”Midt i livet er vi omgitt av døden – eg skal snu det: midt i døden er vi omgitt av liv.”

Det er Martin Luther som har brukt dette verset i ein av sine salmar.

Mange av dykk står midt i livet. Det er familie, venner, barn og kanskje barnebarn rundt dykk – det levande livet! Og så har det skjedd noko som kan setje eit spørsmålsteikn bak nesten alt: Døden! De mista ein av dykkar kjære, de møte døden. Han kan setje ei spørsmålsteikn bak nesten alt i livt.

Døden her på jorda er ein avskjed, vi skiljast. Og sjølv om den som reiste venta lenge på avskjeden, eller særleg når den skjedde nok så bratt, så er dette krevjande.

Det blir eit tomrom, noko som manglar. Og sjølv om dette livet må gå vidare. Tomromet er det og det kjennast særleg ved festane men også i dei utfordringane som ein før klarte så godt i lag.

Det kan gjøre vondt å kjenne på dette tomromet.

Når nokon har reist rå oss bruker vi ofte å tenne eit lys. Eit lys i mørkret i dette tomromet.

Det er ein tekst som eg kjenner som eit lys i mørkret og som eg difor bruker i alle gravferdene:

 

Det står skrive i Johannes’ openberring i det 21. kapitlet:

Eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den fyrste himmel og den fyrste jord hadde kvorve bort, og havet var ikkje meir. Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, budd som ei brur som er pynta for sin brudgom. Frå kongsstolen høyrde eg ei høg røyst som sa: "Sjå, Guds bustad er hjå menneska. Han skal bu hjå dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå dei. Han skal turka kvar tåre frå augo deira, og døden skal ikkje
vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsle. For det som før var, er
borte."
Då sa han som sit på kongsstolen: "Sjå, eg gjer alle ting nye!" Og han la til: "Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne." Så sa han til meg: "Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tyrste av kjelda med livsens vatn for inkje. Den som sigrar, skal arva dette, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son."

Slik lyder Herrens ord.

 

”Midt i livet er vi omgitt av døden – eg skal snu det: midt i døden er vi omgitt av liv.”  Tomromet er der. Avskjeden er unnagjord. Og likevel som kan ein kjenne seg einsam. Ein kan sakne noko.

”Midt i livet er vi omgitt av døden – eg skal snu det: midt i døden er vi omgitt av liv.”

Avskjeden er ingen avskjed for all æve. Jesus har sigra over døden. Den som trur på frelsaren, på Jesus Kristus, den er ikkje død når ein reiser frå denne røynda. Då Jesus døde på korset mista døden makta si over aller dei som trur på frelsaren. Og Jesus opna ei port inn i ei ny røynd: det evige livet. Ei røynd der vi skal være lykkeleg, ei røynd der vi slepp å blir irriterte, ei røynd der gud får sørgje for oss fylt ut. Der han klarer å tav vare på oss slik som han ynskjer det. Ei røynd der det blir slik som i paradiset.

 

Gud ynskjer å være med oss. ”Og så eg er med dykk alle dagar så lenge verda står” seier Jesus før han fer opp til himmelen. Dette er ingen trussel, men ein lovnad.” Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.” (Joh 14,6) Jesus er livet og han ynskjer å halde oss i handa si. Han ynskjer å ta vare på oss særleg i tunge stunder. Vi slepp nok ikkje unna gråten og smerta, men vi er ikkje åleine. Han er Immanuel – Gud med oss.  «Eg er ljoset for verda. Den som fylgjer meg, skal ikkje ferdast i mørkret, men ha livsens ljos.» Joh 8,12

 

”Midt i livet er vi omgitt av døden – eg skal snu det: midt i døden er vi omgitt av liv.” – Vi er omgitt av liv sjølv om vi veit om at også vi må reise frå denne jorda, denne røynda ein dag. Vi er omgitt av liv, og det gjeld på nytt kvar dag: å våge livet. Og vi kan våge å leve for han bærer oss:

 

Ei natt drøymde eg at eg gjekk saman

med Herren på ei strand.

Medan vi gjekk der, kom mange bilete frå

livet mitt til synes som lysglimt på himmelen over oss.

I kvart av bileta såg eg avtrykk av føter i sanda.

I bileta av dei gode stunder kunne

eg tydeleg sjå avtrykket av to føter som gjekk ved sida av kvarandre.

Men i dei vanskelege stundene, då eg hadde

det vondt og var redd, eller var fylt av sorg og mismot,

var det berre eitt par fotavtrykk i bilete. Dette forstod eg ikkje,

så eg sa til Herren: ”Du lovde meg, Herre,

at dersom eg fylgde deg, ville du alltid gå i saman med meg.

Men då livet mitt var aller vanskelegast,

var du det berre eitt fotspor å sjå.

Kvifor var du ikkje hos meg då eg trengde deg aller mest?

” Herren svara: ”Mitt kjære og dyrebare barn!

Eg elskar deg og vil aldri forlata deg. Dei gongene det

berre var eitt fotspor i sanda,

det var dei gongane eg bar deg i armane mine.”