Minning 22. juli - Å stå imot hatet - 1 Kor 13
”Noreg prøver å stå imot hatet” Omtrent slik var ei av dei viktigaste overskriftene som eg husker frå avisene som kom ut den 25. juli.
Det som skjedde den 22. har satt sitt preg på landet vårt. Noreg er framleis gjenkjenneleg men det er også prega av det som skjedde.
”Noreg prøver å stå imot hatet” – Vi skal framleis har eit opent samfunn. I utlandet har det stort sett vert berre to reaksjonar på denne holdninga: Nokre har stilt seg heilt uforståande til dette og kallar eit opent samfunn i vår tid for rein galskap. Dei andre, og det er dei fleste, møter denne holdninga med stor beundring og respekt.
Då Ismail går av flyet, er verda ei einaste pose med overraskingar. - Mark 8
Då Ismail går av flyet, er verda ei einaste pose med overraskingar. Det er puddersnø, krystallar på huda, skumring midt på dagen – han kjenner sanseinntrykk som han aldri har opplevd før.
Refleksaktig trekker Ismail hatten lengre ned over øyrene. Den høgre armen hans henger ned i dunjakka, som om den var to storleik for stor, og når han går heng det venstre beinet hans litt etter. Men i dette momentet speler slike handikap ingen rolle lengre. Det er ein ny tidsalder som nettopp starta for han. Ei ny epoke 1400 mil borte frå det som var heimen hans.
Weiterlesen: Då Ismail går av flyet, er verda ei einaste pose med overraskingar. - Mark 8
Olsok etter 22. jul 2011
I dag er det Olsok festen for Olav den heilage og nasjonaldagen på Færøyane, som vert feira på dødsdagen til Olav, den 29. juli. Dagen minnar om ein blodig dag som satt sitt preg på landet vårt: Olav døydde i slaget på Stiklestad. Samanlikna med resten av Europa har Noreg likevel vært eit fredleg land. Det har for det meste vært eit fattig, men fredleg land og sjølv om det lenge måtte ligge under dansk og svensk herredøme, så har det likevel vert eit ganske eit ganske fritt land.
Det er berre ei veke sidan at ein ny og blodig dag prøvde å setje sitt preg på landet vårt. Det er ennå for tidleg til å sei om og eventuelt korleis den klarer dette. Den utfordrar landet vårt, den utfordrar oss. Så langt har vi klart å møte denne utfordringa på den beste måten: Vi har ikkje møt hat med hat, men vi har prøvd å møte den med å ta vare på kvarandre.
Summaren ved sjøen og fiskelykka
Summaren er ei tid der det er herleg å være ute på sjøen. Det er gøy å prøve fiskelykka og for min det gjer det ikkje noko om eg ikkje får napp i det heile tatt. Og eg finn nok ikkje dei rette plassane heller, og har nok også ikkje lyst til å finne dei med all slags nymoderne teknikk. Det er også herleg å berre være der så lenge det ikkje er for mykje skodde til å finne vegen heim att. Eg er ute for å slappe av og for å ha det litt gøy.
Verre er det med dei som fisker for å tene pengar til livets brød.
Livet blir aldri det same igjen -
Livet blir aldri det same igjen. Dette kan eg sei etter dei tre barnefødslane som eg fekk lov til å være. Eg kunne aldri tenkje meg å være utan borna mine igjen. Men både livet etterpå og fødslane sjølv er krevjande. Dei er krevjande både mentalt og kroppsleg, for menn kanskje mest mentalt. Men barnefødsler er ein del av livet. Det høyrer med til livet at nye menneske blir født og at andre forlatar denne jorda. De fleste av dykk har vel sjølv født barn eller har vert med på det.
Men er det nokon som har vært med på når ein voksen vert født? Ikkje eg i alle fall. Eit menneske blir født som barn. "Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?"