Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Johannes i det 1. kapitlet:

I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. Han var i opphavet hjå Gud. Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. I han var liv, og livet var ljoset for menneska. Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.
Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud. Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.

Slik lyder Herrens ord.

Ingen såg dei då dei kom i land. Det må har vært mørkt då båten deira la til øya. Det var ei nok så kald og uroleg natt. På NRK meldte dei om opp til full storm langs kysten. I tillegg var det iskald denne natta mins sju minusgrader og det er mykje for å være på ein øy ute i havgapet på Sunnmøre. Likevel var det ingen som hadde set ein større båt ikkje eingong ferja gjekk på denne dagen. Så det var ingen som hadde sett nokon som helst båt, verken inne på sjøen eller ut på havet.

Så det er nok så  mykje som tyder på at det var ein svært liten båt. Men dei eller den må har vært der. Det var spor etter dei , så dei må har vært dei. I ei lita vik var det noko som kunne tyde at nokon hadde dratt ei lita jolle i land. Men ingen visste om det var gamle eller nye teikn. I ikkje langt unna derifrå eit lite stykke inn mot bygda såg det ut som om nokon hadde slott opp eit telt  og tent eit bål. Det må har vært vanskeleg å tenn eit bål i denne natta. Så det kunne likegodt har vært ein plass der borna leika med fyrstikke om som  foreldra ikkje visste noko om. Og så  varmen: Mens det blei like kaldt på dei andre øyane må det har blitt ei særdeles mild natt på denne øya. Nokre påstå til og med at dei hadde sette vårblomane å stikke frem, men dagen etterpå blei det vanleg vintervêr igjen og alt blei borte. Folk tyda det som berre ennå eit nytt rart vêrfenomen og dette var det mange av den gongen. Folk tenkte ikkje så mykje på det. Dei var så opptatt med sitt. Dei var så opptatt med alt det som måtte gjerast: Maten som måtte lagast, husvasken,  gåvene som måtte pakkast ned, telefonane som måtte takast, alle dei besøka som måtte organiserast, drikkinga og alle dei andre tradisjonane…

 

Alt det hadde sikkert blitt gløymd om det ikkje hadde vært om ein liten gut: Han påstå at det hadde ringt på døra då han var ferdig med middagen sin. Han ville gå til døra, men frå mora fekk han beskjed om å bli sitjande.  Ho trudde vel at berre ville springe bort for å leike seg. Då middagen var ferdig sat dei seg ned i stua. Det var fyrt godt opp i peisen og faren skulle til å lese noko frå ein tjukk bok. Men guten var for uroleg. Han påstå at han såg minst ei kvitkledd skikking ute framfor vindauget, men då dei vaksne endeleg snudde seg ditt var det ingenting å sjå bortsett frå stormen ute. Guten fekk beskjed om å halde seg i ro og faren satt seg ned i stua og byrja med å lese:

I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. Dette var fyrste gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.
Josef òg fór frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt, og skulle skriva seg der. Maria, festarmøya hans, var med han. Ho venta då barn. Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den fyrstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje rom åt dei i herberget.
Det var nokre gjætarar der i grannelaget, som låg ute og vakta sauene sine om natta. Best det var, stod ein engel frå Herren framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei fælande redde. Men engelen sa til dei: "Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk om ei stor glede som skal timast alt folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe." Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og kvad:

Ære vere Gud i det høgste,
og fred på jorda
blant menneske som Gud har hugnad i!

Nå skulle dei få gåvene, men guten verke ikkje noko særleg interessert i gåver lengre. Han stakk av. Då gåvene skulle pakkast opp leita dei etter han. Dei fant han ute i denne stormen. Heldigvis fullt påkledd og rett framfor huset. Han peikte borte mot den plassen der seinare fant restane etter bålet og det som tyda på at nokon kunne har campa der denne natta. Men i mørkret var det ingenting å sjå lengre. Guten blei henta inn att, men dei blei nok ein lik merkeleg jol dette året.  Også fleire andre born påstå at dei hadde høyrt dørklokka og sett ei skikking som såg inn gjennom vindauge, men ingen av dei vaksne hadde lagd merke til det. Dei var for opptatt med sitt og at alt skulle være slik som det alltid hadde være. Dei hadde nok ikkje klart å ta imot denne gjesten som ingen hadde rekna med og som berre borna hadde fått ,med seg.

Kvifor plage eg dykk med denne lange forteljinga? Fordi også dagens preiketekst handlar om noko eller nokon som campa, som budde i eit telt midt i mellom menneska. Den budde der og blei ikkje tatt imot.

Ordet er og ljoset ingen annan enn den som fortel om Gud: Jesus Kristus.  Han er den som talar sant om gud. Den som viser vegen til gud og gjer verda lysare og varmere. Han er den som taler sant, difor er han ordet, det sanne ordet. Han var blant menneska, men han blei ikkje tatt imot. Ingen rekna med han. Ingen hadde ein plass ledig for han. Og han var der berre ei lita stund, så det hjelpte ikkje med å utsetje. På gresk står det ikkje at han ”tok bustad blant menneska” men at han ”telta”  mellom dei:

I opphavet var Jesus Kristus, og Jesus Kristus var hjå Gud, og Jesus Kristus var Gud. Han var i opphavet hjå Gud. Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. I han var liv, og livet var ljoset for menneska. Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.
Det sanne ljoset, Jesus Kristus, som lyser for kvart menneske, kom no til verda. Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud. Og Jesus Kristus vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.

Er du klar til å ta imot han om han kjem i dag? Er du klar til å gi han plass i livet ditt eller er du for opptatt? Klarer du å tru slik som guten som våga å tru? Våg å tru og ta han med inn i kvardagen. Ta med han som kom til verda som eit barn i Betlehem. Slepp han inn, inn i hjartet ditt og avgjerslane dine og så skal du sjå kva som skjer

Og om du må gjer noko konkret i dag sjå på det som står ute i våpenhuset om ein ”usynleg  middagsgjest”.

Og guds fred som er høgare enn heile  vår fornuft måt ta vare på hjarta og tankane våre i Jesus Kristus AMEN.