raskaste vegen frå Jaffaporten til det jødiske kvarteret. Det er berre tre dører som gir tilgang til dette, ei av dei er stengt permanent, ei blir stengt kl. 16 kvar dag og ved den tredje sit det ein portnar nesten døgnet rundt. Porten blir stengt kl. 22 om kvelden. Området er kjernen i det armenske kvarteret i Jerusalem og inneheld eit kloster, Jakobskyrkja, det armenske patriarkatet, ei bibliotek med over 2000 gamle handskrifter, eit museum og bustadområde. I tillegg høyrer eit skuleområdet med ein skule for gutar og jenter og eit teologisk seminar og nokre få hus langs Batei Mahseh, Ararat, St. James og Armenian-Orthodox  Patriarchat road med til dette kvarteret som strekker seg frå Jaffaporten til Sionsporten . Med sirka ein sjettedel[5] av arealet er dette det minste kvarteret i gamlebyen.

Eg får snakke med ein av portnarane Bogehos ”Paul” Shahanian. Han fortel at det i dag er berre 250 til 300 armenarar som bur i kvarteret medan det var 8000 i 1967.  I byen Jerusalem er det cirka 1000 armenske kristne, i Betlehem  500, i Haifa 1000, i Jaffa 1500. I andre byer slik som Ashkelon, er der  berre mindre grupper. I tillegg er det sirka 15.000 armenarar som lever i blanda ekteskap og som har mist kontakta til sine kyrkjesamfunn. Dei er gift med jødar frå den tidlegare sovjetunionen.

Det blir færre og færre armenarar, særleg i Jerusalem. Det er patriarkatet og skulane som held kvarteret i live. Ein student frå Canada som er på veg til biblioteket fortel meg at det er 43 studentar i alderen 15 til 29 år på det teologiske seminaret og at det er eit av berre tre teologiske seminar i Den armensk - apostoliske kyrkja og at dei andre ligg i Armenia og i New York.

Portnaren fortel at dei aller fleste armenarane emigrerar til Amerika og nokre til Europa og Australia. Dei forlet det heilage landet for å ta  utdanning og kjem ikkje att fordi dei ikkje ser ei framtid der og alle har i grunn slekt i utlandet som hjelper dei med emigrasjonen. Frå Bogehos ”Paul” Shahanian får eg også vite at det ikkje er nokon armensk kyrkjegard i Jerusalem, slik at mange armenar blir gravlagd i utlandet og at dette svekkar tilknytinga. Han klagar også over splittinga blant armenarane og saknar eit felles engasjement. Men framleis reiser dei frå landet og det er først og fremst dei gamle som blir att.

I Garo Sandrouni, eit armensk keramikkgalleri  rett ved sidan av porten, treff eg seinare ei dame som har slekt i Noreg. Ho fortel om at Fridtjof Nansen har eit godt namn blant armenarane. Statistikken[6] viser at det er sirka 100 innvandrar frå Armenia i Noreg, men det er vanskeleg å sei kor mange armenarar som bur i Noreg sidan berre ein del av dei kjem frå Armenia og det finns Armenarar i mange land .

 


2.2 Armenia og Armenarane

2.2.1 Det armenske folket

Det er usikkert kor det armenske folket kjem ifrå. Men det som sikkert er at dei i over 2700 år har levd på høglandet sør frå Kaukasus fram til det som i dag blir kalla for Aust-Anatolia , men som frem til 1915 blei kalla for Vest-Armenia.

Det armenske språket er ei sjølvstendig grein i den indogermanske språkfamilien. Det språket som er nærmast i slekt med det armenske er det greske.

På 400 talet var det Mesrob Masjots som skapte det armenske skriftspråket for bibeloversettinga si.

I dag er det cirka 10 millionar Armenarar og berre ein tredjedel av dei lever i Republikken  Armenia. Over 2 millionar bur i Russland , mange også i Syria, Libanon, USA og Iran. Færre er det i Tyrkia, Jordan, Det heilage landet, Irak, på Kypros og i Karabakh-regionen, og det er også større armenske fellesskap i Frankrike, Tyskland, Bulgaria, Hellas, Bulgaria, Australia, Canada ,samt ein del latinamerikanske og arabiske statar.

 


2.2.2 Armenia

Men det er Armenia, høglandet rundt Van-innsjøen og mot Sewan-innsjøen som er heimlandet deira. Det er år 521 før Kristus under Dareios I. at namnet Armenia blir nemnt for første gang på ei innskrift som framleis blander det saman med uratærane. 334 før Kristus invaderer Aleksander den store Armenia og etter denne tida måtte mange armenske fyrstar betale tributt til etterfølgjarane hans.  Kong Artaksias I. (190-159 f.Kr.)  klarer så  å samle Armenia til eit rike og får stadfesta uavhengigheita si av Rom.

Det er ein tradisjon som fortel at to av Jesu læresveinar, Taddeus og Bartolomeus,[7] kom til Armenia i året 60 e.Kr.  for å forkynne evangeliet og at det var folk til og med i kongehuset som tok imot den kriste trua, medan  kongen sjølv forfølgde dei kristne. Begge skal har blitt gravlagd i det som denne gangen var armenske områder, men som i dag ligg i Iran og Tyrkia.

Det stridast om Armenia som stat blei kristna 301 eller 313. Men det er einskap om at dette skjedde gjennom Gregor opplysaren. I 280-årene vant han kongen, Tiridates III. for kristendommen. Det var ein av etterfølgjarane til denne kongen som enten 301 eller 313 bestemte at kristendommen skulle være den offentlege religionen og som på denne måten gjorde Armenarane til det første kristne folket i verda.

Den kristne trua skulle bli viktig for identiteten til armenarane fram til i dag.

Alt  i 451, samstundes som konsilet var samla i Kalsedon, mista armenarane sin statlege suverenitet mot persarane  ved Avaryr.

Sidan den gongen har dei vært ein kasteball mellom forskjellige makter og Landet har vært delt først mellom Persia og Bysants og seinare Osmanane og Russland.

Berre under Bagratidane mellom 885/886 og litt inn på 1000tallet blei det for siste gang eit sjølvstendig kongedøme på det armenske høglandet. Men etter kvart erobra den bysantiske hæren eit fyrstedøme etter det andre, fram til dei tek hovudstaden Ani i 1071. Mange armenarar flytta nå til Lilleasia.

Desse klarer mot slutten av 1000talet å etablere eit eige fyrstedøme i Kilkilia som i skuggen  av korstoga blir forfremja til kongedøme i 1199.  Då Sis hovudstaden til denne staten 1375 blir erobra av dei egyptiske Mamlukane, mista armenarane den siste staten sin fram til etter den første verdskrig.

Gjennom dei russisk-tyrkiske krigane på 1800talet sikra Russland seg kontrollen over Aust-Armenia, medan Vest-Armenia blei under osmansk kontroll. Då det osmanske riket på Berliner Kongress i 1878 mista mykje makt på Balkan blei også situasjonen for armenarane i dette riket verre.[8] Mot slutten av 1800tallet skjedde det fleire pogromar mot armenarar der fleire hundretusen mista eigedom og livet.

Men det som byrja den 24. april skulle overgå alt som hadde skjedd før: ”Armenarane si svarte natt”. Nesten heile den vestarmenske eliten , over 600 stykk blei fengsla: parlamentsmedlemmer, intellektuelle, forfattarar, legar, prestar, journalistar … Seinare blei dei deportert og berre 8 til 10 av dei overlevde heile aksjonen. Og dette skulle berre være starten på det som skulle bli det første genocidet, det første folkemordet på 1900tallet.

Den tvungne massedeportasjonen av osmanske armenarar blei planlagd og organisert av Ungtyrkane som sidan 1908 sat i  nøkkelposisjonar i det osmanske riket. Armenarane blei sendt i sirklar i ørkenen fram til dei døydde av svolt og tørst. Det stridast om kor mange armenarane som omkom under deportasjonane. Medan tyrkarane fram til i dag nektar folkemordet og påstår at det berre var 300 000 vestarmenarar som omkom under første verdskrig[9], skriv andre kjelder om opp til 2 millionar døde armenarar. Den tyske presten orientalisten Johannes Lepsius som allereie tidleg på slutten av 1800tallet hadde engasjert seg for armenarane og som 1918 på oppdrag frå det tyske UD skulle undersøke den tyske posisjonen til armenarane, skriv at det etter statistikken hans var 1 845 000 armenarar i det osmanske og at 244 000 av desse klarte å flykte, medan 1 396 350 ble deporter eller døde.[10]

Nokre av armenarane fann denne gongen tilflukt i det heilage landet.

Dokumenta til Lepsius og besøket på ein armensk barneheim i Syria,  inspirerte den tysk-bøhmiske, jødiske forfattaren Franz Werfel, til å skrive sin kjente roman: Die „Die vierzig Tage des Musa Dagh“[11] som handlar om 5 000 armenarar som klarer å rømme på Mosefjellet, Musa Dagh,  og der dei fleste blir berga til slutt. Det var denne romanen som blei publisert i 1933 som klarte å skape merksemd om det som hadde skjedd med armenarane i heile verda. Den gjorde også eit sterkt inntrykk på meg. Ein armensk prest sa eingong om den: „Vi var ein nasjon, men det var først Franz Werfel som gav oss ei sjel.“[12]

Som følgje av første verdskrig klarte armenarane i det russiske Aust-Armenia mellom 1918 og 1920 for første gang på fleire hundre år å etablere sin eigen stat: Den demokratiske republikken Armenia. Fredsavtalen frå Sèvres[13] i 1920 skulle sikre ein armensk stat beståande av både Aust- og Vest-Armenia.  Men då tyrkarane mot slutten av dette året invaderte Armenia, bad kommunistane om hjelp frå Moskva.  Den raude armeen invaderte resten av landet og Armenia blei som ein del av den Transkaukasiske sosialistiske sovjetrepublikken og ein del av sovjetunionen. I freden frå Lausanne 1922 fekk tyrkarane gjennomslag for det meste og Armenia blei redusert til ein liten rest.

Frå midten av 1920åra engasjerte Fridtjof Nansen seg sterkt for Armenia og dei armenske flyktningane.

Den 5. desember 1936 blei Armenia ein eigen sovjetrepublikk.

Den 7. desember 1988 øydela eit sterkt jordskjelv store deler av Armenia, men den 21. september  1991 blei det  igjen etablert ein suveren armensk stat: Republikken Armenia. Til tross for konflikten om Karabakhregionen ser denne ut til å bli. Medan det i 1920 berre levde 780.000 menneske i dagens Armenia, er det i dag over 3,3 millionar. I 2009 blei grensa mellom Armenia opna og det ser ut som om forholdet mellom dei to statane er på veg mot ei normalisering. Sjølv om landet framleis er nokså avhengig av dei emigrerte armenarane, særleg i Russland og USA, så har det  i åra mellom 2001 og 2008, vore vekst i næringslivet i landet med 13 %[14] for året.

 


2.3. Den armenske kyrkja

2.3.1 Den armensk apostoliske kyrkja

Kyrkja som i 1700 år har gitt armenarane samhald og nasjonalt identitet har fått mange namn : Den armenske kyrkja, Den armensk-gregorianske kyrkja,  Den armensk-ortodokse kyrkja eller den armensk-apostolske kyrkje.

Opphavleg og sidan landet vart kristna på 300talet var kyrkja kyrkjesamfunnet i Armenia. Men då fleire og fleire av armenarane måtte reise frå heimlandet sitt heilt  til Tibet og seinare til andre kontinenta, vart den ei kyrkje for armenarane. I alle dei åra utan eigen stat var det religionen, kyrkja som kunne gi armenarane ein identitet. Og dei sjølv føretrekke å kalle  kyrkja for den armensk-apostolske kyrkja[15], ikkje sidan dette viser opphavet hjå apostlane Taddeus og Bartelomeus og  til at kyrkja blir rekna som den eldste nasjonalkyrkja.

Den armensk-apostolske kyrkja blir rekna som ei av dei 5 orientalsk-ortodokse kyrkjene slik som Den koptiske, Den syriske, Den etiopiske og Den indisk-ortodokse kyrkja. Desse kyrkjesamfunna blei også kalla for monofysitiske eller  ikkje-kalsedonske kyrkjer, sidan dei ikkje godtok konsilet i Kalsedon i 451. Grunnen til dette var for armenarane først og fremst politiske. Dei kunne ikkje være med på konsilet sidan dei same året mista staten sin i slaget ved Awarayr. I denne situasjonen klarte dei ikkje å fatte dei detaljane og finessane som den romerske og den bysantinske kyrkja krangla om.[16] Dei godtok aldri monofysittismen til Eutyches, men dei godtok heller ikkje konsilet i Kalsedon. At dei gjorde det hadde vel ikkje minst politiske grunner. Dei låg nå under persisk eller seleukidisk herredøme og ville avgrense seg mot Bysants for å ikkje bli mistenkt som bysantinske agentar.  Først etter 1500 i 1989/90 kunne i alle fall dei ortodokse og dei orientalsk-ortodokse overvinne denne splittinga.[17] Og med den romersk-katolske kyrkja er ein prosess på gang som liknar på dialogen før dei ortodokse og dei orientalsk-ortodokse vart einige.[18]. Sjølv om det ikkje finns formelle erklæringar[19]: Det ser ut som om ein har blitt einige i  det at skismaet etter Kalsedon har grunnlag i forskjellige interpretasjonar av forskjellige ord, eller for å sei det rett ut: på misforståingar.[20]

Overhovudet til Den armensk apostoliske kyrkja har titelen Katolikos. Setet til det geistlige overhovudet for armenske har vanlegvis vært der, der det fants eit verdsleg overhovud eller i alle fall ein fyrste. Difor flytta katolikosen setet sitt 485 frå Echmiadzin til Divin, 898 til Joravank,  929 til Altmar, seinare til Argina, Ani, Camndaw, Sjur, Covk eller Tluk, Hromklay og 1293 til Sis hovudstaden for det armenske kongeriket i Kilikia[21]. Då ein i 1441 etter oppløysinga av det kilkilske kongeriket vedtok å flytte katolikosen frå Sis att til Echmiadzin nekta den aktuelle katolikos Gregor Musabegian å flytte og det blei valt ein ny katolikos i Echmiadzin som sidan denne gongen bruker tittelen ”Katolikos … i Echmiadzin og for alle armenarar”  Sidan den gongen har kyrkja to Katolikoser, ein i Echmiadzin og ein i Antelias ved Beirut der katolikosen for Kilkilia i 1929  fekk etablere seg på nytt etter folkemordet på armenarane i Tyrkia. I dag er dei einige om katolikosen for Kilikilia er juridisk suveren, men at katolikosen i Echmiadzin er det geistlige overhovudet for kyrkja.

I tillegg har kyrkja to patriarkar som står under katolikosen i Echmiadzin:

Då katolikosen i for Kilkilia i Sis i 1307 hadde langt på veg gått den romerske kyrkja i møte , søkte den armenske biskopen i Jerusalem sultanen om å bli patriark for armenarane og alle dei andre ikkje-kalsedonske kristne i det heilage landet og fekk godkjenning for det.

Då osmanane hadde erobra Konstantinopel ynskte sultanane ei motvekt i den armenske kyrkja mot Katolikosen i Echmiadzin under persisk herredøme og ein representant for dei ikkje- kalsedonske kristne i rikets hovudstad og godkjente difor den armenske biskopen i Konstantinopel som patriark.

 


2.3.2 Den armensk katolske kyrkja

Den armensk apostoliske kyrkja er i dag ikkje det einaste kyrkjesamfunnet som feirar gudsteneste etter den armenske riten. Det finns også ei armensk katolsk kyrkje med mellom 344.00[22] og 540 000 medlemmer[23]. Det armenske kongeriket i Kilkilia hadde gode kontaktar til Europa og den romerske kyrkja. I 1307 vedtok synoden i Sis ein union med den romerske kyrkja som leia til ei latinisering av den armenske kyrkje og som leia til større protester blant anna i Jerusalem. Unionen blei stadfesta i Adana i 1316 og Sis i 1342. Men frå 1344 blei motstanden sterkare og sterkare slik at ein på ei synode i Sis 1361 vedtok å avslutte unionen. Kyrkja gjekk etter det i sterkare grad tilbake  til sine armenske røter. I 1439 gjekk ein armensk delegasjon på konsilet i Firenze med på ei ny union, men den blei aldri godkjent  av den armenske kyrkja. Først i 1740 gjekk fire armenske bispedøme inn i ein varig union med den romerske kyrkja og paven forfremja ein av biskopane til patriarken av Kilkila. Allereie i 1750  blei setet for dette patriarkatet flytta til klosteret Bzommar i Jounieh ved Beirut i Libanon. I 1867 blei patriarkatet flytta til Istanbul. I 1870 etter det første vatikanske konsilet gjekk fleire medlemmer av den armensk katolske kyrkja over til den armensk apostoliske kyrkja. Under folkemordet 1915-1922 døde cirka 100.000 armensk katolske kristne og halvparten av prestane. I 1928 tok patriarken igjen setet sitt i Bzommar.

Det armensk katolske patriarkatet har ein filial i Jerusalem[24] og eit kapell[25]. Begge kyrkjesamfunna, det armenskapostoliske og det armensk katolske samarbeider godt til det beste for det armenske fellesskapet[26]. Portnaren fortel at den armensk - apostoliske patriarken og den armensk – katolske presten i Jerusalem også er gode venner som personar.

 


2.4. Spor etter armenarane i det heilage landet

Portnaren fortel om tradisjonen[27] som seier at armenarane kom til det heilage landet som ein del av den 10. romerske legionen under den første jødiske krigen og at dei allereie den gongen fekk det som i dag er det armenske kvarteret like att med Sitadellen.

Det er dokumentert at armenarane er til stades i Jerusalem sidan 254[28] og på det meste var det 25.000 av dei i Jerusalem . Den armenske alterboka frå Jerusalem frå 417-439 dokumenterer armensk gudstenesteliv i byen på 400talet. Frå  500tallet til 700talet skal det har vært 70 armenske kloster i landet[29] Sidan 637/638 er det dokumentert at armenarane har sin eigen biskop i Jerusalem som følgje av striden etter konsilet i Kalsedon. Men først etter ein intern armensk konflikt om ei union med Rom tok biskop Sarkis 1311 titelen patriark som han fekk godkjent av sultanen.

 


2.4.1 Det armenske kvarteret i Jerusalem

Det armenske kvarteret er kanskje det mest opphavlege kvarteret i gamlebyen i Jerusalem. Det blei laga med ganske mykje plass mellom bygningane, og større plass og tun enn dei andre kvartera har i dag.

Bygningen til Gulbenkian[30] biblioteket ligg rett ved sidan av museet. Den blei i 1929 grunnlagd av oljemagnaten Calouste Gulbenkian og har som eit offentleg bibliotek sirka 100 000 bøker. I tillegg finns det eit bibliotek med 4000 gamle handskrifter. Den armenske kunsten hadde i mindre grad enn den bysantinske kunsten fokus på ikonar, men eit stort fokus på illustrasjon av bøker. Dette gjer desse bøkene og handskriftene til ein eineståande kulturskatt. Biblioteka bruker i dag også Jakobskapellet og kapellet til den egyptiske helgen Menas som arkiv for sine mange handskrifter, bøker, tidsskrifter og avis frå mange hundre år.

I naboskapet til biblioteket ligg skulen og det teologiske seminaret som bli brukt  av sirka 300 elevar og i dag 43 studentar. Seminaret blei grunnlagd i 1843 og ligg nå i eit hageområdet på den andre sida av   Armenian Orthodox Patriarchate road.

Mardigianmuseet for armensk kunst og historie ligg rett ved sidan av biblioteket og har vært stengt dei siste to åra på grunn av  rehabilitering av bygningen. Museet viste i 2005 ei utstilling over armensk kunst og ei over armensk historie med særleg fokus på folkemordet.

Jakobsklosteret med Jakobskatedralen er sentret for armenarane i Jerusalem og som ligg i det armenske kvarteret. Klosteret er stengt for besøkande utanfrå, men kyrkja blir opna ein halv time kvar dag kl. 15.00.til ettermiddagsgudstenesta for det teologiske seminaret  Jakobskatedralen er ein del av bygningskomplekset til det armenske klosteret, og  er ei kyrkje med ei historie på over 1600 år. Slik som den står fram i dag er den ei middelalderkyrkje der bygginga starta på 900talet. Den er sete til den armensk apostoliske patriarken for Jerusalem. Bispetrona hans ligg i kyrkja. Kyrkja er pynta med dei typiske armenske krossrelieffa, som viser Jesu liv og kyrkjehistoriene. I kyrkja skal hovudet til den første martyren blant apostlane ligge: Jakob broren til apostelen Johannes og sonen til Sebbedeus som skal ha blitt avretta i 44 etter Kristus på ordre frå Herodes Agrippa. Resten av apostelen skal ligge i Santiago de Compostela.  Også Jakob, broren til Jesus og den første biskopen i  Jerusalem, skal være gravlagd i kyrkja. Bispetrona hans står i kyrkja og blir brukt av patriarken ein gong for året. Bileta i kyrkja viser kristne martyrar og dommedagen.

Armenarane har ingen ikonostasi framfor alteret. Dagens inngang til kyrkja var opphavleg ein sideinngang for munkane prestar og studentar, medan den tidlegare hovudinngangen ikkje er i bruk lengre.

Erkeengelkyrkja aust for klosteret er i praksis ikkje tilgjengeleg for utanforståande.

Den viktigaste bygningen i det tidlegare frelsersklosteret rett utanfor Sionsporten er mogeleg eit av  husa til Kaifas. Klosteret er omgitt av ein stor gamal kyrkjegard.

 


2.4.2 Armenarane ved dei heilage stadane

Då sultanen Abdul Majid i 1852 skreiv ned kva som var ”Status Quo”, den aktuelle tilstanden, fekk armenarane stadfesta at dei var ein av dei ”three major rites”[31], ein av dei tre hovudkonfesjonane, ved sidan av dei gresk ortodokse og dei romersk-katolske  som alltid skulle takast med i forvaltninga av dei heilage stadane.

Sjølv om det skal ha vært ei tid der armenarane forvalta gravkyrkja åleine, så er  det området som dei forvaltar i dag forholdsvis lite. Dei forvaltar Helenakapellet, som på armensk blir kalla for kapellet til Gregor opplysaren. I tillegg eig dei ”det andre Golgata” eit område med eit galleri rett til venstre frå hovudinngangen.

I fødselskyrkja i Betlehem eig armenarane eit område til venstre frå hovudalteret i den ortodokse basilikaen og deler alteret med dei gresk ortodokse. Dette skaper ofte konflikt mellom dei 2 armenske prestane med sine 4 diakonar og dei gresk ortodokse geistlige, som av og til også kan bli voldelege. Prestane og diakonane bur i det armenske klosteret som er bygt  til kyrkja på sørsida. Saman med dei to andre konfesjonane har armenarane likt tilgang til og eigarskap i fødsleskvelvet og vestibylen til kyrkja.

Også Mariakyrkja ved hagen Getsemane[32] deler armenarane med dei gresk-ortodokse.

I Himmelferdskyrkja på Oljeberget har armenarane den same statusen som grekarane og romarane og eig eit stort alter der. I tillegg eig armenarane pottemakaren sin åker, Haceldama (Hagg ed Dumm), sør frå gamlebyen og to kloster i Jaffa og Remla.

 


3. Israel og Armenarane

3.1. Det armenske folket og det jødiske folket

Armenarane i Jerusalem lever i dag under jødisk herredøme. Det som gjer denne situasjonen spesielt er at begge folka er dei to europeiske[33] folka som i løpet av 1900tallet har vært utsett for kvart sitt folkemord. Både armenarane og jødane har opplevd eit genocid. Nokre meinar at folkemordet på armenarane var utganspunktet for det som skjedde med jødane[34], og sjølv om begge folka mista mellom 25% og 30% av  folket i desse hendingane, er det vanskeleg å samanlikne. Medan jødane budde i diaspora blant dei andre folka, budde mange armenarar i det som i over 2000 hadde vært armensk land, og medan jødane fekk  staten sin forholdsvis tett etter folkemordet, blei armenarane svikta og måtte vente i over 70år før dei satt att med ein liten reststat. Det kan berre bli feil å samanlikne Shoa med folkemordet på armenarane, men likevel gjer det som begge folka har vært utsett for, til noko spesielt, sjølv om staten Israel med omsyn til det gode forholdet til Tyrkia framleis fornektar folkemordet på armenarane[35].

 


3.2. Situasjonen til dei armenske i Jerusalem i dag

Også Armenarane i det heilage landet er trua av emigrasjon: i 1940åra var det omtrent 15.000 armenarar i Palestina[36]. I dag er det ikkje ein gong 5.000. Mange flytta fordi dei ikkje ville bli dratt inn i konflikten mellom israelarane og arabarane. I Jerusalem bur det i dag 2.000 armenarar, 1.500 av dei i det armenske  kvarteret. Talla varierer veldig i dei forskjellige kjeldane, men trenden er eintydig i alle: Talla går dramatisk ned. Årsakene til det kan ligge i den politiske situasjonen i det heilage landet, men kanskje også i betringa av situasjonen i Armenia. Mange av dei blir behandla som palestinarar[37]. Etter samanbrottet av sovjetunionen var det fleire tusen etniske armenarar som flytta til Israel, men dei er ikkje med i det armenske fellesskapet. Dei er ofte gift med sovjetiske jødar og assimilerar seg. Armenarane i Jerusalem og det heilage landet er eit lite fellesskap og det er også noko som truar dei: Dei må nesten gifte seg utanom det armenske fellesskapet og blir på denne måten assimilert bort. Også det forholdsvis gode forholdet som Israel har til Tyrkia[38] er ikkje uproblematisk samstundes som situasjonen i Armenia i mange år har blitt betre.

Det står att å sjå om armenarane i det heilage landet overlever, men landet hadde blitt fattigare om dei hadde blitt borte.

 


Litteratur

Ateek, Naim Stifan: Justice and only Justice. New York 1989

Mæland, Jens Olav: Glemt av sine egne. Rapport frå de kristnes situasjon i Det hellige land. Oslo 2009

Benhayim, Menachem: The Messianic Movement in Israel. A Personal Perspective (1963-1998). I Mishkam 28/1998

Kirkemøtevedtak i sak 09/08 Kyrkjene i Midtausten og vårt ansvar

Krikorian, Mesrob K.: Die Armenische Kirche. Frankfurt/Main 2007.

Hintlian, Kevork: History of the armenians in the holy land, Jerusalem 1989.

Schmalz-Jacobsen, Cornelia; Hansen, Georg: Kleines Lexikon der ethnischen Minderheiten in Deutschland. Bonn 1997.

Brentjes, Burchard; Mnazakanjan, Stepan; Stepanjan, Nona: Kunst des Mittelalters in Armenien.Berlin 1981.



[1] http://www.cbs.gov.il/shnaton60/st02_02.pdf

[2] http://uk.reuters.com/article/idUKTRE5491FH20090510

[3] Mæland s.128

[4] Tall frå Mærland s.98

[5]http://www.hyeetch.nareg.com.au/religion/h_see_p7.html

[6] http://www.ssb.no/emner/02/01/10/innvbef/tab-2009-04-30-05.html

[7] Krikorian s.22

[8] Krikorian s.39

[9] http://www.aftenposten.no/nyheter/uriks/article1291578.ece

[10] Krikorian s.49

[11] «Førti dager på Musa Dagh» -

[12] Alma Mahler- Werfel: Mein Leben, Frankfurt 1963  S. 275

[13] Krikorian s.54- 58

[14] Mens det i 1920 verre levde 780.000 mennesker i dagens Armenia er det i dag 3,3 millionar.

[15] Krikorian s.22

[16] Krikorian s.31

[17] Krikorian s. 154-158

[18] Krikorian 191-193

[19] Krikorian 193

[20] Ein er på veg mot kvarandre: Blant anna blei dei latinske patriarkatane for Konstantinopel, Antiochia og Alexandria nedlagd.

[21] Krikorian s.100

http://www.damian-hungs.de/Unierte%20Ostkirchen%20III..html

http://www.pro-oriente.at/?site=ok20050119140732

[24] Ved den tredje stasjonen til korsvegen langs via dolorosa.

[25] Den fjerde stasjonen på via dolorosa.

[26] http://www.mfa.gov.il/MFA/Facts+About+Israel/People/Focus+on+Israel+-+The+Christian+Communities+of+Isr.htm og http://www.livius.org/le-lh/legio/x_fretensis.html

[27] http://www.jewishvirtuallibrary.org/jsource/Archaeology/Citadel.html

[28] http://www.armenian-patriarchate.org/page2.html og Hintlian s. 1

[29] Krikorian s. 98 og http://66.208.37.78/index.jsp?sid=1&id=67&pid=12

[30] http://www.armenian-patriarchate.org/page11.html

[31] Himtlian s. 40.

[32] Som var synleg i eit hjørnet frå den hagen med den gruppa som vi besøkte.

[33] Sjølv om Armenia ligg sør frå Kaukasus, dvs. geografisk i Asia reknes Armenia politisk som ein del av Europa og er difor medlem av Europarådet .

[34] http://www.hagalil.com/archiv/2005/04/armenier-1.htm

[35] http://www.zentralrat.org/de/node/474

[36] http://www.hagalil.com/archiv/2005/04/armenier-1.htm

[37] http://zeitkritiker.de/index.php/regierungen/geostrategie/280-israel-kann-die-existenz-des-ersten-holocaust-nicht-laenger-verleugnen

[38] http://www.n-tv.de/politik/dossier/Israel-haelt-still-article148543.html