Kven er du? Kven er du? Korleis svarer du på dette spørsmålet? Kva fortel du om? Nemner du øya di? Foreldra dine? Yrke ditt? Borna dine? Ektefellen din? Uansett  kva du fortel om deg sjølv, det ein ting nesten alle svarer med på dette spørsmålet: namnet sitt. Namnet ditt er noko spesielt, den kjenneteiknar deg.

Dagens preiketekst har lang tradisjon på nyttårsdagen.  Ingen mindre enn reformatoren Luther preika over den på nyttårsdagen for nesten 500 år sidan. Og den handlar om eit namn: namnet over alle namn, namnet Jesu.

 

Det er

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Lukas i det 2. Kapitlet i det 21 verset:

Då åtte dagar var lidne og han skulle omskjerast, kalla dei han Jesus; det var det namnet engelen hadde nemnt før han var komen i mors liv.

Slik lyder Herrens ord.

 

Er det nokon her som husker når namnet hans eller henna blei nemnt offentleg for første gong? Nei? Eg var heller ikkje der, men det er ingen kunst å gjette kor det skjedde:  I Fjørtoft kyrkje.

Kyrkjebøkene mine fortel om at dei aller fleste som bur her på øya også er døypt er i kyrkja eller i ei kyrkje i naboskapet. I bøkane mine står det eit namn, kyrkja fadrar  og foreldra.

Når vi døyper eit barn då spør presten ”Kva heiter barnet?” Og den som bærer barnet til dåpen nemner namnet. Den gjer det ikkje for å være sikker på at presten ikkje har gløymd namnet til barnet, men fordi namnet skal være kjent hos gud.

Namnet ditt står ikkje berre i ein gamal foliant, den er kjent hos gud. Namnet ditt er kjent hos gud, du er kjent hos gud.

 

Jesus er jøde. Han er ikkje født inn i eit stort og mektig folk, men i ein liten flokk som er trua og lever under romersk okkupasjon. Eit folk som kjenner seg trau frem til i dag. Jesus  er jøde. Han er guds son, men han blir omskjera som eit vanleg jødisk gutebarn. Og som eit vanleg jødisk gutebarn blir namnet hans gjord kjent for gud og menneska: ”Jesus” eller på hebraisk ”Joshva”.  Maria visste dette namnet allereie sidan ho blei gravid. Namnet ”Joshva” er eit vanleg jødisk gutenamn. Det er mange som bærer dette namnet. Men namnet har også ei meining, den tyder ”Gud hjelper”  Og gjennom Joshva ben Josef hjelper gud menneska. Han blei kjent som Jesus Kristus, Jesus den salva, frelsaren Jesus. Med livet sitt, livet, lidinga, døden og oppstoda opna han ein ny veg frå menneska til gud. I Jesus Kristus hjelper gud menneska med å finne ein veg att til han. Gud ynskjer å ta vare på kvar og ein av oss. Joh 3:16

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

 

Gud kjenner oss og han elskar oss. I dåpen blei vi hans barn. Han er vår far og slik som eg kjenner mana til alle borna mine, kjenner han namnet til alle borna sine. Og om eg så skulle rote med namna eller om vi møter nokon  bærer det same namnet som oss. Gud kjenner oss og han ynskjer å ta vare på oss. Han ynskjer å ta vare på oss her på jorda og utover dette livet her på jorda. Han er med oss og han hjelper.

 

Gud kjenner oss og husker på oss og det er godt å vite, særleg når vi tenkjer på dei som ikkje blei med oss inn i dette nye året. Når vi tenkjer på dei som vi måtte ta avskjed med i 2008. Og det ein trøyst å vite dei i guds hand når vi nå minnast dei tenner eit lys for kvar og ein av dei.

 

 

Lat oss be.

Herre vår Gud, hjå deg er livsens kjelde.
I ditt ljos ser vi ljos.
I deg er det vi lever, rører oss og er til.
Hald oss fast i liv og død i din kjærleik,
ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre.

AMEN