Kva er dette her for noko?

Dette er ein bibel. Dette er ein bibel som eg fekk då eg byrja å jobbe som prest for noko meir enn sju år sidan. Den er frå XXXX, og den er ikkje så veldig praktisk. Veit dokke kvifor?  Den bruker nemleg ein frykteleg gamal skrifttype og så er den også står teksten der inne også inne med mange gamle og rare ord slik at det nesten ikkje er råd å forstå dei. Då er det mykje enklare å bruke ei slik som denne her: Konfirmantbibelen. Så dei fleste som les bibelen les den på ei eller anna oversetting. Og framleis oversetjast bibelen til ny språk.

Men opphavleg var bibelen jo på to forskjellige språk eit språk for det gamle testamentet og eit språk for det gamle testamentet. Er det nokon som veit kva slags språk dette er? (Hebraisk) Og dette ? (gresk). Både det gamle og det nye testamentet er delt in i bøker. Kor mange av dei er det  GT og kor mange i NT?

Men det er få som bruker dei på dei opphavlege språk. Men bibelen skal brukast. Den er guds ord. Det er først og fremst gjennom bibelen at gud snakkar med oss. Vi trur på ein gud som vil oss vel, som ynskjer å ta vare på oss. Men for at han skal kunne gjer dette må kan kome i kontakt med oss og den beste måten å gjer dette på er gjennom bibelen. Difor skal vi lese  i den – kanskje ikkje alt på ein dag, men litt kvar dag.

Det er viktig at vi kjenner guds historie med menneska som vi finn i bibelen og difor har 5 klassingane i lag med meg vandra gjennom dei viktigaste historiene i bibelen. Men før vi skal vise dykk denne vandringa  gjennom bibelen har eg lyst til å utfordre bibelkunnskapen til heile forsamlinga litt.

Og så ber eg 5. Klassingane om å kome frem til meg. Dokke skal nemleg få litt hjelp med meg med at eg vis teikna til det rette spørsmålet slikk at dokke berre treng å huske det rette ordet:

 

 

Kva heit svigerdottera til Tarah?-  Sara

Kven var slave i huset til Pottifar ?– Josef

Kven fekk hjelp med Jesus etter at han ropa: «Du Davids son, miskunna deg over meg!» - Bartimeus

Kva var heimbyen til Abraham? - Ur

Kva skjedd då to ikkje ville lytte på eit forbod frå gud? Syndefallet

Kva gjorde Jesus etter at han reinsa tempelet ?- Påskemåltid

Om kva bibelsk person veit vi at han sleit med depresjonar? Saul

Å fortelje om gud og guds rike er ofte vanskeleg, men Jesus brukte eit spesielt grep, kva kallar vi dette grepet for? Likningar

Kven var ein teltmaker som var født i byen Tarsus? - Paulus

Kva er det viktigaste som skjedde etter at Jesus døde på korset? - Oppstod

Jesus Kristus er oppstod for å frelse oss, for å ta vare på oss i dette livet og utover det. Dette er kjernen i evangeliet, den glade bodskapen. Jesus Kristus døde for oss og  han er stod opp for oss. Det er viktig at vi tar vare på dette og difor skal 5. Klassingane nå kome opp med meg vise heile vandringa og får Nytetstamentet sitt.

 

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (100124 Agenda.ppt)100124 Agenda.ppt Michael Hoffmann800 KB