Kor skal dokke være til jul? Skal de være heime? Skal de være borte? Besøke foreldre eller besteforeldre? Eller Barn og barnebarn? Eg for min del, eg skal være heime og eg skal være på jobb. Så de kan stole på at de treff meg i kyrkja.  Men sidan eg skal være her i jula, så har eg allereie reist litt og besøkt nokre av mine. Og når ein er på tur, då får ein  oppleve noko.  Ein få sjå nye ting og ein får treffe nye menneske. Og det er det eg fekk oppleve. I Prag fekk eg treffe fleire folk som eg aldri hadde møt før og ein av dei presentere seg slik: ”Hei, eg heiter Stefan og eg er adventist?” Ein adventist? Veit dokke kva dette er for noko? Det vi veit er at vi feirar første  advent, første sundagen i adventtida i dag. Men ein adventist? Kva er det for noko? Sjølv om eg hadde hørt ordet ein gong før måtte eg likevel spørje han om det, det er jo ikkje alle dagar ein treff ein ekte adventist. Så eg spurde han og han svara: ”Advent tyder framkomst. Å feire advent tyder at vi venter. Før Jesus får opp til himmelen sa han at han skulle kome att.  Ingen veit når, men vi skal være førebudd. Han skal kome att og vi prøver å være førebudd på det, det er det meiner å være adventist for meg og dei fleste i kyrkjesamfunnet vårt.”

Adventist meiner for han at dei prøver å  være førebudd på at Jesus  kjem att – kanskje i morgon. Det er ikkje dumt det. For første gang Jesus kom var det nok mange som venta på at ein frelsar kom, men få var førebudd då Jesus kom, det fortel dagens preiketekst om:

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Lukas i det 4. kapitlet:

Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagoga, som han var van med. Då han reiste seg og ville lesa frå Skrifta, gav dei han boka åt profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:

Herrens Ande er over meg,
for han har salva meg til å forkynna
ein gledebodskap for fattige.
Han har sendt meg for å ropa ut
at fangar skal få fridom,
og at blinde skal få sjå,
for å løysa dei trælka or tvang
og ropa ut eit nådeår frå Herren.

Så rulla han bokrullen saman, gav han til tenaren og sette seg. Og alle som var i synagoga, heldt augo sine feste på han. Då tala han til dei og byrja såleis: "I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på." Alle lét vel om han og undra seg over dei herlege orda som kom frå hans munn.

Slik lyder Herrens ord.

Jesus er i heimbygda si. Han går til synagogen, det jødiske bedehuset der. Dei har gudsteneste og han får ei skriftrulle frå bibelen, frå det gamle testamentet som han skal lese i frå og snakke om. Dei hadde ingen bøker ennå men skriftruller og Jesus får ei rulle der det står det 61 kapitelet frå profeten Jesaja. Teksten var allereie den gongen fleire hundre år gamal. Og den uttrykker ei forventning. Den snakkar om forventninga om at ein frelsar , ein Messias skal kome for å fornye verda. Han skal rydde ut all urett og opne ei ny røynd for folket sitt. Det er det dei har lært og det er det dei ventar på. Jesus tar skriftrulla og les:

 

Herrens Ande er over meg,
for han har salva meg til å forkynna
ein gledebodskap for fattige.
Han har sendt meg for å ropa ut
at fangar skal få fridom,
og at blinde skal få sjå,
for å løysa dei trælka or tvang
og ropa ut eit nådeår frå Herren.

 

Og så legg han ikkje ut på ei lang preike med mange forklaringar. Han seier berre ei einaste setning: "I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.". Først er dei stille og så kan dei kan ikkje anna enn å undre seg. ”Er ikkje dette sonen til Maria og Josef, tømmermannen, byggmeistaren vår” ”Kva er det han seiar?” ”Skal han være Messias?” ”Eg blir oppriktig bekymra for han og mora hans.” ”Har han vært på byggeplassen utan verneutstyr?” ”Han må ha fått seg ein bjelke i hovudet!” Diskusjonen blir meir og meir hissig og til slutt jagar dei han ut av bygda.

Dei venta på ein Messias, på ein frelsar som skulle opne ei ny røynd for dei, men dei var ikkje førebudd på at han verkeleg kom. Dei var fange i sine eigne forventingar og i det dei hold på med til dagleg. Og i det var det berre plass for Jesus som tømmermann, men ikkje som Messias. Dei stå fast i det dei visste og der var det ikkje plass for noko nytt, dei var ikkje førebudd på at han som dei venta på kunne kome og i alle fall ikkje frå bygda deira.

Også vi som kristne skulle vente. Vi skulle ikkje berre vente på eit evig liv etter døden, men også på det at Jesus oppfyller lovnaden sin om å kome att og opprette ei ny røynd.

Men er vi førebudd på dette. Hadde vi klart å ta imot han om han dukka opp i dag eller i morgon?  Hadde vi vist oss som folket i Nasaret som avviste han, eller hadde vi vært som læresveinane som han kalla deretter og som fylgde etter han? Jesus skal kome att. Han skal kome att og sjølv om statistikken ikkje gjer det noko særleg sannsynleg: Han kan kome att i dag og i morgon. Det er det adventisten Stefan minna meg på: At vi skal være førebudde. For han er det adventtid heile året, og det er bra. Adventtida vår er korte – berre 4 veker, men det hadde vært godt om vi kunne bruke denne tida. Det hadde vært bra om vi kunne bruke denne tida ikkje berre til å førebu gåvene, huset  og maten, men også og ikkje minst oss sjølve. At vi gjer oss sjølve klare. Klare til å ta imot Herren Jesus Kristus!

AMEN