Kvifor feirar vi nattverd? Vi feirar det fordi Jesus sa at vi skulle gjer det til minne om han. Nattverdsfeiringa rund bord er ingen jødisk pesah feiring. Det er ein måte til å minne oss på det som skjedde på skjærtorsdag i Jerusalem. Det er ein måte for å kome litt nærmare inn på det  som dei tolv disiplar oppleva på skjærtorsdagen i Jerusalem. Samstundes minner det oss om korleis dei første kristne feira nattverd. Nattverd og eit måltid høyrte saman. Om de er litt usikre om korleis dette skal gå? Vi er det med, det er eit forsøk og berre den som aldri prøver feilar aldri.

 

Eg har aldri opplev ei pesah måltid sjølv. Men eg veit at måltidet er eit minnet om ei frigjering. Frigjering frå slaveriet i Egypt. Det var gud som leia Israelsfolket  ut av slaveriet. Dei er guds folk og dette knyter dei saman fram til i dag.  Kvart år feirar dei pesah på kvelden før frigjeringsdagen. Dette er kvelden der dei fornyar bandet mellom folket og Gud, uansett kor dei er.

Kvelden før han døde feira Jesus pesah med disiplane sine. Og sikkert leste dei og dei orda frå andre mosebok som dei kjente sidan dei var born.

 

2 Mos 12:1-15

Herren tala til Moses og Aron medan dei var i Egypt, og sa:  [2] Denne månaden skal vera nyårsmånaden dykkar. De skal halda han for den fyrste månaden i året.  [3] Sei til heile Israels-lyden: Den tiande dagen i denne månaden skal kvar husfar ta seg ut eit lam, eitt til kvar huslyd!  [4] Men er ein huslyd for liten til å eta opp eit lam, skal husfaren og næraste grannen ta eitt i lag, etter som dei har folk til. De skal ikkje rekna fleire på kvart lam enn at alle vert mette.  [5] Det må vera eit årsgamalt, lytelaust verlam. I staden for eit lam kan de òg ta eit kje.  [6] De skal ta vare på det til den fjortande dagen i denne månaden. Då skal heile Israels-lyden slakta det straks sola er gladd.  [7] Så skal dei ta noko av blodet og stryka på dei to dørstolpane og dørbjelken i husa der dei et det.  [8] Og kjøtet skal dei eta same natta; dei skal steikja det på elden og eta det med usyrt brød og bitre urter attåt.  [9] De må ikkje eta det rått og ikkje koka det i vatn, men steikja det over elden, med hovud, føter og innmat.  [10] Heller ikkje skal de leiva noko av det til morgons. Det som er att om morgonen, skal de brenna.  [11] Når de et det, skal de ha belte om livet, skor på føtene og stav i handa; og de skal eta det i hast. Det er påskehelg for Herren.  [12] For same natta vil eg fara gjennom Egypt og slå i hel alt fyrstefødt i landet, både av folk og fe; og over alle gudane i Egypt vil eg halda dom. Eg er Herren.  [13] Men blodet skal vera det merket som syner kva hus de er i. Når eg ser blodet, vil eg fara framom. Ikkje noko øydande slag skal råka dykk når eg slår Egypt.  [14] Og sidan skal denne dagen vera ein minnedag for dykk. Då skal de halda helg og høgtid for Herren. Ei evig lov skal det vera for dykk å halda den dagen heilag i ætt etter ætt.

[15] Sju dagar skal de eta usyrt brød. Alt den fyrste dagen skal de få surdeigen ut or husa dykkar. Kvar den som et syrt brød mellom den fyrste og den sjuande dagen, skal rydjast ut or Israel.

 

Den største høgtid her på jord
er den eg held ved Herrens bord,
der Jesus bed meg vera gjest,
for der eg er hans hjarta nest.

Når eg med Jesus nattverd held,
eg minnast må den store kveld
då han med sine vener sat
og vigde inn den himmelmat.

Den kveld han brødet til dei braut,
dei Herrens eigen lekam naut.
Då vinen han i kalken slo,
gav han dei sjølv sitt dyre blod.

 

Vi sitt rund eit langbord. Det er ikkje dei same rettane vi har her i dag, men slik som dei første kristne skal vi har eit måltid i lag. Kyrkje det er meiner ikkje eit bygning, det meiner først og fremst eit fellesskap og utan dette fellesskapet er kyrkjebygget berre eit tomt rom.

Kva var på bordet då Jesus feira nattverd: Det var lamme kjøtet og brødet. Brødet skulle være usyra for å minne om at dei hadde hastverk då dei reiste frå Egypt. Dei hadde ikkje tid for surdeig. Vin skulle være med fordi det skulle være eit fest. Dei bitter urter i vinen skulle minne dei om å ikkje bli hovmodig i fridomen.  Dei skulle bli minna om dei bitre dagane i Egypt.

 

Jesus skal ha påskemåltid i lag med disiplene sine det fortel evangelisten Markus om:

Mark 14:12-16

Fyrste dagen i usyrdebrødshelga, den dagen dei slakta påskelammet, sa læresveinane til Jesus: "Kvar vil du vi skal gå og stella til påskemåltidet for deg?"  [13] Då sende han to av læresveinane i veg og sa til dei: "Gå inn i byen! Der møter de ein mann som ber ei krukke med vatn. Han skal de fylgja,  [14] og der han går inn, skal de seia til mannen i huset: Meisteren spør: Kvar er romet der eg kan halda påskemåltid med læresveinane mine?  [15] Då syner han dykk ein sal ovanpå med benker og puter, ferdig til måltid. Der skal de stella til for oss."  [16] Så gjekk læresveinane av stad, og då dei kom inn i byen, fann dei det så som han hadde sagt. Og dei stelte til påskemåltidet.

 

Det var den kveld han siste gong
den store lovsong med dei song -
den siste gong til over sky
han halda skal sin nattverd ny.

Den kveld hans kjærleik mot oss brann
så varmt som ingen elska kan,
og oss til minnegåve god
han gav sin lekam og sitt blod.

Så kom då, Kristi kyrkjelyd,
og tak den gåva han deg byd!
Kom her og tak av Jesu hand
det livsens brød i daudens land.

 

 

Pesah måltidet høyrar heime i familien og Jesus feirar med dei som er familien hans. Han er ikkje heime. Han inviterer seg sjølv hos nokon der han kjenner seg trygt. Han kjenne seg heime der.

Eg håper at også de kan kjenne at de er heime her i dette huset.

Det er husfaren som skal bed med gjestane. Vi veit ikkje kven som tok denne rolla denne gongen, om det var Jesus sjølv eller om det var han som eigde huset.

Dette er det siste måltidet for Jesus. Og med dette får pesah ein ny smak: Slik som gud gjekk framom  Israelsfolket  for å leie dei, skal Jesus leia menneska: Med sin død skal han overvinne døden. Jesus må dø. Med sin død skal han vise at menneskeleg makt leiar til døden, men guds makt leiar til oppstoda og eit nytt liv. Eit nytt liv ikkje berre for han, men for alle dei som trur på han. Og dette utfordrar oss til å bruke gåvene våre: For å ta imot dei som er framand, for å mette det svolt, for å gi vann til dei som tørster, for å forkynne det glade bodskap med det vi gjer.

 

Det må har vært ei rar stemning det i Jerusalem. Glad, men likevel nedstemt, glede og samstundes ei spent utryggleik.

Dei ligg til bords. Også Judas, han som snart gjer det som må gjerast. Han blir eit verktøy for menneska si makt og utan å vite om det blir han og eit verktøy for guds makt. Judas får være med. Jesus sender han ikkje bort. Han får ei siste sjanse til å vende om. Jesus veit kva Judas har tenkt å gjer. Det er han som få bestemme om dette måltidet blir det siste. Og Jesus snakkar med han. Judas svarer ikkje. Han kjem til å svikte han. Alt skal skje stille slik at det ikkje blir noko opprør. Han kjem til å melde Jesus til tempelpolitiet. Jesus veit det, men Judas svarer ikkje.

 

Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Markus i det 14. kapitlet:

Då det vart kveld, kom Jesus med dei tolv. Medan dei var til bords og åt, sa han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg – ein som et i lag med meg.» Då vart dei sorgfulle, og den eine etter den andre spurde han: «Det er vel ikkje eg?» Han svara: «Det er ein av dei tolv, ein som dyppar i fatet saman med meg. For Menneskesonen går bort, slik det står skrive om han, men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var født.»

Medan dei heldt måltid, tok han eit brød, takka og braut det, gav dei og sa: «Ta imot, dette er min kropp.» Og han tok eit beger, takka og gav dei, og dei drakk alle av det. Og han sa til dei: «Dette er mitt blod, paktblodet, som blir aust ut for mange. Sanneleg, eg seier dykk: Aldri meir skal eg drikka frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny i Guds rike.»

Slik lyder Herrens ord.

 

Også vi har svikta Jesus mange gongar. Vi har ikkje levd slik som han hadde ynskja det. Likevel våger vi å stole på Guds nåde. Vi kan vedkjenne  syndene våre og få dei tilgitt.

Og vi kan møte Jesus i nattverden slik som han sa det. Jesus feirar pessah som minna Israelsfolket på frigjeringa frå slaveriet i Egypt. Gjennom Jesu død og dette siste måltidet i Jerusalem blei nattverden, påskemåltidet også eit frigjeringsmåltid for oss. Jesus gjer oss fri dette blir synleg i nattverden.

 

For her ved Herrens nådebord,
her eig me himmerik på jord,
her Jesus ved Guds høgre hand
med oss går inn i syskenband.

Guds himmel han til jordi dreg
og gjer frå jordi himmelveg.
Hans kjærleik møtest med di tru,
han er i deg, i honom du.

Så signe du min altargang!
Lat meg få kvila i ditt fang,
til eg får fylgja deg frå jord
til nattverd ny i himmelkor.

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (o704 bordnattverd salmer.doc)o704 bordnattverd salmer.doc Michael Hoffmann68 kB