Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Matteus i det 3. kapitlet:

Jesus kom frå Galilea til Jordan, til Johannes, og ville verta døypt av han. Men Johannes ville hindra han og sa: "Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg!" Jesus svara: "Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd." Då gjorde Johannes som Jesus ville. Med det same Jesus var døypt, steig han opp or vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. Og det lydde ei røyst frå himmelen: "Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i."

Slik lyder Herrens ord.

taufe jesu

Dette er preiketeksten for dagen i dag. Kva skal eg gjer med den? Dette skulle jo liksom være ein litt større og litt spesielle gudsteneste. Kanskje skulle eg bruke nokre showeffekt ?  Men det er ikkje alltid det er heilt ufarleg med desse effektane. Ein kollega fortalte meg om ein anna kollega, så veit ikkje om det er heilt sant. Men denne presten skulle så preike over denne teksten som eg skal preike over i dag. Og som showinnlegg hadde han funne på ei ekte due inne i kyrkja. Når han sa ”Gud ande” då skulle kyrkjetenaren sleppe dua fri frå galleriet. Så kom det til ,preika og teksten: ” Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande” Ingenting skjer, kanskje kyrkjetenaren har gløymd stikkordet: ”Guds Ande” seier presten igjen, men framleis skjer det ingen ting. Presten gjentar for tredje gong med heile si presterøyst: ”Guds Ande”. Så ser ein hovudet til kyrkjetenaren på galleriet. Han gråtar og  sier ”Det er katta som tok ”Guds Ande””.

Nei, ein bør nok være litt forsiktig med alt for mykje show inne i gudstenesta. Kyrkja skal halde seg til det dei kan: Forkynning og ikkje underhaldning. Fjernsynet er nok mykje betre på underhaldning enn eg nokon gong klarar å bli.

Men eg få likevel prøve meg med eit bilete. Er det nokon av dokke som kjenner dette bilete?
Kva ser dokke på bilete? Kor i frå kjenner dokke dette bilete?

Vi bruker dette bilete på dåpsversa våre. Når eit barn blir døypt, så finn foreldra eit bibelord som barnet skal få med seg gjennom livet. Seinare når dåpsbarnet har blitt konfirmant skal det sjølv finne seg eit bibelord som konfirmasjonsvers.

Men tilbake til dette bilete? Kva ser dokke på bilete:

Maleriet blei forresten  laga av ein som heitar Andrea del Verrocchio med lit hjelp frå ein ikkje heilt ukjent læregut: Leonardo da Vinci og er frå rundt 1475. .

Men kva er det eigentleg som skjer i dåpen?
Er det noko meir som skjer utover det at barnet får vann over hovudet?
Kva bruker vi vann til? Til å vaske.

I dåpen blir vi vaska reine vi blir gjord fint slik at vi kan møte gud. Men når du har vaska deg ein gong er det då nok? Er du reint heile livet berre 0ordi du har vaska deg ein gong? Eller må du vaske deg igjen?

Det er det som er spesielt med dåpen. Vi blir døypt til namnet åt faderen og sonen og den heilage ande.

Guds son, det er Jesus Kristus,. Då han døde på korset tok han med seg alt det som gjer oss skitent framfor gud. Jesus blei døypt med vann for å vise at han var reine  og for å gjer det tydleg at han var  guds son. Han trengte det ikkje men han måtte vise det til folket.

Når vi blir døypt  så blir også vi reine. Det meinar ikkje at vi ein gong for alle slepp å vaske hendene før måltidet, men at vi er reine for gud.

Vi kan kome til gud slik som vi er. Han ser ikkje alt som med gjer gale, men han ser at vi er døypte og at vi kjem til han. Han ser at vi kjem til han som borna hans. Og han tar oss i mot med opne armer. Han tar i mot oss, men vi er frie til å gå andre veger også. Difor deler med ut dåpsverset: For å minne på dåpen og for å minne på trua på Jesus Kristus i kvardagen:

Joh 3:16

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

 

 

AMEN