Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Johannes i det 1. kapitlet:

I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. Han var i opphavet hjå Gud. Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. I han var liv, og livet var ljoset for menneska. Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.
Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud. Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.

Slik lyder Herrens ord.

 

Nokre tekstar er enkelt å forstå. Denne er det ikkje. Den er kjent, men den er ikkje enkelt å forstå. Den er heller ikkje så enkelt å oversetje frå den greske originalen. Der, der vi les at guds ord tok bustad mellom oss står det i den greske originalen εσκηνωσεν det same ordet som vi finn att i σκηνοπιος som er ordet for det yrket som Paulus hadde. Og han var som mange veit teltmakar. Så det som står der i den greske teksten er i grunn at guds ord telta blant menneska.
Men kven er det teksten eigentleg snakkar om? Kven er det som er ordet og kven er det som er ljoset? Det er Jesus, barnet i krybba som er det sanne ljoset og det sanne ordet. Det er han som skal tale for oss og det er han som skal gjøre livet lysare. Guds son var der som ein del av den treeinige gud heilt sidan verda blei til. Han var der ved skapningen og under skapningen. Men det er først i Jesus Kristus at han vart menneske. Gud vart menneske for å være oss nær for å være med oss.

Utan gud er det mørkt i verda. Når kvar og ein er ansvarleg berre overfor seg sjølv er det ingen vi må stå til ansvaret for. Når vi gløymer kor vi kjem i frå, kven som har skapt oss og kva vi er skapte til, då blir det mørkt i verda. Vi er skapte til å tene gud og medmenneska våre. Og han trenger tenesta vår for det er mørkt i verda. Verda vegrar seg mot å ta i mot gud. Den gjorde det denne gongen då  Jesus vart født og den gjer det frem til i dag. Gud passar ikkje inn i røynda vår. Han er for stort og han kan ikkjeforklarast. Ein gud som ynskjer seg at vi engasjerer oss for han, ein sånn gud er alt for krevjande.

Guds som kom til denne verda og verda klarte ikkje å ta imot han. Dei som tok imot han dei gav han eit håp, ein lovnad om eit betre liv.

Guds son, ordet, vart kjøt, vart menneske og telta iblant oss. Eg har med meg eit telt. Eit telt har både fordeler og ulemper. Ein av fordelane er at ein setje det opp nok så raskt og at det går an å slå det saman nesten like raske. Kor mange av dokke har erfaring med camping?

Når ein er på camping, då er ein gjerne på tur. Ein bur ikkje der fast. Ein slår ikkje rot. Ein er der mellombels, før ein drar vidare. Og skal ein bli der litt lengre så er det gjerne nokre folk der som møter ein på det beste.

Då Guds son vart menneske , då telta det oss i mellom. Barnet som blei født på julaftan var ikkje velkomen, men forstyrrar freden. Gud blei menneske og kom til jorda men det er få som tok imot han, det var få som bad han inn i husa sine. Han fekk ikkje bu fast eller slå rot blant dei. Han berre telta der.  Alle hadde gode grunner for å unnskylde seg eller for å avvise han.

Nokre våga det likevel og tok han inn i hjarta sine og stuene. Han fekk bu der og dei fekk eit glimt av kven han var.  Dei fekk sjå hans tilgivande kjærleik og hans sanning, hans herlegdom.

Men korleis er det med oss. Får Jesus kome inn i stuene våre? Eller må han telte ute? Kva plass har guds son i livet ditt?

Det er berre nokre dagar som er att i dette året.  Og før ein går inn i det nye året er det ein god sikk å lage seg nokre nyttårsføresett. Korleis hadde det vært med å finne vegen til kyrkja og bedehuset litt oftare. Med å lese ein heil bok i bibelen – det treng nok ikkje å være filemonbrevet? Korleis hadde det vært å bli med i ei alphagruppe som møtast ein gong for månaden. Det trengs ikkje meir en ein liten kontakt med Tom Christensen og så kan han finne ei gruppe for deg. Trua må levast.

Gud blei menneske for å være oss nær. Han ynskja å være oss nær og han ynskjer at vi lever denne trua som gjer oss til borna han ynskjer at vi lever trua at vi slepp han inn i livet vårt. Gi han mogleik til å busette seg hos deg. God JUL Amen