Gratulerar med dagen! Eg ynskjer dokke alle saman ein riktig god 17. mai! 17. mai er for dessutan den finaste nasjonaldagen eg veit om. Og eg har erfaring med slikt. 17. Mai er faktisk den tredje nasjonaldagen eg er med på å feire. Då snakkar eg ikkje om å være gjest i eit anna land men om å være med som innbyggar av eit land, med flagg og alt som høyarar med. Den første nasjonaldagen eg feira var republikkbursdagen den 7. Oktober, der vi feira at DDR vart grunnlagd den 7 oktober 1949. Flagget for denne dagen var svart, raudt, gult med hammar, sirkel og ein krans av aks rundt i midten. Alle måtte ut og delta i toget elles kunne ein få ubeden og uhyggelig besøk i tida etterpå. Republikken blei berre 39 år gamal så eg som er midt i 30åra har all grunn til å bekymre meg. Den 3. Oktober 1990 blei Aust-Tyskland ein del av Vest-Tyskland og eg fekk meg ein ny nasjonaldag og flagget mista midten og blei berre svart, raudt og gult. Eg kan ikkje huske å ha feira denne dagen. Eg kjente meg ganske ambivalent overfor denne dagen. Det var annleis då eg kom til Noreg:

Flagget hadde eit kors i midten, nasjonalsongen stå i salmeboka. Og denne begeistringa..  Den norske begeistringa var i starten ganske skummelt. Så det første året flykta eg til Stockholm og tok det der i små doser. Andre året var eg med i komiteen i lag med Sami som denne gongen var den andre utlendinga på øya. Eg preika i kyrkja på Haramsøy og var med heile festen. Eg byrja å skjønne: 17. mai  handlar ikkje om nasjonalisme men om patriotisme, ikkje om hat mot andre men om kjærleik til sine eigne. (for halde med til Romain Gary). Og eg begynner å bli stolt av at eg er ein av dei. 17. mai det er grunnlovsdagen, men det er også ein dag for stoltheit i beskjedenheit. Og vi kan være stolt av dette fantastiske landet. Fjellet og ikkje minst fjordane. Folke på bygda og i byane. Noreg er eit fantastisk land, men det er ikkje oss sjølve som har skapt dette landet. Det er ikkje oss sjølve som har gjømd rikdomen i jorda, men det er vi som har fått dette landet i gåve. Det minner også preiketeksten for den norske nasjonaldagen om. Også det å har ein sånn tekst er noko som eg ikkje veit om frå andre land.

Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Lukas i det 1. kapitlet:

Frå ætt til ætt varer Guds miskunn
for dei som ottast han.
Han gjorde storverk med sin sterke arm;
han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet.
Han støytte stormenn ned frå trona
og lyfte opp dei låge.
Han metta dei svoltne med gode gåver,
men sende dei rike tomhendte frå seg.

Slik lyder Herrens ord.

Det er gud som har skapt dette fantastiske landet og vi har fått det i gåve. Vi har lov til å feire men vi skal ikkje bli hovmodige. Gud har gitt oss dette landet i gåve og vi skal ta vare på det. Vi skal ta vare på by og bygd, frem til den minste øy så godt vi kan. Gud har skapt landet med sin sterke arm, ingen stormenn har nokon gong verkeleg klart å herske over dette landet.

Det er godt å leve i dette landet, sjølv om vi alltid har noko som vi kan klage over. Det er godt å leve her, eg veit ingen betre plass. Noreg er eit fint og vakkert land, men det er også eit rikt land. Og dette gir oss også eit ansvar: Å dele rikdomen som vi har fått. Å ta vare på kvarandre og på andre som ikkje har det så godt som oss. Men kvifor sei eg det her? Fjørtofta er nå den flinkaste kretsen i heile kommunen når det gjelder å gi til andre. Dei minste er dei største og ikkje minst difor må vi ta vare på dei minste. Noreg er eit lite land. Men gud har velsigna det rikt. Og så langt har vi her i Noreg ikkje gløymd han heller, og vi bør heller ikkje gjer det. Vi skal ikkje bli hovmodige men vi har lov til å feire. Vi har lov til feire og gud må velsigne vårt dyre fedreland. AMEN