Pinse og ferieplanlegginga hos gud
Hei,
Har de allereie planlagd ferietida? Kor skal de?
Eg syns at det er godt har ha ferieplanlegginga klare men likevel litt fleksibelt. No skal eg prøve å underhalde dykk ein liten grand. Er de klare for ein liten vits om ferieplanlegging - det er ein vits og ingenting mot bestemødrane mine eller andre katoliker?
Ok.
Gud fader, Gud son og Den heilage er i gang ferieplanlegginga.
Gud fader er først ute med forslaget sitt: ”Korleis hadde vært om vi reiste til Las Vegas, slik som i fjor.
”Dette er litt for kjedeleg , der er vi no nesten kvart år” svarer Den heilage ande. ”Kunne vi ikkje prøve noko nytt? Kanskje Jerusalem?”
Dette vekker ein del vonde minner hos Jesus, Gud son: ”Ikkje denne byen, eg fekk nok av den sist eg var der – Men kva er med Roma?”
”Fint der har eg aldri vært før” svarer Den heilage ande begeistra.
Å gå på kne - Ef 3:14-2
Preiketekst: Ef 3:14-21
Eg bøyer mine kne for Faderen, han som har gjeve namn til alt som heiter far og born i himmel og på jord….
Nå var det sist du gjekk ned på kne for nokon? Ver det på konfirmasjonsdagen, var det då du fridde eller då du gifta deg? Eller har du kanskje vært til nattverd?
Eg går av og til på kne når eg ber. Eg har ikkje blitt katolikk, dei gjer det vel mykje oftare i gudstenestene sine enn ein gjer det i Den Norske Kyrkja. Eg går ned på kne når eg for noko som verkeleg tynger meg, noko som engasjerar meg, noko som er eksistensielt for meg, noko som ligg utanfor kreftane mine. Eg går på kne for gud.
Fangen i fengselet sitt - Ef 3:14-21
Han er ein fange. Han sitt ikkje i fengsel, men i ein liten leilegheit, men han er ein fange. Det er ein soldat som står framfor døra hans. Og dei følgjer nøye med alt han gjer. Det er allereie ei god stund at han lever som fange. Han er i ferd med å bli vante med det.
Men han minner framleis ei anna tid. Han har reist mykje. Han har vært mange plassar i Europa og Asia og han kunne godt tenkje seg ei tur til Nord-Afrika, men det blir det nok ikkje noko av.
Dåpsskule - Pinse - med sprell levande ppt
Hei,
Veit dokke kva vi feirar i kyrkja om 3 veker? På måndagen om tre veker kjem både skulen og barnehagen til å vere stengte, men kvifor det? Det må nok vere ein eller anna fest, men kva fest?
Det er pinse, men kva er det eigentleg vi feirar til pinse? Kva er det som gjer at vi feirar pinsedagen? Korleis gjekk det seg til? Skal eg fortelje det til dokke?
Kva er det verdt? - 17. mai - Luk 1
Gratulerer med dagen! Eg tenkte at eg skulle ta to ting med meg opp på preikestolen i dag. Det eine er eit norsk flagg og det andre er eit norsk pass. Veit dokke kva desse ting er verdt? Vel, passet for ein voksen kostar vel rundt ein tusenlapp og omtrent ein fjerdedel for eit barn. Eit lite flagg får du for under 50 kroner og det er heller ikkje dyrt å kjøpe ei større.
Men er det det, dei er verdt?