Det står skrive i Salmane i det 8. kapitlet:

Når eg ser din himmel,
eit verk av dine fingrar,
månen og stjernene som du har sett der,
kva er då eit menneske,
sidan du kjem det i hug,
eit menneskebarn, sidan du tek deg av det?

Du gjorde han lite ringare enn Gud,
med ære og herlegdom krona du han.
Du sette han til herre over dine henders verk,
alt la du under hans føter:

sauer og oksar, alle i hop,
ja, jamvel dei ville dyr på marka,
fuglen i lufta og fisken i sjøen,
alt som ferdast på havsens stigar.

Herre, vår Gud, kor herleg ditt namn er
over all jorda!

Slik lyder Herrens ord.

Veit dokke kva eg tenkjer på når eg høyrer dette bibelordet? Eg tenkjer på det største bilete som vi har her i kyrkja.  Veit dokke kor det er?  Det er ikkje apostlane, det er ikkje på veggen og det er ikkje alteret.  Det er i taket i alterromet.  Sidan det er litt vanskeleg  å sjå frå kyrkjeskipet og han tom har meir enn nok å gjer slik at han ikkje treng fleire med nakkeplager, så ber eg dykk om å kome frem i alterromet for å sjå på dette maleriet:

I midten har vi Kristus, han sitt der i ei posisjon som er kjent frå eldegamle ikonar. Dette motivet, slik som han sitt der det på trona si kallast for  ”Kristus pantokrator” – Kristus allherskar. Rundt han var vi symbola til evangelistane som vi også fin på alteret.  Mennesket står for Matteus som skriv om Jesus som eit mennesket og som startar med slektstavla hans. Løven står for Markus som får oss til å lytte stemma til Løven, dvs. døyparen Johannes, i ørkenen.    Kalven eller oksen er eit offerdyr som tyder på evangelisten Lukas som startar evangeliet sitt med forteljinga om faren til Johannes , presten Sakaria som har ansvar or ofringa i  tempelet.     Ørnen svever langt opp på himmelen og har overblikket over alt som rører seg. Han tyder på evangelisten Johannes  som treng dette overblikket for å diskutere guds ord slik som han gjer det.

Og i midten av alt dette sitt Kristus som Herre. Kva er det som kunne symbolisere Herredømet hans? Han har ingen pisk til å plage menneska eller for å få det siste ut av dei. Handa viser vegen med sigersteiknet og augo ser framover. Kristus er ein god Herre ein Herre som har vunne for oss, ikkje ein Herre som plager oss for å få alt ut av oss, men ein Herre som ser vidare om som ynskjer å ta vare på oss.

Prøv å husk bileta til Kristus når de nå går ned att.

Gud har skapt jorda. Jesus Kristus er gud og han er Herre over jorda. Han er ingen herre  som plagar, men ein Herre som tar vare.

Gud har skapt jorda og han skapa oss. Og gud har sett oss til å ta vare på skaparverket hans. Han har sette oss til å ta vare på jorda. Men er vi gode herrar, gode forvaltarar eller gjer vi denne jobben heller dårleg?

Folk her i landet trenger ikkje å lide naud. Tvert imot mange har meir enn dei trenger, og mange er så overmette i livet sitt att det er lite plass att for gud og trua. Vi har rikeleg og vi skal forvalte denne overfloda, men gjer vi det sikkeleg.? Det er ikkje så lenge sidan det var innsamling av grovavfall her ute og det er mykje folk kastar der. Og ennå verre er det om ein tar seg ei tur til Nøsa: Barnesyklar, fult brukbart leiketøy, fine klede, nesten ubrukte møblar. Det er mykje som blir kasta nå for dagen. Vi lever i eit kjøp og kast samfunn. Reklamen suggerer oss kva vi trengar og så kjøper vi og etter ei lita stund kjem ryddeaksjonen, der vi kastar. Det lønner seg ikkje lengre å reparere ting. Det tar for mykje tid. Nokre syns det er for pinleg å setje opp ein lapp på s-laget med ting som gis bort, eller å gi bort for eksempel barneklede slik at dei han slitast heilt ut ein anna plass når dei er for lite for mine små.

Men er dette god forvaltning av ressursane eller sløsing?

Det er greitt å skifte ut ting som er utsliten. Men kav er utsliten? Er utsliten ein liten misfarging på buksa eller er dei meir som må til? Vi kaster alt for fort. Vi bruker pisken for å få ressursane ut av jorda vår og biskopar ber om ei pause, ei pause ingen stopp i oljeleitinga så får dei verbal juling.

Vi er satt til å forvalte jorda og ikkje øydelegge ho. Gud ynskjer å ta vare på oss, difor skal vi ta vare på kvarandre og på skaparverket. Dette går ofte berre i små skritt og det kan krevje litt, men det går an. Amen.