Eg er i takkehumor. Eg har lyst til å takke. Eg har lyst til å takke for at de tek imot meg, at eg få være gjest her. Eg har lyst til å takke. Eg har lyst til å takke gud. Eg har lyst til å takke han for dette fantastiske landet, for medmenneska mine og for alt det veks rundt om kring. Eg legg merke til at eg nærmarer meg haustakketida. Og den teksten som eg skal bruke i hausttakke gudstenestene i år står skrive hjå evangelisten Lukas i det 12. kapitlet:

 

Ein i folkehopen sa til Jesus: "Meister, sei til bror min at han skal skifta arven med meg!" Men Jesus svara: "Ven, kven har sett meg til å døma eller skifta mellom dykk?" Så sa han til dei alle: "Ta dykk i vare for all havesykje! For det er ikkje det du eig, som gjev deg livet, om du har aldri så mykje."
Og han fortalde dei ei likning: Det var ein gong ein rik mann. Jorda hans hadde bore godt, og han tenkte med seg: "Kva skal eg gjera? Eg har ikkje rom åt grøda mi. Jau, no veit eg det: Eg vil riva ned løene mine og byggja dei større, og der vil eg samla kornet og alt det eg elles eig. Og så vil eg seia til meg sjølv: No har du mykje godt liggjande for mange år. Unn deg ro, et, drikk og ver glad!" Men Gud sa til han: "Du dåre! I denne natt krev dei livet ditt av deg. Kven skal då ha det du har samla?" Såleis går det med den som samlar seg skattar og ikkje er rik i Gud.

Slik lyder Herrens ord.

 

”Eg gir heller med den varme handa enn med den kalde” seier både mora og bestemora mi. Og det er eit ordtak som heitar: Den siste skjorta har ingen lommar”. Og sant er det. Gud gir oss rikeleg her på denne jorda. Vi alle har nok mat og til og med god mat på bordet. Vi trenger ikkje å sylte. Vi har nok og til og med meir enn nok.

Den siste skjorta har ingen lommer. Uansett kor mykje vi får, uansett kor mykje vi klarar å leggje til side, ingen av oss klarer å ta noko som helst av dette med seg frå denne jorda.

I vikinggrava ute på Haram låg det ein gullskatt. Den som blei gravlagd der hadde fått den med seg i grava for tida etter dette livet her på jorda. Men nå ligg skatten på eit museum og grava er tomt.

Det er ingen ting vi kan ta med oss frå dette livet har på jorda. Ingenting bortsett frå ei n ting: Guds nåde. Guds nåde, hans tilgivande kjærleik det er det vi kan ta med oss. Det er det einaste. Gud er som ein god far. Han er utroleg glad i oss. Han ser ikkje på feilane våre, men har ser på at vi er borna hans. Vi er borna hans, han er glad i oss, han er utroleg glad i oss og han gav det mest verdigfulle han har: Han gav sonen sin Jesus Kristus for oss.

Gud ser ikkje på feilane våre. Han er nådig, han møter oss med sin tilgjevande kjærleik. Han ynskjer å møte oss.