cimg5549

Helgereika Joh 21:1-14

Bilete viser Genesaretsjøen som også blir kalla for Tiberiassjøen etter den største byen som ligg att med sjøen.

Bilete viser ein fredleg innsjø som ligg over 200 meter under havnivået. Det ligg tåket på sjøen, sjølv om det er midt på dagen. Det er stille, det er varmt og det gir ei nesten magisk stemning.  Det må også vært ei rar stemning der etter den første påskedagen: Jesus hadde blitt krossfesta. Læresveinane rømde. Peter som hadde fylgd med Jesus på skjærtorsdag fornakta Jesus tre gongar i løpet av denne eine natta. Han såg også den tomme grava på første påskedag. Han hadde vært i lag med Jesus heilt frå starten av, men han skjønte ikkje kva som hadde skjedd.

Han reiser att til Galilea, til Kapernaum, fiskarbygda att med Genesaretsjøen, att til familien sin. Eit lite stykke utanfor bygda treff han fleire av dei som var i lag med Jesus og som nå er heimattkomen til Gallilea:  Tomas, som vart kalla Tvillingen, Natanael frå Kana eit litestykke lengre nord langs sjøen, Sebedeus- sønene og to andre av læresveinane. Dei er like tiltakslause som han. Dei veit ikkje kva dei skal gjere. Etter desse åra med Jesus klarer dei ikkje å gå att til sitt. Dei berre klarer ikkje å leve vidare slik som før. Dei finn ikkje at til det gamle livet sitt. Dei er språklaus. Dei veit ikkje kva dei skal gjere. Det er så mange forventningar som vart knuste på langfredag.

Peter er den første som ta eit tak, han tåler ikkje stilleiken lengre: "Eg vil av og fiska." seier han. "Vi går med, vi òg," sei dei andre. Endeleg eit initiativ! Endeleg noko å gjer! – Men det blir ikkje noko fisk denne kvelden og ikkje i natta heller. Då det blir lyst ved horisonten er dei på veg til stranda. Det står ein mann der. Dei kjenner han ikkje. Han sei at dei skal fare ut ein gong til og at dei skal kaste ut nota på høgre side. Ok, alt er betre enn att til tause stilleika. Dei farar ut ein gong til. Og denne gongen er nota så fulle at dei ikkje klarer å dra dei inn i båten. Så drar dei nota med båten att mot stranda.

Kven var denne mannen ved stranda? Johannes og Peter ser på kvarandre. Kan det være Jesus?  Det må være Jesus! – Ingen anna kunne ta vare på dei slik som han! Det må være han! – Peter hopper frå båten i den flate sjøen og spring mot stranda. Og då han kjem ditt sitt Jesus der ved eit bål og har laga mat til dei: Brød og fik. "Kom og få mat!"  seier han og ingen lurer lengre på kven han er. Det er berre ein som på ein slik måte klarer å ta vare på sine. Nå klarer dei å tru at han ikkje er død, men at han er oppstod.

Sjølv om du skulle reise til Genesaretsjøen i dag ville du mest sannsynleg ikkje møte Jesus der. Likevel ynskjer Jesus å møte deg. Den oppstadne Jesus Kristus ynskjer å møte deg i kvardagen din her i Noreg. Han ynskjer å ta vare på deg slik som han tok vare på læresveinane. Han ynskjer møte deg om du slepp han til. Det er så mykje som kan tale for at gud ikkje finns eller at det er umogleg å tru: Kyrkja eller ”dei kristne” som svikta deg, sjukdom eller andre ting som gjer livet vanskeleg. Men det finns ein viktig grunn for å tru: Jesus Kristus. Han som døde på korset for deg og som er oppstod for deg. Han klarer ikkje å verne deg mot alt vondt, men han kan og han ynskjer å ta vare på deg slik som han tok vare på læresveinane:

”For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.” (Joh 3,16)

Michael Hoffmann