Beitragsseiten

 

1.     Innleiing

Telefonen ringer. Det er politiet. Det gjeld eit dødsbod. Som vanleg er det framleis ein god del ting som er uavklart, men dei er temmeleg sikker på kven det er og nå skal presten ut og varsle familien om dødsfallet. Men det er ein ting som får presten til å stusse: Namna til både den avdøde og familien. Dei er ikkje norske, ikkje polske eller tyske heller. Presten spør etter og mistanken blir stadfesta: Familien kjem frå eit muslimsk land. Det er ikkje sikkert at dei er muslimar, men det er mykje som tyder på at dei kan være det … Uansett: Presten har ei tenesteordning og der står det at han skal ut og gå med dødsbod uansett kven den avdøde og dei pårørande er.

Eg har ennå ikkje vært i denne situasjonen, men det er nok ikkje heilt usannsynleg at før eller sidan så kjem  denne situasjonen til å møte meg.  Tall frå SSB viser at det i 2010 var nesten 100 000 muslimar[1] som er medlem av eit muslimsk trussamfunn. Men dette er berre dei aktive og registrerte muslimane. Mange innvandrarar  frå muslimske land er ikkje medlem av eit muslimsk trussamfunn, men har islam som ein del av identiteten og kulturen sin. Kor mange menneske med muslimsk religionstilhøring det er som lever i landet er ”vanskelig å anslå”[2], men det er nok ikkje heilt feil å rekne med at ein reknar med opp til 190 000 menneske i Noreg som har muslimsk kultur som ein del av sin bakgrunn. [3] Dette er nesten 4 % av befolkninga, og sjølv om dei fleste av dei bur i Oslo og dei andre storbyane så finn ein muslimar etter kvart også på landsbygda.  Prester bør difor rekne med å bli kalla ut med dødsbod[4] også til muslimske familiar. Når dette skjer er det i praksis ofte dårleg tid og difor ynskjer eg å reflektere over dette spesielle møte med muslimar og korleis ein kan unngå vanskelege situasjonar i dette møtet. Kanskje kan både eg og andre etter kvart dra nytte av desse refleksjonane  når ein får ein slik telefon.

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (110613 Eit møte i sorg.pdf)110613 Eit møte i sorg.pdfEi hjelp i nauden - eit møte i sorgMichael Hoffmann1080 KB