Skulegudsteneste - Julekrybba som blir borte
Her har vi dei alle saman vismennene, gjetarane, Maria og Josef og ikkje minst Jesusbarnet. Vi er vante med at dei står der rundt krybba alle saman. Men kva har dei med oss å gjøre? Kvifor står dei der og kva hadde skjedd om dei ikkje hadde vert der?
Tenk på vismennene. Dei er rike menn, kanskje til og med kongar. Dei er dei siste som kjem til krybba. Tradisjonen har til og med gitt dei namn: Kaspar, Baltasar og Melkior. Det er som har den lengste reisevegen. Dei har ikkje berre tatt ei fly i nokre timer. Dei har ikkje reist dagar eller veker, det er nok månader om ikkje år dei har reist. Men kva hadde skjedd om dei heller ville nyte det gode livet i palassa sine?
Lysssmog - Luk 12
Har sett opp på himmelen i det siste? Har du klart å stjernene? Synes du kanskje at dei har blitt bleikare sidan denne gongen du var barn? Om du syns det, så trenger det ikkje å vere noko galt med augo dine. Det kan også skyldast eit fenomen som astronomane kallar for ljossmog, lysforurensning.
Lys som i grunn skal hjelpe oss med å sjå til kan stå vegen og forhindre at vi klarer å sjå noko. ljossmog for eksempel meiner at to milliardar menneske ikkje klarer å sjø mjølkevegen lengre. Dei klarer ikkje å sjå den fordi dei lever i område med mykje uteljos. Og når lyset frå jorda blir forsterke blir lyset frå himmelen for svake. I Rio de Janero klarer ein å sjå berre 150 av 5000 synlege stjerner, men også her i Noreg aukar ljossmoget med mellom 5 og 10 % kvart år. Berre belysninga i Ålesund gjer at stjerner over øyane vår forsvinn. Og då snakkar vi ennå ikkje om belysninga her ute.
Advent - Kanskje kommer kongen ...
Det hender at ein prest får telefoner. Telefoner som gjer at hjernen må starte frå 0 til 100 i løpet av 2 sekund. Ikkje alle desse telefonane er dramatiske eller triste. Av og til det folk som berre lurer på det eine eller andre. Dei lurer på noko og spør om å få svar. Og det er kjekt å bli spurt, det er kjekt når det ein kan og det ein veit blir etterspurt. Det er i grunn kjekt når ikkje alle svar kjem frå Google.
Men kva skal ein svare når ein så blir spurt kva advent er for noko. Hjernen må starte frå 0 til 100 på 2 sekund og så er det kanskje enklast å bruke desse 2 sekund for eksempel på eit langt ”jaaaaaaaaaa”. Og så må ein svare.
Eit brev frå Sunnmøre tingrett -
Eg skjelva nok litt då eg fant den i postkassa: Eit brev frå ting retten. ”Kva er det eg har gjord gale nå?” tenkte eg. Kanskje skulle berre vitne om noko, men også det hadde vært ubehagleg for ein prest med tausleiksplikta som vi berar på. Og uansett er det noko dei aller fleste som vit om finare ting i livet enn det å møte i retten. I mit tilfelle så handla det berre om at retten skulle avgjere kor mykje eg får for eit stykke land som skal brukast til vegbygging. Så den var heilt ufarleg.
På sundag er det den siste sundagen i kyrkjeåret og denne sundagen blir også kalla for dommesundagen. Eg er ikkje noko særleg glad i denne dagen, men dagen har ei funksjon. Den skal minne oss på ei rettssak som vi ikkje klarer å vri oss ut av. Rettssaka handlar om livet vårt, om det vi har gjord og om det vi ikkje har gjord. Rettssaka skal haldast etter livet vårt her på jorda eller når Jesus kjem att til jorda vår. Og då skal vi stå ansvarleg. Eg for min del er heilt klar over at dette blir alt anna enn ei spasertur for meg. Dette blir alvor og eg har nok mange trekk i meg og både gjerningar og ugjerningar som er alt anna enn i samsvar med det gud ynskjer at eg skal gjere. Eg har nok synda mot han og det han vil for meg. Eg veit at det er det beste min himmelske far ynskjer for meg, men eg klarer det ikkje. Så eg skal dømmast. Eg skal dømmast og dette blir nok alt anna enn ein behageleg dag. Likevel er eg ikkje redde for dagen. Eg er ikkje redde for eg veit kven som skal døme meg. Det er Gud son, Jesus Kristus, som skal dømme meg. Han skal og han må dømme meg. Men han er også frelsaren min. Og som frelsaren min ynskjer han å ta vare på meg, sjølv om han må dømme meg. Etter dommen vil han tilgi syndene mine og ta straffa mi. Han kan det fordi han allereie sona straffa mi for meg. Han gjorde det på langfredag på korset på Golgata. Han gjorde det for meg. Syndene mine er tilgitt, dei er ikkje tillate. Det som er galt er framleis galt. Men eg trenger ikkje å være redde for Jesus. Eg kan møte han og eg kan møta medmenneska mine med kjærleik. Det er det preiketeksten på sundag Matt 25:31-46 minner meg på. Eg skal ikkje berre snakke, skrive og tenkje om nestekjærleik. Eg skal leve den som den eg er med det eg kan.
God helg, ver ikkje redde! Michael Hoffmann
Tålmod, kraft og visdom - Matt 25
Eg håper at de har fått sikkeleg frukost i dag. Uansett kor seint eller kor tidleg den blir å droppe frukosten er ikkje noko alternativ for meg. Utan mat og drikke duger helten ikkje. Eg må ha frukost, helst med litt kristen musikk og i alle fall med bordvers.
Og så har eg ei bøn til, ei bøn som står på frukostbrettet mitt.
Gud gjev meg tålmod til å akseptere det eg ikkje klarer å forandre, gjev meg styrkje til å forandre det eg kan forandre og visdom til å skilje det eine frå det andre. AMEN
Seite 9 von 23
