Skal du faste? - Matt 4
Har du fastelavnsbollane klare? På sundag er det fastelavnssundagen, den siste sundagen før fastetida. I mange land feirast det no karneval . Og ordet ”karneval”, ”farvel til kjøttet”, minner på at det er fastetida startar på onsdag. I katolsk tradisjon er det etter det 7 veker med fastetid og det meinar blant anna 7 veker utan kjøtt på bordet.
Fastetida minner på dei 40 dagar Jesus var i ørkenen (Matt 4,1-11). Det er der i ørkenen Jesus blei klar over kva som var vegen hans og han samla styrkje å kunne stå imot djevelen som ville leie han bort frå dette oppdraget. Det er til minne om denne tid i ørkenen vi skal faste i 7 veker før påske. 7 veker, dette er nok langt meir enn 40 dagar og dei er det fordi sundagane ikkje er med i fastetida. Sundagen er unntaket. Sundagen er dagen som minner på oppstoda.
Faste er ei tid for refleksjon, bøn, åndelig fornying , reinsande prosess, bot med meir. Faste er ei tid der ein skal gjøre fleire av ressursane sine fri for gud. Før i tida gjekk det mykje ressursar til å skaffe det daglege brødet, til å skaffe mat. Det var difor der, ved maten ein måtte byrja om ein skulle få meir tid og meir ressursar for gud.
Verda har nok forandra seg sidan denne gongen. Maten kjøper vi i butikken og sjølv om den kanskje koste litt meir enn i andre land er det framleis ein nok så liten del av inntekta vi bruker på det. Det er så lite at mange bønder slit med å få endane til å møtast.
Det er nok andre ting vi bruker mykje meir energi og ressursar på. Det er nok ikkje på kjøkkenet, men kor er det tida går? Er det facebook, dataspel, fotball, TV, alkohol, sjokolade … Eg veit ikkje kor du har utfordringane dine. Men hadde det vert ein tanke å gi avkall på noko av dette til fordel for gud, eller berre for å sjekke kor avhengig du verkeleg er av det. Er du ikkje avhengige av det då skulle det vel ikkje koste alt for mykje å klare seg utan dette i 7 veker? Kanskje kunne ein til og med gjøre eit unntak på sundagane? Eller er du redde for at du er så avhengige at du ikkje klarer det? Då bør du gjøre noko med det uansett.
Uansett kva du gjer. Bruk fastetida! Bruk fastetida for deg sjølv og for gud!
Michael Hoffmann
Plutseleg var han borte - Luk 2
Plutseleg var han borte. Eg hadde berre snudd meg etter eit av dei andre borna og då eg skulle sjå etter han igjen, var guten borte. Eg såg meg rundt, men han var ikkje å sjå. Eg gjekk att til bilen, men han var ikkje der heller. Eg kjente panikken krypande inn under huda mi. Eg sprang att til butikken. Heller ikkje der såg eg han med det same. Men nå måtte eg ta meg av dei andre. Og plutseleg var han der igjen i eit lite hjørne stå han tyggande i ei tørr brødskive og smilte på meg slik som om han ville si: Då må nok skjønne at eg var svolten pappa. Og då måtte eg finne meg mat!
Kor skal du i jula?
”Kor skal du i jula?” Det er ofte eg blir møt med dette spørsmålet nå i desse dagar. ”Kor skal du i jula?” Eg har det enkelt. Sjølv om det er uhøfleg så kan eg svare på dette spørsmålet med eit motspørsmål: ”Kor er det du vil ha meg?” Og klart dei fleste ynskjer at presten er i kyrkja både på jul aftan og på juledagen. Presten skal vere der uavhengig av om dei sjølv har tenkt deg ditt. Det er krevjande for familien min, men det er ei glede for meg å vere på jobb i jula. Det er ei glede å snakke om at ”I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda ….” som det heiter i både den gamle og den nye oversettinga. Det er ei glede å leite etter ennå nye aspekt i juleevangeliet som alltid er ung og ny.
Dronning Viktoria på tur - Joh 1
Victoria, dronninga av England og bestemor til vår dronning Maud, gjekk ofte tur i skogen når ho på Balmoral, summerresidensen sin. Ho gjorde det i ei enkel kjole og utan at noko la merke til det. På ein av desse turane hamna ho i eit uver med nok så mykje regn. Då ho leiter etter ly oppdagar ho eit lite og einsamt hus. Ho banker på og spør kona til den gamle bonden om ho får låne eit paraply. Ho lover å passe på at paraplyen blir returnert til huset nok så fort. Den gamle kvinna visste ikkje kven som stod framfor henne og svara: ”Eg har to paraply. Den eine er heilt ny. Den gir eg sjølvsagt ikkje frå meg. Men den gamle, den kan du få.”
Lykka på julaftan
I dag er det julaftan – igjen. Igjen har det gått eit år. Eg har lyst til å spør borna. Er dokke spente? Er det fint at julaftan endeleg er der? Og dei vaksne: Dokke har opplevd 30, 40, 50 eller ennå fleire jul. Men når var det jula var best?
Alf Prøysen gir i alle fall eit heilt eintydig svar på dette spørsmålet:
En skulle vøri fire år i romjul'n
da julelysa brente dagen lang -
og væla var et hus med fire vegger,
der saligheta var et bæssmorfang.
Det er kanskje som barn at vi er mest lykkelege i jula. Men kor er det den lykka blir av undervegs, når vi blir voksen?
Eg har ei moderne likning om lykka med meg til dykk på denne julaftan:
Lykka
Det sitt seg godt i sofakroken, det ein hyggelig heim. Gardin og bileta står i lag. Om kvelden sløkker vi lysa og døra er sikra med nye lås. Lykka skulle kjenne seg trygge, som fastbuande, det tenkte vi.
Seite 8 von 23
