På sundag er det den 6. Desember. Det er andre sundagen i advent og det er Nikolasdagen, dagen til sant Nikolas. Eg husker denne dagen godt frå barndommen min: Kvelden den 5. desember skulle vi pusse støvlane våre og setje dei ut. I dei støvlane som var reine skulle den heilage Nikolas leggje godteri og i dei som framleis var skitne skulle det være eit stykke kull. Det var alltid godteri i støvlane mine.

Den 6. desember er minnedagen til Nikolas frå Myra, han som med godt samvett kan kallast for den opphavlege julenissa. Nikolas skal ha blitt født rundt år 280 i Patara i Lykia, senere omdøpt til Arsinoe. Restane av staden ligg nær den vesle byen Gelemis i dagens tyrkiske provins Antalya. Hans onkel biskop Nikolas vigsla den unge Nikolas til prest da han var nitten år. Foreldra til Nikolas døde av svartedauden og den unge presten blei arvingen til ein stor formue. Han brukte det nok ikkje på seg sjølv men delte det i det stille ut til dei fattige. Alt dette gjorde han utan at det skulle bli merksemd på han sjølv. I år 300 veljast Nikolas av folket til biskopen av Myra. Bispedømet han skal har vært i dårleg tilstand men han klarer å forvandle det med fromleik, energi og mirakel. Under ei av dei mange forfølgingane av dei kriste på 200 og 300talet skal har blitt fengsla og torturert rundt år 310. Likevel skil han seg ut blant helgane frå denne tida gjennom det at han døde fredleg i senga si ein 6. Desember 345 og 351, mens dei fleste andre døde på grusamme måtar. Dette er faktene som vi veit om han, og så er det historiene: Den mest kjente er nok den om dei tre jomfruene: Faren til dei tre jentene hadde mista formuen sin og hadde ikkje råd til medgift for dei. Faren var så desperat at han ville selje jentene til eit bordell. Den unge presten fekk høyre om det og i det løynde midt i natta kasta ein sekk med gul gjennom vindauget til jentene. Kort tid etterpå var den første jenta lykkeleg gift. Nikolas gjentok det heile for den andre jenta, men då tredje jenta hold på bli voksen la faren seg på lur for å kunne takke velgjeraren til familien. Ei variant av legenda fortel at Nikolas difor kasta pengesekken gjennom skårsteinen for å ikkje bli oppdaga. Den tredje jenta hadde hengt opp strømpene sine ved glørne for at dei skulle tørke og i ein av dei falt pengegåva. Slik får borna i England julegåvene sine i strømpene ved peisen frem til i dag.

Biskop Nikolas blei med gåvene sin seinare opphavet til julenissa og i mange land kjem julenissen framleis i kvit bispedrakt og raud kappe. I England og America er han kjent som Santa Claus. Til Noreg kom han frå Tyskland og Danmark på 1800talet. Men det er først Coca Cola som på 1930tallet plasserte den raude nisselua på hovudet hans. Bodskapen til biskop Nikolas var nestekjærleik. Han klarte å gi frå seg det medmenneska trengte om det så var arven etter foreldra sine. Også i dag trengs det neste kjærleik. Men det mest kostbare vi har er for dei fleste ikkje pengar, men tid. Bruk tida. Ta deg tid for medmenneska dine. Det er ikkje så viktig kor stor gåvene blir, det er mykje vitigare at vi tar oss tid for kvarandre.

Ei velsigna god adventtid til deg og dine neste. Michael Hoffmann