Då eg var ein liten gut – kanskje 6 eller 7 år gamal, hadde eg eit problem: Eg var god i det å huske ting, men utover det … Eg var litt større enn dei fleste i alderen min, men med mine lange armer og beiner var musklar i grunn eit framandord for meg. I tillegg er eg født mei ei lita muskelsvekking og utan far med bondegard der eg kunne har trena kreftane mine.

Eg var flink i skulen bort sett frå eit fag: kroppsøving, her fekk eg alltid dårleg karakter. Sjølv om eg trena to dagar i veka. Eg blei aldri ein av dei sterke. Eg var alltid ein av dei siste  valt når skulle veljast lag. Eg var alltid ein av dei svake. Først då eg byrja med å bære rundt borna mine fekk eg musklar i armane.

 

Eg var i konfirmasjonsalderen då eg kom i kontakt med den kristne trua.  Også her fekk eg oppleve at det finns sterke og svake. Eg blir imponert av folk som har ein gudstru som kan flytte fjell. Ein tru som berar over alt. Ein sterke tru som gjer at dei kan kjenne seg 100% trygge i gud.

Men heller ikkje her er eg ein av dei sterke. Eg klarer ikkje ein gong å løfte eit lite halmstrå med trua mi. Eg kviler ikkje i gud. Tvert imot: Eg kranglar med han. Eg diskuterar med han. Eg skriker med han av og til med røyst, men som oftast tause.

Det gjorde vondt i hjarte å vere ein av dei svake i skulen, å stå att når lag skulle veljast. Og av og til gjorde det vondt i kroppen med.

Det gjer ikkje like vondt å være ein svake i trua: Trua mi kjennast ofte så svake og små. Eg er ikkje vakst opp i trua. Trua er noko som kom over meg i tenåra men som har gripe meg sidan denne gongen. Og eg prøver å leve eit kristen liv som eg ikkje blei kjent med som barn så godt eg kan.

Og gler seg! Trua mi kan være svake. Eg står ikkje att. Gud har valt meg. For han er det ikkje så viktig kor stor trua mi er, men at eg kjem til han. Slik som ein god far tar gud imot alle, både dei som er sterke og dei som er svake i trua. Det vitnar også dagen preiketekst om:

Det står skrive i Paulus' brev til kyrkjelyden i Rom i det 14. kapitlet:

Ta imot den som er veik i trua, utan å gjera dykk til domarar over tankane hans. Éin har tru til å eta alt, den veike et berre grønsaker. Den som et alt, skal ikkje sjå ned på den som ikkje gjer det. Og den som lèt vera å eta, skal ikkje døma den som gjer det. For Gud har teke imot han. Kven er du som dømer annan manns tenar? Om han står eller fell, er ei sak mellom han og herren hans. Og han skal verta ståande, for Herren har makt til å halda han oppe.
Den eine gjer skil på dagane, den andre held alle dagar for like. Men kvar skal vera fullt overtydd om sitt eige syn. Den som aktar ein dag framfor andre, gjer det for Herren, og den som et, gjer det for Herren; han takkar då Gud. Det same gjer den som ikkje et: Han gjer det for Herren og takkar Gud. For ingen av oss lever for seg sjølv, og ingen døyr for seg sjølv. Lever vi, så lever vi for Herren, og døyr vi, så døyr vi for Herren. Anten vi då lever eller døyr, høyrer vi Herren til.

Slik lyder Herrens ord.

T a imot alle dei som trur. Ikkje ser ned på andre som lever trua si på ei anna måte enn du. Ver eit fellesskap! Dette er utfordringane som ligg i denne teksten.

Det er viktig at vi lever trua vår. Den kristen trua treng fellesskapet og trua klarer ikkje å overleve berre i kammerset.  Lev tru! Vær frimodig! Syng lovsong ! Be så mykje du vil. Men ta også høgde for at andre lever trua si annleis. Og barnetrua er ikkje mindre verdt enn den store reflekterte bedehustrua. Alle dei som trur på den treeinige gud er velkomene hos han. Ingen skal stå att, men alle skal bli med. Sjølv om gud ikkje liker alt vi gjer, han liker oss, kvar einskild av oss og han er glad i oss. Ingen skal stå alle vil Jesus ha med:

”For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.”

Trua er ikkje noko som ein berre har. Den er meir enn ei holdning. Trua gjer noko med oss, den ynskjer å bli leva! Lev trua og ta vare på kvarandre!

AMEN