Eg kjenner meg litt svolten Luk 22,19-20
Eg kjenner meg litt svolten. – Korleis går det med dokke? Er de mette eller svoltne? Kvifor treng vi eigentleg mat? Kva skjer når vi ikkje får mat?
Kva mat er du liker best? Kva er maten du skal ha når det er fest?
Men er maten det aller viktigaste når du skal ha fest? Eller er det ting som er viktigare? Kva kan det være? – Hovudpersonen? Gjestane? Gåver? – Gåver er nok ikkje det aller viktigaste. Eg trur nok at hovudpersonen og gjestane er mykje viktigare. Men også maten og gåvene hører gjerne med til festen.
Ei splitta kyrkje
Opent brev etter homofilievedtaket i kyrkjemøtet 2007
Kjære medlemmer av Den Norske Kyrkja,
Eg er glad i kyrkja vår, men det som skjedde dei siste dagane gjer vondt.
Kyrkjemøtet for Den Norske Kyrkja har vedtatt at den: ”ut frå ei samla forståing av dei bibelske skriftene, er delt i vurderinga av homofilt samliv i partnarskap.” Og det er difor det skal verta mogleg å tilsetje homofilt samlevande som prester, diakonar, kateketar og kantorar i Den Norske Kyrkja..
Skotårsfieri
Eg veit ikkje om det er lov for ein mann å skrive her, men eg skal våge meg ut:
Det er noko med desse mannfolka i desse dagar. Dei tør ikkje å avlegge eit løfte med munnen, i alle fall om dei ikkje får eit lite spark. Og det treng dei. Dei fleste har nok ingenting i mot å gifte seg, men dei veit ikkje korleis dei skal spørje. Det fungerar nok fint sånn som det går og det er då er det jo det å fire heller ikkje noko som tvinger seg på for dei. Så lar dei være. Ærleg talt mine damer: Dei fleste menn er glad for å bli spurt, for det er mykje enklare å svare enn å spørje.
Parochie - Bremsekloss eller trygg base?
Parochie - Bremsekloss eller trygg base?
1. Innleiing
I åtte år frå 1994 til 2002 var eg ein del av Landessynoden for den Evangelisk - Lutherske Landeskyrkja i Sachsen. Denne forsamlinga, som kan samanliknast med Kyrkjemøtet for Den Norske Kyrkja, sette i gang ei stor omorganisering i kyrkja og brukte mykje tid på å diskutere strukturen for kyrkja i framtida. Gjennom 40 år med sosialisme hadde kyrkja mist over 75% av medlemane sine og etter at muren fall, flytta dei fleste yngre til Vest-Tyskland for å få seg jobb. Kyrkja sto og står framleis framfor ei stor utfordring: strukturane er ikkje lengre i samsvar med røynda. Det var der eg høyrde for fyrste gong at nokon stilte spørsmål: "Må vi kanskje gi opp parochialprinsippet? Kan det framleis være organisasjonsformen for arbeidet vårt, eller er det berre ein alt for dyr bremsekloss?
Seite 23 von 23
