1 Sam 3:1-11

Guten Samuel gjorde no teneste for Herren, og Eli hadde tilsyn med han. I dei dagar kom det sjeldan ord frå Herren, og av syner var det få.  [2] Så var det ein gong medan Eli låg på romet sitt. Augo hans hadde teke til å dimmast; han såg ikkje klårt.  [3] Guds lampe hadde endå ikkje slokna, og Samuel låg i Herrens tempel, der Guds paktkiste stod.  [4] Då ropa Herren på Samuel. Han svara: "Ja, her er eg,"  [5] og sprang inn til Eli og sa: "Her er eg. Du ropa på meg." Men Eli sa: "Eg ropa ikkje. Gå og legg deg att!" Så gjekk han og la seg.  [6] Då ropa Herren ein gong til: "Samuel!" Og Samuel stod opp og gjekk inn til Eli og sa: "Her er eg. Du ropa på meg." Men Eli svara: "Nei, eg ropa ikkje, guten min. Gå og legg deg, du!"  [7] Samuel kjende ikkje Herren, for Herrens ord var endå ikkje openberra for han.  [8] Så ropa Herren tredje gongen på Samuel. Og han stod opp og gjekk inn til Eli og sa: "Her er eg. Du ropa på meg." Då skjøna Eli at det var Herren som ropa på guten.  [9] Og han sa til Samuel: "Gå og legg deg! Og ropar han på deg att, skal du svara: Tala, Herre, tenaren din høyrer!" Så gjekk Samuel og la seg i romet sitt.

[10] Då kom Herren og stod framføre han. Han ropa som før: "Samuel, Samuel!" Og Samuel svara: "Tala, tenaren din høyrer!"  [11] Då sa Herren til Samuel: "No vil eg gjera slike ting i Israel at det ringjer for øyro på alle som høyrer om det.

 

Er du flink til å lytte? Klarer du å høyre meg nå? (Høg stemme) Klarer du å høyre meg nå? (vanleg stemme) Klarer du å høyre meg nå? (lav stemme).

Det er ofte vanskeleg å forstå kva han seier. Klarar dokke å være heilt stille i eit augeblikk? Heilt stille?

Ein må kunne være stille for å høyre gud. Ein må klare å lytte på han. Har gud nokon gong snakka til deg? Eg har opplevd at gud snakka til meg.  Samuel hadde det vanskeleg å få tak i det at det var gud som snakka med han, men han var flink til å lytte på gud.  Han var så flink i det at han til og med klarte å forklare andre folk kva gud ville.

Det er ofte vanskeleg å forstå kva gud vill. Til tross for at Samuel hadde det vanskeleg med å skjønne at det var gud som kalla på han, hadde han det likevel nok så enkelt: Gud snakka direkte med han.

Eg har aldri opplevd at gud snakka direkte til meg, men eg har opplev at eg kan snakke direkte til gud. Eg kan be til han og eg har opplevd at han hører det eg seier uansett om eg ber stille slik at nesten ingen kan høyre det eller om eg skrik med heile mi kraft. Og av og til så må eg av og til så må eg berre slappe ting ut til han – og det går an.

Men når han skal snakke med meg , då blir det litt meir vanskeleg. Eg bur ikkje i templet, ikkje i kyrkja heller. (Men kanskje er det nokon her som fekk høyre gud i natt?)

Eg har opplevd at gud snakkar med meg gjennom andre menneske. Det var gjennom to småjenter at gud satt meg på tanken om at han kunne finnast i det  heile tatt. Og så var det for eksempel blant anna gjennom ein gamal organist som spurde meg om eg ikkje kunne tenkje meg å bli prest då eg framleis var 100% sikker at eg skulle bli lege, at gud kalla meg til prestetenesta. Og så var det ein gamal speidarprest rett før pensjoneringa som sa att dei kunne har bruk for meg som prest i Noreg. Jo, eg trur faktisk at gud har kalla meg til å være prest i Haram. Gud har kalla på meg, berre at det er litt meir vanskeleg for meg å forstå kva han vil av meg, enn det var for Samuel.

Trur du at gud kallar på deg? Gud kallar på oss alle. Gud er glad i oss, han har gitt gåver heilt sidan vi vart fødde. Og gud ynskjer at vi tar i bruk disse gåvene. Alle har gåver som han kan bruke: nokre er flink til å smile, andre til å syngje, til å spele, til å  bake kake eller til å tale og mykje, mykje meir …

Men gud har bruk for alle. Og kanskje han bruker deg til å sei noko til nokon utan at du sjølv legg merke til det.

Men gud har bruk for alle og han kallar på alle slik som han kalla på Samuel eller slik som Jesus kalla på læresveinane. Gud kallar på oss men det er vi som må velje om vi still oss tause eller om vi svarer  slik som Samuel: ”Tala, Herre, tenaren din høyrer!”

AMEN