Drucken

Oppgåve

Kyrkja i møte med muslimar i Norge (TFF 4526)

 Av
Michael Hoffmann

 Haramsøy
2011

 


Innhald

 1.      Innleiing.   08D0C9EA79F9BACE118C8200AA004BA90B02000000080000000E0000005F0054006F0063003200390035003600360035003500330036000000

2.      Metode og litteratur.   08D0C9EA79F9BACE118C8200AA004BA90B02000000080000000E0000005F0054006F0063003200390035003600360035003500330037000000

3.      Situasjonen møter meg.   08D0C9EA79F9BACE118C8200AA004BA90B02000000080000000E0000005F0054006F0063003200390035003600360035003500330038000000

3.1.       Eg som person.   08D0C9EA79F9BACE118C8200AA004BA90B02000000080000000E0000005F0054006F0063003200390035003600360035003500330039000000

3.2.       Eg som prest.   08D0C9EA79F9BACE118C8200AA004BA90B02000000080000000E0000005F0054006F0063003200390035003600360035003500340030000000

3.3.       Eg som mann eller kvinne.   08D0C9EA79F9BACE118C8200AA004BA90B02000000080000000E0000005F0054006F0063003200390035003600360035003500340031000000

4.      På veg til familien.   08D0C9EA79F9BACE118C8200AA004BA90B02000000080000000E0000005F0054006F0063003200390035003600360035003500340032000000

4.1. Kven er ”dei”?.   08D0C9EA79F9BACE118C8200AA004BA90B02000000080000000E0000005F0054006F0063003200390035003600360035003500340033000000

4.2.       Korleis  kome i kontakt med dei pårørande.   08D0C9EA79F9BACE118C8200AA004BA90B02000000080000000E0000005F0054006F0063003200390035003600360035003500340034000000

5.      I møte med familien.   08D0C9EA79F9BACE118C8200AA004BA90B02000000080000000E0000005F0054006F0063003200390035003600360035003500340035000000

5.1.       Å møte familien.   08D0C9EA79F9BACE118C8200AA004BA90B02000000080000000E0000005F0054006F0063003200390035003600360035003500340036000000

5.2.       Død, sorg og tabu.   08D0C9EA79F9BACE118C8200AA004BA90B02000000080000000E0000005F0054006F0063003200390035003600360035003500340037000000

5.3.       Gravferd.

6.      Konklusjon.   08D0C9EA79F9BACE118C8200AA004BA90B02000000080000000E0000005F0054006F0063003200390035003600360035003500340039000000

7.      Bibliografi

08D0C9EA79F9BACE118C8200AA004BA90B02000000080000000E0000005F0054006F0063003200390035003600360035003500350030000000

 


 

1.     Innleiing

Telefonen ringer. Det er politiet. Det gjeld eit dødsbod. Som vanleg er det framleis ein god del ting som er uavklart, men dei er temmeleg sikker på kven det er og nå skal presten ut og varsle familien om dødsfallet. Men det er ein ting som får presten til å stusse: Namna til både den avdøde og familien. Dei er ikkje norske, ikkje polske eller tyske heller. Presten spør etter og mistanken blir stadfesta: Familien kjem frå eit muslimsk land. Det er ikkje sikkert at dei er muslimar, men det er mykje som tyder på at dei kan være det … Uansett: Presten har ei tenesteordning og der står det at han skal ut og gå med dødsbod uansett kven den avdøde og dei pårørande er.

Eg har ennå ikkje vært i denne situasjonen, men det er nok ikkje heilt usannsynleg at før eller sidan så kjem  denne situasjonen til å møte meg.  Tall frå SSB viser at det i 2010 var nesten 100 000 muslimar[1] som er medlem av eit muslimsk trussamfunn. Men dette er berre dei aktive og registrerte muslimane. Mange innvandrarar  frå muslimske land er ikkje medlem av eit muslimsk trussamfunn, men har islam som ein del av identiteten og kulturen sin. Kor mange menneske med muslimsk religionstilhøring det er som lever i landet er ”vanskelig å anslå”[2], men det er nok ikkje heilt feil å rekne med at ein reknar med opp til 190 000 menneske i Noreg som har muslimsk kultur som ein del av sin bakgrunn. [3] Dette er nesten 4 % av befolkninga, og sjølv om dei fleste av dei bur i Oslo og dei andre storbyane så finn ein muslimar etter kvart også på landsbygda.  Prester bør difor rekne med å bli kalla ut med dødsbod[4] også til muslimske familiar. Når dette skjer er det i praksis ofte dårleg tid og difor ynskjer eg å reflektere over dette spesielle møte med muslimar og korleis ein kan unngå vanskelege situasjonar i dette møtet. Kanskje kan både eg og andre etter kvart dra nytte av desse refleksjonane  når ein får ein slik telefon.


2.     Metode og litteratur

Eg skal ta utgangspunkt i den praktisk-teologiske metoden[5]. Dvs. at eg går ut frå den aktuelle kyrkjelege praksisen og undersøker den gjennom at eg reflekterer over den med både eit  kulturelt og eit teologisk perspektiv, før eg ynskjer å kome med nokre forslag om korleis ein eventuelt kan unngå vanskelege situasjonar.

Eg har ikkje klart å finne litteratur om dette temaet. Det eg har klart å finne av litteratur er spesialoppgåva i teologi til Sindre Stabell Kulø ”om presters erfaring og holdninger til å gå med dødsbudskap. ” I tillegg til dette har eg 3 tyske bøker om møte med muslimar i helsevesenet.  Det er nok ikkje alt i desse bøkene som er relevante, men eg fann mykje godt og relevant der. Ei siste skriftleg kjelde ved sidan av artiklar på internettet og pensumlitteraturen  er ei brosjyre om ”Døden i islam”[6] som er utgjeven  av det islamske gravferdsbyrået ”al-Khidmat” som er medlem av ”Islamsk Råd Norge”.  I tillegg kjem også mi eiga erfaring både frå Noreg, Tyskland, reiser til og den tida eg levde i muslimske land. Likevel skal eg fortrinnsvis bruke eksemplar frå bøkane sidan eg er prest på ein liten plass og må passe på teieplikta mi for kunne ta vare på dei som bur her og dei eg møter slik at ingen av dei kan identifiserast.

Eg skal ikkje sjå på heile situasjonen med ein gong, men heller gå steg for steg og ta refleksjonane og ein førebels konklusjon ved det enkelte steget før eg vil framheve nokre funn i oppsummeringa.


3.     Situasjonen møter meg

Det er eg som får telefonen. Det er meg dødsbodet møter først før eg skal bringe det vidare. Det er eg som skal gå med dødsbodet, men kven er eg i denne situasjonen?  Det  er særleg tre aspekt som eg ser på som viktig i denne samanhengen: Eg er meg sjølv som person med mine holdningar og mine erfaringar. Eg er prest og  samstundes ein representant for det største trussamfunnet i Noreg og ein representant for styresmakta i landet  og skal gi melding til politiet om utført varsling. Men eg har også eit kjønn. Eg er ein mann og det er nok ein større forskjell for muslimar om det er ein mann eller ei kvinne som ringer på døra.


3.1.          Eg som person

Når eg går med dødsbod er det meg sjølv som eg har med meg. Eg har mine erfaringar og mine  holdningar med meg og det er viktig å være bevisst på dei slik at eg kan handtere dei.

Det er stor forskjell på om eg er på ferie i eit muslimsk land eller om eg møter muslimar som har heimen sin i Noreg og som må kanskje høyre noko av det tristaste ein kan tenkje seg på denne jorda: Nokon av dei har plutseleg blitt reve bort frå dei. Når eg går inn i dette møtet skal eg  ta vare på meg sjølv, men eg skal først og fremst ta vare på dei eg møter, dei er medmenneska mine.

Når eg skal  eit kanskje ganske intens møte med ein anna kultur bør eg prøve å setje meg sjølv i stand til å være sensitive. Kor er min eigen mellomkulturelle kompetanse?[7] Kor stor Ambiguitetstoleranse har eg? Kor mykje dissens klarer eg å halde ut? Kor empatisk kan eg være i dette møte, kva kan hindre empatien? Kor  mykje kan eg kommunisere, bygge opp og halde relasjonen? Kor mykje veit eg verkeleg om kulturen som eg skal møte? : Opphavet i ein bestemt kultur. Hijab eller skjegg er nok ingen tydelege teikn på kor religiøse dei som eg  skal møte er.[8] Klarer eg å være observante på meg sjølve? Kor kan eg møte mine eigne holdningar i staden for dei pårørande. Kva er holdningane mine? Kor disiplinert er eg? Slik at ikkje eg sjølve hamnar i sentrum, men dei pårørande kan bli der.

Eg skal kommunisere og for ” å kunne kommunisere konstruktivt og åpent både med og uten ord kreves en oppmerksom holdning, en bevissthet og en vilje til å se både seg selv og de(n) andre.”[9]


3.2.          Eg som prest

Mellomkyrkjeleg råd gav i 2006 ut ei ”Veiledning i religionsmøtet”. Å gå med dødsbod er nok ingen klassisk religionsdialog eller religionsdialog, men vi møter menneske med ei anna tru og mange av dei holdningane vil også gjelde i dette spesielle møtet.[10] Dokumentet er nok ikkje direkte tenkt til ein slik unntakssituasjon som eit dødsbod, men det kan være godt å bli minna på nokre av holdningane frå denne vegleiinga. Eg bør skaffe meg kunnskap men ikkje la denne kunnskapen stenge for at eg kan møte menneske. Eg møter menneske med sine eigne kulturelle og religiøse tradisjonar som kan gi dei hjelp og støtte i denne vanskelege situasjonen. Eg møter ikkje ”muslimane”.  Eg skal møte dei fordi eg er ” en person som har evnen til å takle menneskers sorgerfaringer”[11] .  Eg skal ha tid ”Den tid de ønsker av meg, den gir jeg! ”[12]

Eg utsetter meg med dette for risiko og gjer meg sjølv sårbar sidan dette møtet kan være utryggt for både meg og familien. Men eg er prest og representant for ein majoritetsreligion og eg kan ikkje definere korleis dei har det, men eg kan møte dei og eg kan hjelpe dei. Om eg møter praktiserande muslimar, så er heile livet deira religiøst, dei ”beveger seg alltid på eit religiøst område”[13]. Dei opplever det ofte som godt ”at den som kom med dødsbudskapet visste hva det var å tro på Gud.”[14] Slik som leger[15] nyter også både prester og imamar høg respekt i det muslimske kulturromet, høgare respekt enn vi ofte er vante med. Men vi er også representantar for styresmakta. Mange muslimar ”frå Balkan og land som Iran, Irak og Somalia”[16] kom til Noreg som flyktningar og asylsøkarar og har til dels svært vanskelege erfaringar med nettopp styresmakta både i heimlandet, under reisa og under prosessen om å få kunne bli her i landet. For nokre er opphaldet kanskje ennå ikkje sikra. Ut frå eiga oppleving kan eg stadfeste at dei skjeldent har den same tiltru til samfunnet og staten som vi og det kan difor være vanskeleg for dei å sleppe ein representant for øvrigheita inn hos seg, som til og med skal gi melding til politiet. Dei kan ha opplevd overgrep frå politiet, mens dei færraste har blitt utsett for aggressiv misjonsverksemd. Det kan difor være ein klar fordel å kome som prest, dvs. med rundsnipp.


3.3.          Eg som mann eller kvinne

Eg har også eit kjønn og dette har i den muslimske kulturen  større vekt enn i den ganske likestilte norske kulturen. Også koranen tar utgangspunkt i at både mann og kvinne er skapt av gud[17], og får likelønn for fromleiken sin[18]. men rollene[19] og rettane er definert nok så forskjellige både i koranen[20] og gjennom hadithane[21]. Kulturen i den enkelte familie kan igjen være forskjellig frå dette.[22] Sjølv om eg først og fremst er prest når eg går med dødsbod så har dette også eit kjønnsperspektiv. Når menneske møtast  ” har de med et kjønnsperspektiv hvis de reflekterer over hva det betyr/har betydd for dem at de er kvinne eller mann i forhold til erfaringene de har med sin tro og i sitt troende fellesskap.”[23] Kjønnet er av praktisk betyding når eg går inn i eit møte med ein muslimsk familie. Det eg bør har som mål frå mi side er kjønnsrettferd, som eit ” ideal som innebærer at kvinner og menn har den samme friheten og retten til å bestemme over egne liv, til ikke å bli diskriminert, og at de har lik rett til deltakelse. Det slår også fast retten til personlig integritet som avgjørende for opplevelse av likestilling.”[24] Uavhengig om presten er mannleg eller kvinneleg bør ein difor være open for å respektere at dei enkelte medlemmane i familien bestemmer sjølv i kor stor grad dei vil halde seg til tradisjonen sin og i kor stor grad dei vil gå bort frå den. Uansett må eg ta vare på deira personleg integritet. Eg skal som oftast formidle bodskapen i heimen, dvs. at eg rørar ved den territoriale integriteten deira og bodskapen som eg skal bære fram vil også røre ved deira psykisk integritet for berre å nemne to aspekt av den personlege integriteten. Det er difor viktig at eg er observant på at ikkje eg som person i tillegg til dette rører ved denne integriteten. Difor bør eg oppføre meg som ein gjest som respekterar tradisjonane i familien og ikkje blir irritert over dei, sjølv om dei er framande og uforståeleg for meg.  I følgje den islamske tradisjonen[25] skal ikkje ei kvinne og ein mann som ikkje er i slekt med kvarandre opphalde seg åleine i same rom. Når eg går med dødsbod må eg rekne med å treffe både enkeltmenneske av det andre kjønnet eller fleire medlemmer av familien. Det  vil difor alltid være ein fordel å gå i lag med nokon av det andre kjønnet[26], dvs. ein kollega, ein diakon eventuelt også ein tolk. Hovudformålet med dette er å respektere dei vi møter, men også utover dette ved dødsbod til norske familiar har eg gjort gode erfaringar med dette. Menn og kvinner er forskjellige og dei har ofte forskjellige gåver slik at dei er betre til å ha fokus på forskjellige område og forskjellige menneske.


4.     På veg til familien

Det er dramatisk for ein familie når presten står framfor døra med dødsbod. Presten bør difor møte godt førebudd og avklare dei ”vanlege” spørsmål: ”Hvem kan de ta kontakt med?  Hvem kan svare på det jeg ikke vet?  Hvor befinner den døde seg? ”[27] Når ein er på veg til ein muslimsk kan det være lurt å skaffe seg litt ekstra informasjon.


4.1.
Kven er ”dei”?

Det er enkeltmenneske vi møter, ikkje grupper. Likevel er også desse  enkeltmenneska del av forskjellige grupper i samfunnet som kan ha forskjellige behov ved eit dramatisk dødsfall og ein bør være klar til å kunne møte desse behova.  Vi må rekne med å finne dei i eit kontinuum som har ”ved sin eine ende den tradisjonelle muslimen,  som dømmer etter sharia, er religiøst praktiserande, ufaglært og som har levd størsteparten av livet sitt i eit muslimsk land og som har ved sin andre ende den vestleg sosialiserte muslim, som er sekulær og rasjonell bedømmande, ureligiøst og født i vesten”[28] Vi kan aldri vite kor i dette spektrum vi finn dei som vi skal møte.  Men vi kan prøve å skaffe oss så mykje informasjon som råd: Kor kjem familien i frå? For det eine kan ein på denne måten skaffe seg ein tolk i bakhanda om det skulle behov for det. For det andre kan dette gi hint om kva slags sosialt nettverk og støtteapparat ein kan forvente.

Det kan også opplevast som eit overgrep når ein møter opp med tolk på døra sidan dette kan oppfattast slik at vi ikkje trur at dei fungerar i samfunnet slik at dei kan kommunisere med oss på norsk. Likevel kan det være ein fordel å kunne tilkalle ein tolk når det oppstår behov for det. Tolken bør helst være av det same kjønnet som hovudpersonen som vi skal varsle[29]. Om det er mogleg bør ein bruke profesjonell tolk som kan sitte på skrå bak hovudpersonen[30] som vi skal varsle, og som kan gjengi ytringar korrekt.

Sjølv om ein både blant pakistanarane, tyrkarane og marokkanarane kan møte menneske som er nok så nye i landet, så har desse gruppene som kom til Noreg som arbeidsinnvandrarar  ofte eit betre sosialt nettverk og betre språkkunnskap. Flyktningar frå Balkan er etter kvart også være godt integrerte. Somaliarane og Irakarane er per i dag dei to nest største gruppene med muslimsk bakgrunn, men dei fleste av dei  kom først i løpet av dei siste 10 år. Så her kan bilete være nok så forskjellig. Vanskeleg er situasjonen oftast for afghanarane: Her er det rundt 90% som kom til Noreg mellom 2000 og 2008 og mange av dei har framleis uavklart status, slik at dei ikkje veit om dei får bli.  Talet på dei som har bakgrunnen frå Iran har auka jamt sidan 90talet og det som skil dei fleste i denne gruppa og ein del irakarar frå resten av muslimane er dei tilhøyrer shiaislamen, men fleirtalet er sunni. For shiamuslimar er heilage menn[31] og religiøse leiarar ofte større autoritetar enn for sunnimuslimar[32]. Dei har også ein større tradisjon til å vise sterke emosjonelle ytringar i sorg og kan finne inspirasjon ved graver, medan sunnimuslimane avviser dette og viser til hadith[33]. Det kan også være forskjell i muslimsk kultur frå land til land. Muslimar frå Aust-Asia er ofte meir liberale enn muslimar frå Afghanistan, Pakistan, Iran eller arabiske land[34] og det er nok fleire sekulare muslimar i Tyrkia og Marokko enn i Palestina.


4.2.          Korleis å kome i kontakt med dei pårørande

Det tar ei stund før ein innflyttar i landet har råd til å kjøpe seg ein einebustad. Mange muslimar bur difor i leilegheiter og det kan være der vanskane  startar:


Det er en stor utfordring med blokkene; hvordan kommer man seg inn?  Det hender at folk ikke svarer, hva gjør man da?  Skal man reise hjem?  Jeg har også opplevd å ikke bli sluppet inn fordi det er natt og mange er skeptiske til å åpne fordi de ikke tror på at det er en prest som kommer. Det er den første spenningen forbundet med å melde dødsbudskap; kommer jeg i det hele tatt inn til de det gjelder? (Kulø, Jeg har en tragisk beskjed å meddele deg…, s. 26.)

Når ein skal møte ei muslimsk familie er ufordringane ennå større: Det kan vere bønnetid[35] eller kvinner heime åleine og må skifte kleda[36] for å kunne opne døra. Her kan det hjelpe å ha god tid og å vente lengre enn det ein er vante med.  Når det berre er ein mann eller ei kvinne som står framfor døra kan det også hende at det ikkje blir opna i det heile tatt. Den som er inne er då opptatt av ryktet sitt og held seg til forbodet mot at to av same kjønn skal være åleine på eit rom.  Då kan det for det første hjelpe å være to av forskjellig  kjønn og å gå med rundsnipp, slik at funksjonen og ikkje personen trer frem.

Når det blir opna bør ein ofte også vere forsiktig med å rekke frem handa til ein person av det andre kjønnet. Praktiserande muslimar vil ofte prøve å unngå all kroppskontakt med medlemmer av det andre kjønnet utanfor familien. Dette er ingen teikn på å være uhøfleg, men eit ”uttrykk på at ein tek vare på ei respektfull distanse”[37].


5.     I møte med familien

5.1.          Å møte familien

Vi møter individ, ikkje ei gruppe og det gjeld å være opne og imøtekomande. Gjestfriheita står stort blant dei fleste muslimane[38]. Når døra først blir opna vil ein nesten alltid bli bedt inn. Det er nok ikkje like dramatisk som i Forrest Gump: ”Det er en del av utstyret som kan bety forskjellen mellom liv og død: Sokker”[39]. Men ein bør nok ha sokkane i orden. Ein tar av seg skoa ved inngangen og sett seg ned enten på sofaer eller på golvet. For kvinner kan det være ein fordel å ha eit skjerf med seg som dei kan ha på hovudet så lenge dei er i same romet som menn. Slike enkle grep kan hjelpe til at verken vi eller dei vi møter mister merksemda pga. småirritasjonar.

Det er heller uvanleg å gå rett på sak[40]. Ein vil som oftast bli spurt om å drikke litt te eller kaffi. Dette kan skje som ein slags refleks sjølv om ein allereie på veg inn har antyda eller fortalt kvifor ein er komen. Familien er for muslimar ofte ganske viktige[41]. Dei er ofte mindre individualiserte[42] og det kan difor hende at fleire medlemmer av familien blir tilkalla når presten er der og før ein eigentleg har realisert kvifor presten er der. Ein bør ikkje avvise dette sidan familien også kan være ei stor støtte for kvarandre når bodskapen er komen fram.  I samtalen er det viktig at ein slår ned blikket i alle fall overfor det motsette kjønnet, som kan tydast som tilnærming,  men ein bør også være forsiktig med intensiv blikkontakt innanfor det same kjønnet[43], som kan forståast som aggresjon.

Når ein møter familien kan det også oppstå ein situasjon der ”The women were preparing [something like] a great feast in the back room, and we [men] talked in the front.”[44] eller at kvinna eller kvinnene ikkje viser seg i det heile tatt.[45] Dvs. at kvinner og menn samlast på forskjellige rom. Også her kan det være ein fordel å være to av forskjellig kjønn slik at ein kan ta vare på begge gruppene.


5.2.          Død, sorg og tabu

”I islam dominerar førestillinga om at det eigne tilværet ligg i handa til Allah.”[46] ”Islam tyder å hengi seg til guds vilje.”[47] ” Døden er en overgang fra et begrenset og midlertidig liv til det neste og evige liv! ”[48] Likevel er det ein stor smerte å miste ein av sine kjære.

Det kan hende at kontakten mellom familien og den avdøde har vært dårleg og at det  også for muslimar kan være vanskeleg å gi uttrykk for smerta. ”Smerteopplevinga og smerteuttrykk er kulturavhengige”[49] I muslimske kulturar finn vi ofte ”meir intense,  høglydte og tydelegare uttrykk for smerte … også i mimikk og gestus”[50] enn det vi er vante med.  Smerta kan også lokaliserast andre plassar enn det vi er vante med[51]. Smerta vil for tyrkarar for eksempel ikkje ligge i hjartet, men i levera. Gallen som utgangspunktet for svolten og sjølvvernet  kan samanliknast med magen i vår kultur.

”Død, sjukdom og liding blir i islam […] først og fremst sett som prøvingar for muslimar på deira veg til gud.”[52] Dei føyer seg difor ikkje inn i skjebnen sin, men prøver å halde den ut i tolmod slik som Job. I dette stoler dei på at ” Gud forlanger ikke mer av noen enn det han kan makte.”[53] Livet og døden er i guds hand. Ein har lov til å sørgje og gråte[54] men ein har ikkje lov til å klage høgt[55]. Ein skal også snakke berre godt om den avdøde[56]. Slik som ein ikkje snakkar dårleg om den avdøde er det også andre brisante tema som blir kalla for hottopics[57]som er belagd med tabu i samtalen med muslimar. Dette gjeld alt som har med intimitet og seksualitet å gjøre. Også med spørsmål om sivilstanden bør ein være forsiktig: Det er sårt å ikkje vere gift eller ikkje å kunne få barn. Barn utanfor ekteskapet er noko som ein i alle fall ikkje bør spør etter. Døden sjølv er ein del av livet og ingen tabu men der er tre ord som er vanskeleg  i samband med eit plutseleg dødsfall: Sjølvmord, rusmisbruk og overdose.

Til tross for sjølvmordsbombarane: Det er eit forbod mot sjølvmord i islam[58] og både ei åtvaring [59] og så eit forbod mot rus[60].  Sjølv om det er færre alkoholikarar blant muslimane finns det likevel også narkomane muslimar og i Jemen er khat eit daglegdags rusmiddel.

Sidan sjukdom derimot blir forstått, ikkje som ei straff frå gud, men som ei prøving som kjem utan ifrå[61], kan ein prøve å omskrive ei overdose eller eit sjølvmord som sjukdom. Dette kan nok være enklare når det gjeld sjølvmord som resultat av ein psykisk sjukdom mens det nok er rusmisbrukaren sjølv som starta misbruket. Muslimar er også ”spesielt motakeleg for mytologi, metaforikk og symbolikk”[62] . Det gjeld å være oppfinnsam og å finne på gode forteljingar i staden for å gå rett på sak. Eg har sjølv opplevd kor viktig det kan være for muslimar å ta vare på ansiktet sitt. Samstundes skal eg svare klart når eg får eit klart spørsmål.


5.3.          Gravferd

Med al-Khidmat[63] fins det eit muslimsk gravferdsbyrå som tilbyr hjelp ved muslimsk gravferd i forskjellige deler av landet og dei har også laga ei lita brosjyre om ”Døden i islam” som kan lastast ned frå heimesida deira. [64] Enkelte stader er det også andre gravferdsbyrå[65] som kan tilby ei muslimsk gravferd. Også utdanningsdirektoratet har eit ark med informasjon  om muslimsk gravferd[66]. Men det er nok ikkje alle muslimar som praktiserer trua si heller og det kan difor også kome spørsmål om ei heilt enkel gravfred eller ei gravferd frå kyrkja.[67]

Muslimar skal helst gravleggjast innan 24 timer og i alle fall så raskt  etter dødsfallet som det let seg gjøre, men det kan også vere snakk om å gravleggje avdøde i heimlandet.

Så snart som råd skal ein også gjere opp for gjelda til den avdøde[68]. Dette kan vere veldig problematisk når familien ikkje har råd til det eller særleg  når det kan være snakk om gjeld som den avdøde har pga. misbruk av narkotika.

Verken kremasjon eller obduksjon er i utgangspunktet ikkje lov i Islam.[69]. I praksis vil det nok ofte være mogleg å gjere unntak når ein gjennom obduksjon kan redde liv eller når det er mistanke om at det er noko kriminelt som ligg bak dødsfallet.  [70]

Kroppen skal kvile uskadd i grava frem til dommedagen. Dette kan også by på vanskar etter trafikkulukker eller naturkatastrofar der det kan vere vanskeleg  å identifisere den avdøde.

Før den avdøde gravleggjast skal den vaskast på ein spesiell måte av familien eller andre muslimar av det same kjønnet. Han skal omsveipast,  ein skal ha ein enkel gravferdsseremoni . Både menn og kvinner kan delta i bøna[71], men det er forskjellige meiningar om i kor stor grad dei kan ta del i gravferda[72]. Den avdøde skal gravleggjast helst utan kiste, men også  utan at kroppen kjem i direkte kontakt med jorda [73]. Med den nye gravferdslova får muslimane rett til å bli gravlagd  i eit muslimsk gravfelt som er vendt mot Mekka. Men også her kan det nok kome eit ynskje om å bli gravlagd på den lokale kyrkjegarden.

Sidan gravlegginga skal skje fort er det viktig at presten har avklart med politiet om kor raskt familien kan få tak i kroppen til den avdøde, slik at ein kan svare på spørsmålet om dette. Det kan også være lurt å kunne vise dei til eit gravferdsbyrå som har erfaring med muslimsk gravferd og eventuelt ein lokal moske, der dei kan få hjelp med gravferda om dei ynskjer det.


6.     Konklusjon

Det er alltid krevjande å meddele ” brå, uventa  dødsfall som ulykker, sjølvmord, og liknande.  Formelt sett er det Politiet som har ansvaret for å melde de nærmeste pårørende om dødsfallet”[74]. Det er ei særskild utfording for ein kristen prest i Den norske kyrkja å måtte informere ein muslimsk familie om eit slikt dødsfall. Eg er overbevist om at muslimar vil oppleve det som ein fordel at det er presten dei møter i døra og ikkje politiet.

På grunn av kulturforskjellane kan eit  møte i sorg med ein muslim vere krevjande, men ein kan lykkast med det. I refleksjonane mine har eg funne nokre moment som det kan være lurt å ha med når ein skal ut i eit slikt oppdrag:

Det viktigaste ein må huske er at vi møter menneske med si personlege og kanskje dramatiske historie i ein vanskeleg situasjon og at dei treng all vår omsorg.


 


7.     Bibliografi

Al-Khidmat Begravelsesbyrå. En verdig slutt på livet: Døden i islam. Oslo: Al-Khidmat Begravelsesbyrå, 2005. Tilgjengeleg på   http://www.alkhidmat.no/doden.pdf.
Besøkt  9. juni 2011.

An-Nawawi, Imam Abu Zakariya Yahya. Riyad-us-Salihin: Gärten der Tugenhaften, Band I. Dar-us-Salam og München: SKD Bavaria, 1999. Tilgjengeleg på http://islamische-datenbank.de/Riyad-us-Salihin/.
Besøkt 12. juni 2011.

Becker, Silke A., Wunderer, Eva & Schultz-Gambard, Jürgen. Muslimische Patienten: Ein Leitfaden zur interkulturellen Verständigung in Krankenhaus und Praxis. München, Wien og New Zork: W. Zuckschwerdt Verlag, 2006.

Grung, Anne Hege. ”Makt, dialog og kjønn”. Tilgjengeleg på  http://www.emmausnett.no/ressurser/makt_dialog_kjonn.shtml.
Besøkt 26. mai 2011.

Grung, Anne Hege. ”ordløs kommunikasjon”. Tilgjengeleg på http://www.emmausnett.no/ressurser/grung_ordlos_komm.shtml.
Besøkt  9. juni 2011.

Grung, Anne Hege. ”Religionsdialog og kjønn: Kan interreligiøse dialoger føre til større kjønnsrettferdighet?”. Norsk Tidsskrift for Misjon 2006, nr. 3-4: s. 269-280.

Kirken, Den norske: Mellomkirkelig råd. Veiledning i religionsmøte: Hjelp til åpenhet og respekt mellom mennesker frå ulike trossamfunn. Oslo: Kirkerådet, 2006.

Kulø, Sindre Stabell. Jeg har en tragisk beskjed å meddele deg…, om presters erfaring og holdninger til å gå med dødsbudskap. Oslo: UIO, 2006. Tilgjengeleg på  http://www.duo.uio.no/sok/work.html?WORKID=40782&fid=19624.
Besøkt  9. juni 2011.

Leirvik, Oddbjørn. Islam og kristendom: konflikt eller dialog?. Oslo: Pax forlag, 2006.

Laabdallaoui, Malika & Rüschoff , Ibrahim. Basiswissen: Umgang mit muslimischen Patienten. Bonn: Psychatrie-Verlag, 2010.

Mattson, Ingrid. The Story of the Qur'an: Its History and Place in Muslim Life. Oxford: Blackwell, 2007.

Muhammed, Idris Ibn. Al-Bayan: Mehr als 1.700 Hadithe aus Sahih Bucharyy und Sahih Muslim. Doha: Islamische Datenbank. Tilgjengeleg på http://islamische-datenbank.de/Al-Bayan/.
Besøkt 12. juni 2011

Rassoul, Muhammad. Auszüge aus dem Sahih Al-Buharyy. Düsseldorf: IB Verlag Islamische Bibliothek, 1996. Tilgjengeleg på http://islamische-datenbank.de/Sahih-Bucharyy/.
Besøkt 12. juni 2011.

Rezapour, Hamid & Zapp, Mike. Mulime in der Psychotherapie: Ein kultursensibler Ratgeber. Göttingen og Oakville: Vandenhoeck & Ruprecht, 2011.

SSB. ” Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja”. Tilgjengeleg på http://www.ssb.no/trosamf/tab-2010-12-13-01.html.
Besøkt  9. juni 2011.

SSB. ” Det flerkulturelle Norge”. Tilgjengeleg på  http://www.ssb.no/samfunnsspeilet/utg/200903/03/index.html.
Besøkt 9. juni 2011.

SSB. ” Innvandrere og norskfødte med innvandrerforeldre fra land der islam er hovedreligion”. Tilgjengeleg på http://www.ssb.no/samfunnsspeilet/utg/200903/03/tab-2009-06-15-02.html.
Besøkt  9. juni 2011.

Swinton, John & Mowat ,Harriet. Practical Theology and Qualitative Research. London: SCM Press, 2006.

Wingate, Andrew. Encounter in the Spirit: Muslim-Christian Meetings in Birmingham. Geneva: World Council of Churches, 1991.

Zaghdoud, Adel. Die Wichtigkeit eines „islamischen Testamentes“ für einen Muslim: Testament nach islamischer Gesetzgebung. Bergheim: WTA Verlagshaus, 2008. Tilgjengeleg på http://www.way-to-allah.com/dokument/Die_Wichtigkeit_eines_islamischen_Testamentes_fuer_einen_Muslim.pdf.
Besøkt 12.juni 2011.




[1] Sjå: SSB, ”Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja”; tilgjengeleg på http://www.ssb.no/trosamf/tab-2010-12-13-01.html besøkt  9. juni 2011.

[2] Sjå: SSB, ”Det flerkulturelle Norge”; tilgjengeleg på  http://www.ssb.no/samfunnsspeilet/utg/200903/03/index.html besøkt  9. juni 2011.

[3] Merknad: I følgje SSB var det 163 180 i 2008 sjå: SSB, ” Innvandrere og norskfødte med innvandrerforeldre fra land der islam er hovedreligion”; tilgjengeleg på http://www.ssb.no/samfunnsspeilet/utg/200903/03/tab-2009-06-15-02.html besøkt  9. juni 2011.

[4]Merknad: I avhandlinga til Sindre Stabell Kulø har to av fire prester vært ute med dødsbod til muslimske familiar sjå: Sindre Stabell Kulø, Jeg har en tragisk beskjed å meddele deg…”: om presters erfaring og holdninger til å gå med dødsbudskap (Oslo: UIO, 2006), s.29, 40 og 49; tilgjengeleg på  http://www.duo.uio.no/sok/work.html?WORKID=40782&fid=19624 besøkt  9. juni 2011.

[5] Sjå: John Swinton & Harriet Mowat, Practical Theology and Qualitative Research (London: SCM Press, 2006) s. 3-27; 73-98.

[6] Sjå: Al-Khidmat Begravelsesbyrå, En verdig slutt på livet: Døden i islam (Oslo: Al-Khidmat Begravelsesbyrå, 2005); tilgjengeleg på   http://www.alkhidmat.no/doden.pdf besøkt  9. juni 2011.

[7] Sjå: Malika Laabdallaoui & Ibrahim Rüschoff, Basiswissen: Umgang mit muslimischen Patienten (Bonn: Psychatrie-Verlag, 2010), s. 87.

[8] Sjå: Laabdallaoui & Rüschoff, Basiswissen, s. 7.

[9] Anne Hege Grung, ”ordløs kommunikasjon”; tilgjengeleg på http://www.emmausnett.no/ressurser/grung_ordlos_komm.shtml besøkt  9. juni 2011.

[10]Sjå: Den norske kirken: Mellomkirkelig råd, Veiledning i religionsmøte: Hjelp til åpenhet og respekt mellom mennesker frå ulike trossamfunn (Oslo: Kirkerådet, 2006) s. 9 også tilgjengeleg på s. 2 på http://www.kirken.no/index.cfm?event=downloadFile&nodeid=24071 besøkt  9. juni 2011.

[11] Laabdallaoui & Rüschoff, Basiswissen, s. 6.

[12] Kulø, Jeg har en tragisk beskjed å meddele deg…, s. 27.

[13] Laabdallaoui & Rüschoff, Basiswissen, s. 10.

[14] Laabdallaoui & Rüschoff, Basiswissen, s. 29.

[15] Sjå: Hamid Rezapour & Mike Zapp, Mulime in der Psychotherapie: Ein kultursensibler Ratgeber (Göttingen og Oakville: Vandenhoeck & Ruprecht, 2011), s. 11.

[16] Oddbjørn Leirvik, Islam og kristendom: Konflikt eller dialog? (Oslo: Pax forlag, 2006), s.9.

[17] Sjå: Annisaa: 4:1 og Annajm: 53:45 referering med namn på sura etter Ingrid Mattson, The Story of the Qur'an: Its History and Place in Muslim Life (Oxford: Blackwell, 2007).

[18] Sjå: Alahzab: 33:35 og Aal Imran 3:195.

[19] Sjå: Rezapour & Zapp, Mulime in der Psychotherapie, s. 35.

[20] Sjå for eksempel: Annisaa: 4 særleg Annisaa: 4:34 og Alahzab: 33:59.

[21] Sjå for eksempel: Sahih Al-Bucharyy Nr. 3006; tilgjengeleg på http://islamische-datenbank.de/option,com_buchari/action,display/chapterno,50/hadith_id,39/, besøkt 10. juni 2011,

Sahih Muslim Nr. 666;  tilgjengeleg på http://islamische-datenbank.de/option,com_bayan/action,display/chapterno,5/hadith_id,38/, besøkt 10. juni 2011,

Riyad us-Salihin Nr. 277;  tilgjengeleg på http://islamische-datenbank.de/option,com_riyad/action,display/chap_nr,34/h_id,5/,

Riyad us-Salihin Nr. 283; tilgjengeleg på http://islamische-datenbank.de/option,com_riyad/action,viewhadith/chap_nr,35/, besøkt 10. juni 2011,

Riyad us-Salihin Nr. 300; tilgjengeleg på http://islamische-datenbank.de/option,com_riyad/action,display/chap_nr,38/h_id,3/, besøkt 10. juni 2011,

eller Riyad us-Salihin Nr. 273; tilgjengeleg på http://islamische-datenbank.de/option,com_riyad/action,display/chap_nr,34/h_id,1/ besøkt 10. juni 2011

Eg referer til hadithane slik som dei blir refererte i  http://islamische-datenbank.de og oppfører lenka der den konkrete hadithen er tilgjengeleg. I den grad databasen referer til trykte bøker er dei og ikkje databasen oppførte i bibliografien.

[22] Sjå: Laabdallaoui & Rüschoff, Basiswissen, s. 33.

[23] Anne Hege Grung, ” Makt, dialog og kjønn”; tilgjengeleg på  http://www.emmausnett.no/ressurser/makt_dialog_kjonn.shtml besøkt 26. mai 2011.

[24] Anne Hege Grung, ”Religionsdialog og kjønn: Kan interreligiøse dialoger føre til større kjønnsrettferdighet?”, i Norsk Tidsskrift for Misjon 3-4: 2006, s. 270.

[25] Sjå: Sahih Al-Bucharyy Nr. 3006; tilgjengeleg på http://islamische-datenbank.de/option,com_buchari/action,display/chapterno,50/hadith_id,39/ besøkt 10. juni 2011.

[26] Sjå: Laabdallaoui & Rüschoff, Basiswissen, s. 82 og s. 46.

[27] Sjå: Kulø, Jeg har en tragisk beskjed å meddele deg…, s. 32.

[28] Sjå: Laabdallaoui & Rüschoff, Basiswissen, s. 44.

[29] Sjå: Laabdallaoui & Rüschoff, Basiswissen, s. 78.

[30] Sjå: Laabdallaoui & Rüschoff, Basiswissen, s. 79.

[31] Sjå: Leirvik, Islam og kristendom, s. 172.

[32] Sjå: Laabdallaoui & Rüschoff, Basiswissen, s. 19.

[33] Sjå for eksempel: Sahih Al-Bucharyy Nr. 1294; tilgjengeleg på  http://islamische-datenbank.de/option,com_buchari/action,viewhadith/chapterno,23/min,10/show,10/ besøkt 10. juni 2011

eller Sahih Muslim Nr. 1549; tilgjengeleg på  http://islamische-datenbank.de/option,com_bayan/action,viewhadith/chapterno,12/ besøkt 10. juni 2011.

[34] Sjå: Rezapour & Zapp, Mulime in der Psychotherapie, s. 37.

[35] Sjå: Laabdallaoui & Rüschoff, Basiswissen, s. 81 .

[36] Sjå: Laabdallaoui & Rüschoff, Basiswissen, s. 82.

[37] Laabdallaoui & Rüschoff, Basiswissen, s. 82.

[38] Sjå: Laabdallaoui & Rüschoff, Basiswissen, s. 81.

[39] Sjå: http://www.divxtitles.com/subtitles/38432/Norwegian/Forrest_Gump/1 besøkt 10. juni 2011.

[40] Sjå: Rezapour & Zapp, Mulime in der Psychotherapie, s. 71.

[41] Sjå: Laabdallaoui & Rüschoff, Basiswissen, s. 72.

[42] Sjå: Rezapour & Zapp, Mulime in der Psychotherapie, s. 30.

[43] Silke A. Becker, Eva Wunderer & Jürgen Schultz-Gambard, Muslimische Patienten: Ein Leitfaden zur interkulturellen Verständigung in Krankenhaus und Praxis (München, Wien og New Zork: W. Zuckschwerdt Verlag, 2006), s. 81.

[44] Andrew Wingate, Encounter in the Spirit: Muslim-Christian Meetings in Birmingham (Geneva: World Council of Churches, 1991), s. 53.

[45] Sjå: Laabdallaoui & Rüschoff, Basiswissen,  s. 83.

[46] Rezapour & Zapp, Mulime in der Psychotherapie, s. 52.

[47] Becker, Wunderer & Schultz-Gambard, Muslimische Patienten, s. 50; sjå også i Mariyam: 19, Ath-thariyat: 51 og Annahl: 16.

[48] Al-Khidmat Begravelsesbyrå, En verdig slutt på livet, s. 6; tilgjengeleg på   http://www.alkhidmat.no/doden.pdf besøkt  9. juni 2011.

[49] Rezapour & Zapp, Mulime in der Psychotherapie, s. 53

[50] Becker, Wunderer & Schultz-Gambard, Muslimische Patienten, s. 49.

[51] Sjå: Rezapour & Zapp, Mulime in der Psychotherapie, s. 73-75.

[52] Laabdallaoui & Rüschoff, Basiswissen, s. 14.

[53] Albaqarah: 2:286 etter http://www.islam.no/page123365.aspx besøkt 10. juni 2011.

[54] Sahih Al-Bucharyy Nr. 1303; tilgjengeleg på   http://islamische-datenbank.de/option,com_buchari/action,viewhadith/chapterno,23/min,20/show,10/ besøkt 10. juni 2011.

[55] Sjå: Sahih Muslim Nr. 1549; tilgjengeleg på  http://islamische-datenbank.de/option,com_bayan/action,display/chapterno,12/hadith_id,6/ besøkt 10. juni 2011.

[56] Sjå: Sahih Al-Bucharyy Nr. 1367 og Sahih Al-Bucharyy Nr. 1368; begge tilgjengeleg på  http://islamische-datenbank.de/option,com_buchari/action,viewhadith/chapterno,23/min,30/show,10/ besøkt 10. juni 2011.

[57] Sjå: Rezapour & Zapp, Mulime in der Psychotherapie, s. 72.

[58] Sjå: Annisaa: 4:29 og Sahih Al-Bucharyy Nr. 1365; tilgjengeleg på http://islamische-datenbank.de/option,com_buchari/action,viewhadith/chapterno,23/min,30/show,10/ besøkt 10. juni 2011.

[59] Sjå: Annisaa: 4:29.

[60] Sjå: Almaidah: 5:90; Albaqarah 2:219 og Sahih Muslim Nr. 3733; tilgjengeleg på  http://islamische-datenbank.de/option,com_bayan/action,display/chapterno,36/hadith_id,10/ besøkt 10. juni 2011.

[61] Sjå: Laabdallaoui & Rüschoff, Basiswissen, s. 120.

[62] Rezapour & Zapp, Mulime in der Psychotherapie, s. 120.

[63]Sjå: http://alkhidmat.no/

[64] Tilgjengeleg på http://alkhidmat.no/doden.pdf besøkt 11. juni 2011.

[65] Sjå for eksempel: Fonus http://www.fonus.no

[66] Tilgjengeleg på http://www.udir.no/upload/Laringsmiljo/Materiell/Kriseperm/5-Dodsfall/Foreldre/4-Elev-dor-etter-ulykke/3-Begravelse/4-Muslimsk-begravelse.doc besøkt 11. juni 2011.

[67] Sjå: Adel Zaghdoud, Die Wichtigkeit eines „islamischen Testamentes“ für einen Muslim: Testament nach islamischer Gesetzgebung (Bergheim: WTA Verlagshaus, 2008) s.7; tilgjengeleg på http://www.way-to-allah.com/dokument/Die_Wichtigkeit_eines_islamischen_Testamentes_fuer_einen_Muslim.pdf besøkt 12.juni 2011.

[68] Sjå: Al-Khidmat Begravelsesbyrå, En verdig slutt på livet, s.8 og

Zaghdoud, Die Wichtigkeit eines „islamischen Testamentes“ für einen Muslim, s. 7.

[69] Becker, Wunderer & Schultz-Gambard, Muslimische Patienten, s. 95

[70] Sjå www.fonus.no/window.aspx?Cat=145&Id=2162.

[71] Al-Khidmat Begravelsesbyrå, En verdig slutt på livet, s. 16-17.

[72] Al-Khidmat Begravelsesbyrå, En verdig slutt på livet, s. 21 og Zaghdoud, Die Wichtigkeit eines „islamischen Testamentes“ für einen Muslim, s.16.

[73] Riyad us-Salihin Nr. 28; tilgjengeleg på  http://islamische-datenbank.de/option,com_riyad/action,display/chap_nr,3/h_id,4/ besøkt 11. juni 2011.

[74] Kulø, Jeg har en tragisk beskjed å meddele deg…, s.  3.

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (110613 Eit møte i sorg.pdf)110613 Eit møte i sorg.pdfEi hjelp i nauden - eit møte i sorgMichael Hoffmann1080 kB