Kor mange av dokke har blitt plaga med latin? Eg for min del husker ei veldig huggeleg latinundervisning på skulen med rikeleg undervisning om den romerske sagaverda. Romolus og Remus og frem til Traquinius og vidare. Seinare på universitet var det verre. Men eg lærte også mykje, og ein del av dette huskar eg framleis. Confirmare dette ordet tyder å stadfeste, å styrkje. Det er frå dette latinske ordet vi har omgrepet konfirmasjon. Det var på 1530tallet at Reformatoren Martin Bucer i Strassborg sat i gang med ei undervisning og eit ritual det året borna avslutta skulen. Førstegong det er dokumentert er i 1539. Og kort tid etterpå kom sikken også til Noreg. Konfirmasjonen skulle være utrysting til og ei stadfesting av trua for livet. I dag i den norske kyrkja skal konfirmasjonen styrkje trua, den har blitt til ei forbønshandling.

Skulevesenet har blitt reformert fleire gongar og både skulestarten og skuleslutten blei flytta, men konfirmasjonen finns framleis, og den er framleis det året ein ungdom fyller 15år.

Heldigvis har vi dette året ei jente på Fjørtofta som fyller 15 dette året og som er modig nok til å være konfirmant her åleine på  første påskedag. Uheldigvis har eg ikkje fått møte ho så ofte som eg skulle ha ynskja det. Men eg er glad for kunne presentere ho her for kyrkjelyden i dag: Vær så god Annelin

 

 

Spørsmål til gudstenesta 1.3. 2009

Kva heiter du?

Veit du når du blei døypt?

Kor blei du døypt?

Alle konfirmantar på Fjørtofta dei siste åra har valt seg eit bibelord? Kva bibelord har du valt for deg sjølv? Og kvifor?

Kva meinar det for deg å bli konfirmert?

Korleis har undervisninga skjedd for deg?

Korleis er det å være første konfirmant i klassen?

Kan du alle desse tekstane som konfirmantane skal kunne?  Kva av desse tekstane er mest vanskeleg?

(Ho skal berre være med på dei i gudstenesta og sleppe å framføre dei framme i kyrkja).

På kor mange gudsteneste har du vært så langt?

Er det ein salme du ynskjer at vi skal synge?

 

Takk skal du ha.

Det er fint at du har funne deg eit bibelord som du skal ta med deg gjennom livet. Skal eg røpe kva som var konfirmasjonsverset mitt? Dokke har allereie høyrt det i dag:

 

Sal 34, 2 Støtt vil eg prisa Herren, stendig vil eg lovsyngja han. Eg måtte lese denne salmen som konfirmant og eg tok dette verset med meg. Dette verset. Guds ord tok eg med meg i snart 20 år og eg håper at eg få ta vare på det i mange, mange år til. Livet har ikkje alltid vert berre lovsong. Eg har opplevd tunge stunder og djup fortviling. Men eg har klart å halde fast, fast på trua og på konfirmasjonsverset mitt. Og etter mørket  stunder kunne eg sei det igjen: vil eg prisa Herren, stendig vil eg lovsyngja han. Gud blei menneske for å være oss nær, han gikk gjennom liding, død og oppstoda for kunne være oss nær, for å kunne være med oss i glede og sorg, i tryggleik og fortviling. Sjølv om det langt i frå alle her som har eit bibelord som meinar noko spesielt for dei. Fin dokke eit ord frå gud, eit ord til å halde fast på. Gud med dykk. AMEN