Om ikkje dagen i dag er ein festdag så veit eg ikkje kva som må til for å få ein sikkeleg festdag her på Øya: Barnedåp, konfirmasjons og påske, den viktigaste kristne heilagdagen. Ok, dåpsbarnet kunne være busett her på øya og det kunne være fleire enn berre konfirmanten vår.  Men ein ikkje krevje alt på ein dag. Det er tross alt unge folk, til og med, med barn og som ikkje er frå som har flytta ut hit og det gir i alle fall håp AT det skal være konfirmasjon også nokre år fram i tida. Og når eg også ser nokre folk att her i kyrkja , då er i alle fall eg styrkja i håpet om at det går rette vegen.  Eg har eit håp på at denne øya ikkje er død, men at den kan reise seg att og få nytt liv. Eg har håp for denne øya.

Håp er også det som påske handlar om: Håpet på oppstoda, håpet på eit evig liv. Jesus blei døde på korset og han blei lagd i grava, men han blei ikkje liggande der . Han reiste seg att, han lever, han er oppstod.  Slik som det kan være vanskeleg å tru at denne øya skal reise seg att. Slik kan det også være vanskeleg å tru at Jesus verkeleg var død og vart levande at. Og slik skal det også skje med oss om vi trur på han. Det kan være vanskeleg å tru, men det er umogleg å forstå dette. Det er umogleg å forstå. Forstanden, dette vesle kammerset her oppe, den klarer ikkje å fatte, men likevel kan vi tru på det vi kan satse på det sjølv om vi ikkje klarer å fatte det. Og så skal vi vite at vi ikkje er dei første som har vanskar  med å det. Også dei første som kom til grava hadde utfordringane sine:

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Johannes i det 20. kapitlet:

Tidleg om morgonen fyrste dagen i veka, medan det endå var mørkt, kom Maria Magdalena til grava. Då fekk ho sjå at steinen var teken bort frå grava. Ho sprang av stad og kom til Simon Peter og den andre læresveinen, han som Jesus hadde kjær, og sa til dei: "Dei har teke Herren ut or grava, og vi veit ikkje kvar dei har lagt han." Då tok dei ut, både Peter og den andre læresveinen, og gav seg på veg til grava. Dei sprang saman, men den andre læresveinen sprang snøggare enn Peter og kom fyrst til grava. Han bøygde seg inn og såg linkleda liggja der, men han gjekk ikkje inn i grava. Simon Peter fylgde etter, og han gjekk inn. Han såg linkleda som låg der, og kledet som Jesus hadde hatt over hovudet. Det låg ikkje saman med linkleda, men ihoprulla på ein stad for seg. Då gjekk den andre læresveinen òg inn, han som var komen fyrst til grava. Og han såg og trudde. For endå hadde dei ikkje skjøna det Skrifta seier, at han skulle stå opp frå dei døde. Så gjekk læresveinane heim.

Slik lyder Herrens ord.

Dei har det vanskeleg med å skjønne korleis dette skulle gå. Dei har høyrt kva Jesus har fortalt om seg,  dei ser den tomme grava, dei ser teikna for håpet og likevel skjønner dei ikkje kva som har skjedd. Det ligg utanfor rekkevidda av det dei klarer å forstå. Dei klarer ikkje å fatte det og dei har ennå ikkje lært seg å tru på det. Forstanden står i vegen. Og når den står i vegen hjelper det av og til å få hjelp frå dei minste.

” Sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.” seier Jesus. Borna spør ikkje korleis Jesus kunne bli levande att, dei spør heller kor han er nå. Og han er med oss. Ikkje synleg lengre, men usynleg. Han lever, han er med oss og han ynskjer å ta vare på oss. Og det er det trua handlar om. Vi skal ikkje og vi klarer ikkje å forstå alt. Men sjølv den enklast klarer å tru. Å tru det å satse på, å stole på utan å forstå det utan å fatte det. Gud er for stor til å fatte han, men vi kan tru på han. Og denne trua, der ein innrømmer at ein ikkje klarer å forstå alt men ”berre” trur, den kallast gjerne også for barnetrua.

Når Emil i dag konfirmerast, markerar vi også at har blitt eit stykke meir voksen. Men eg håper på at han aldri blir så voksen at forstanden hans står i vegen for trua. Eg håper at han og vi alle kan halde fast på barnetrua utan at vi må forstå alt. Eg har studert teologi i 7 år berre for å skjønne kor lite eg forstår. Vi må halde fast på barne trua og vi må leve den. Den kriste trua overlever ikkje einsamt i kammerset, men treng fellesskapet. Den treng fellesskapet og den må levast på festdagar som i dag , i tunge stundar, men også i kvardagen. Trua må levast sjølv om dagane er hektisk.

AMEN