Har du nokon gong ligga ute ei natt? Eg har gjord det. Det var berre ei natt og det var nok så ubehageleg. Sjølv om det var ei  summarnatt eg sov under brua så kjentest den nok så kald.

Då Jesus kom til jorda for over 2000 år sidan blei han ikkje tatt imot med varme og glede men nok så lunken. Bortset frå nokre vismenn, nokre gjætarar andre enkle folk slik som fiskarar og nokre utstøtte slik som tollarar var det få som brydde seg om han.
Allereie den første natta måtte han ligge ute. Han blei født i ei fjellhole, i ein stall. Dette var ikkje romantisk, dette var svært ubehageleg og Maria og Josef hadde gitt nok så mykje for å unngå dette.

Det er nok mange som finn vegen til kyrkja på julaftan og får høyre Juleevangeliet der, mens dei som kjem på første juledag får høyre byrginga av Johannesevangeliet :

I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. Han var i opphavet hjå Gud. Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. I han var liv, og livet var ljoset for menneska. Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.

Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud. Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.

Slik lyder Herrens ord.

 

Når ein les den greske teksten nøye så kan ein gjerne lese at ordet telta blant menneska i staden for at det tok bustad der. Ordet det er guds son, det er Jesus Kristus. Han fekk ikkje slå rot blant folka, dei tok ikkje imot han. Han fekk ikkje byggje seg eit hus, han fekk berre slå opp eit telt. Det var få som gjekk han i møte.

Korleis hadde han blitt tatt imot i dag. Eg blir redde når ei tenkjer på om han skulle fødast ut i Noreg i dag.

Det er nok så kaldt i desse dagar. Det er kaldt ute og det er kaldt inne når du feirar jul åleine. Og diverre er det framleis for mange som er åleine. Ofte er det lite som må til for å møte eit menneske som menneske: Ei pose med julebakst eller ein kopp kaffi kan være nok. Det er sikkert nokon som du kunne møte nå i juletida, ein kunne være ein neste til deg.

 

For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg. 'Sanneleg, eg seier dykk: Alt de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg.' (Matt 25)

 

Ta imot Jesus og ta imot medmenneska dine. God jul!

Michael Hoffmann