Kva er det du fekk til jul? Er du fornøgd med det du fekk? Kvifor er du fornøgd eller  misfornøgd med gåvene? Når gir vi gåver? Kvifor  gir vi eigentleg gåver i det heile tatt? Vi skal tenkje litt meir på desse spørsmåla, men først har eg ei fortelgjing om tre karer som kjem med gåver til eit nyfødt barn. Eg har dagens preiketekst om dei tre vismenn som står som evangelium skrive hjå evangelisten Matteus i det 2. kapitlet:

Det var i Betlehem i Judea Jesus vart fødd, medan Herodes var konge. Då kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem og spurde: "Kvar er den jødekongen som nett er fødd? Vi såg stjerna hans då ho synte seg i dagsranda, og no er vi komne og vil hylla han." Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han. Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket, og spurde dei kvar Messias skulle verta fødd. "I Betlehem i Judea," svara dei, "for så står det skrive hjå profeten:

Du Betlehem i Juda land
er så visst ikkje den ringaste
av fyrstane i Juda.
Frå deg skal det koma ein hovding,
som skal vera hyrding for Israel, folket mitt."

Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om tida då stjerna hadde synt seg. Så sende han dei til Betlehem og sa: "Gå og spør dykk føre om dette barnet. Og når de har funne det, så sei frå til meg, så eg òg kan koma og hylla det." Då dei hadde høyrt på kongen, tok dei i veg. Og sjå, stjerna som dei hadde sett koma opp, fór føre dei heilt til ho vart ståande over staden der barnet var. Då dei såg stjerna, vart dei overlag glade. Dei gjekk inn i huset og fann barnet hjå mora, Maria. Og dei fall på kne og hylla det. Så opna dei skrina sine og bar fram gåver til barnet: gull, røykjelse og myrra. Men Gud varsla dei i ein draum at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og dei tok ein annan veg heim att til landet sitt.

Slik lyder Herrens ord.

Når gir vi gåver? Kvifor  gir vi eigentleg gåver i det heile tatt? Kvifor er vi fornøgd eller  misfornøgd med gåvene?
I familien min er det nesten kvart einaste år den same leiken: Vi avtaler at vi ikkje skal gi gåver til kvarandre. For alle har jo nesten alt dei trenger og klarer mykje betre sjølv å kjøpe sjølv det dei har behov for. Og dei andre sparer seg stresset i adventtida. Slik er det i alle fall i teorien.
Når det så kjem til julaftan: Kva trur dokke eg finn under juletreet? Gåver frå dei  som eg har avtalt med at vi ikkje skal gi julegåver til kvar andre. Dei er riktig nok små, men eg sett pris på dei, sjølv om eg også har brukt mykje tid til finne noko små til dei. Eg sett pris på gåva for det meste ikkje pga.  gåva sjølv , men pga. det gåva fortel  om forholdet frå givaren til meg. Eg er fornøgd når gåva viser at givaren sett pris på meg. Det er ikkje det viktigaste at eg har bruk for gåva, eg har ein heil haug av ting som borna mine har laga og eg eigentleg ikkje har bruk for. Likevel sett eg pris på dei, for gåvene viser at dei sett pris på meg. Gåvene fortel noko om forholdet som borna har til meg. Det og sjølv det  15. bilete som dei har mala denne månaden fortel : ”Du er papaen min, eg er glad i deg og eg ynskjer at du er glad i meg.” Og klart eg er det. Og når eg kjem heim att etter ei lengre reise og har med litt Smålego med meg , har eg det ikkje med meg fordi dei verkeleg trenger det. Dei får meir enn nok med besteforeldra sine. Eg gir dei ei gåve for å vise at eg setter pris på dei.

Vi gir kvarandre gåver ved viktig anledningar for gi uttrykk for relasjonane våre til kvarandre. Og når gåva er eit utrykk  for gode relasjonar då er vi fornøgd med gåva. Når gåva derimot gir anledning til å tvile på relasjonane så blir i alle fall eg gjerne misfornøgd med den.
Også dei tre vismenn gir gåver. Dei gir gåver til Jesusbarnet. Vi veit ikkje om barnet, Josef eller Maria  var fornøgd med gåvene, men vi veit kva relasjonar gåvene gir uttrykk for: Gul, røykjelse og myrra.
Med gul viser dei at Jesus er Konge for dei. Han skal bestemme i livet til menneska, han skal ha makt over dei. Og Jesus har makta over livet til menneska frem til i dag, men vil berre har den makt som menneska gir han sjølv, meir makt vil han ikkje ha.
Med røykjelse viser dei at Jesusbarnet  skal være prest, mellommann mellom gud og menneska. Og Jesus lever opp til det. Han blir ikkje øvsteprest i Jerusalem, men han blir ein ny mellommann mellom gud og menneska. Han opnar  ein ny veg mellom gud og menneska. Gjennom Jesus kan menneska kome direkte til gud. Dei treng ikkje lengre nokon mellommann. Jesus Kristus er guds son.
Og så er det Myrra. Myrra er bitre yrte, den  er ei gamal medisin, difor kan den være både eit teikn for lidinga og døden som Jesus må gjennom for og bygge ei bru mellom gud og menneska. Men den kan også være eit symbol for det at Jesus er ein som gjer menneska heil. Det står for at han ein lege ein frelsar, ein som hjelpar menneske med noko dei manglar. Han gjer menneska heil.

Eg starta med nokre spørsmål  og vi har prøvd å finne nokre svar på det. Men på eit spørsmål må kvar og ein av oss finne svaret sjølv : Kven er Jesus for meg ? Kva gåve kunne uttrykke relasjonen min til han? Kven er Han for  meg?

AMEN