Det er 1621. Han går ein siste gong frem til alteret han sløkker lyset og tar med seg nattverdskalken. Nattverdskalken, han er symbolet for dei protestantske kristne i landet. Det å kunne ta del i nattverden med både brød og vin meiner så mykje for dei. Men nå er slaget tapt. Protestantane tapte slaget ved det kvite fjellet. Og nå skal dei utryddast i landet. Det er eit år sidan dette skjedde og nå er det vinter igjen. Enten må dei konvertere eller så må dei rømme frå landet. Dei fleste har allereie gjord det han og dei siste ventar på han ved utkanten av byen. Han har i grunn ikkje lov til å være her lengre . Han skal berre låse kyrkja og passe på at dei ikkje tar han. Det er her han blei vigsla til prestetenesta for 5 år sidan. Det er her han gifta seg  for tre år sidan, her døypte han sine to små jenter.  Kona og borna er allereie flykta og gøymer seg. Han håper å kome att snart. Han håper å møte dei snart. Men han veit ikkje at han ikkje får møte familien sin før svartedauden tar dei om eit år. Han veit heller ikkje at han skal bli den siste biskopen i kyrkjesamfunnet sitt, sjølv om han nesten utelukkande blir huska som pedagog.  Namnet hans er Johan Amos  Comenius.

Han er kjent som grunnleggaren av den moderne pedagogikken som sett borna i sentrum og som i utgangspunkt var tenkt som trusopplæring. Comenius var født den 28. Mars 1592 og døde i eksil i Amsterdam den 15. November 1670. Comenius måtte lide men han gav aldri opp trua og håpet om at gud skulle hjelpe både han og dei som han delte trua med.

På grunn av krigane i Mellom-Europa måtte mange av kyrkjesamfunnet hans forlate Polen i  1722.

I 1722 kom ei gruppe bøhmiske protestantske kristne til greven  Nikolaus Ludwig von Zinzendorff i Sachsen. Dei måtte flykte frå  heimstadane sine pga. dei konfesjonelle krigane som herja på kontinentet  frå 15-1700talet. Hos Greven Zinzendorff fekk dei ein fristad og kunne grunnleggje ny by som dei kalla for Herrnhut, ”Vakta av Herren” . Her kunne dei leve trua si fritt. Byen ligg i Sachsen ein del av tyskland som eg er godt kjent med.

Byvåpen til Herrnhut er ein vakthytte. Den symboliserar at man skal være på vakt og vente på at kjem Jesu att, men også at man lever under auga til Herren som vakter sin hjord. Ei slik hytte er bygget på Hutberg, åsen nær byen..

Herrnhuttarane er fram til i dag fromme menneske og guds ord står høgt for dei. Sidan 1728 trekker dei eit bibelord for kvar dag i året og sidan 1731 blir dei publisert eit år i førevegen.

Herrnhutarane hadde med si fromleik også stor innflytelse på pietismen i Noreg.

I tradisjonen frå Herrnhut er blir det sidan 1930 valt eit ord  for året for kvart einaste år. For 2010 står dette ordet hjå evangelisten

Johannes kapitel 14 vers 1:

Jesus Kristus seier: Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg!

Slik lyder Herrens ord

Det er dette ordet eg ynskjer å gi dykk med inn i dette nye året Herrens år, anno domini 2010.

Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg!

Det er mykje som kan uroa oss i desse dagane på veg inn i det nye året. Det kan være finanskrisa, det kan være sjukdom, framtida til borna, framtida for kyrkja eller lokalsamfunnet og mykje, mykje meir.

Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg!

Alt dette kan sikkert skape uro og denne uroa er sikkert i ikkje utan grunngiving heller. Men det er ikkje det som skal styre oss.

Vi har trua på den treeinige gud, på gud fader, gud som Jesus Kristus og den heilage ande.  Og denne gud ynskjer å ta vare på oss. Vi er borna hans og han er vår far. Han ynskjer å ta vare på oss, men det er vi som må sleppe han til. Vi må våge å stole på han, vi må våge å kaste bekymringane  våre på han.

Comenius stola på gud sjølv i det djupaste mørkret. Kyrkjesamfunnet hans har overlevd og i dag finns det Herrrnutarar i mange land på jorda og i Tsjekkia er trussamfunn som kjem brødrekyrkja til Comenius dei største protestantske trussamfunn. Det er full fridom for trua der og eg sjølv har studert på Comenius fakultetet .

Det vil sikkert bli nok grunn til bekymringar  og uro i 2010, men ingenting er for stor for gud. Alt kan kastast  på han, alt kan delast med han. Og han ynskjer å hjelpe sjølv om han ofte hjelper på si måte og ikkje slik som vi forventar det. Han tar vare på oss, men det er vi som må sleppe han til:

Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg!

AMEN