God jul til dokke alle saman. Nå er vi samla her på julaftan. Det har blitt ei tradisjon å være her på julaftan og vi har også mange andre god jule tradisjonar.

Men det er viktig at ein i alle desse tradisjonane ikkje gløymer innhaldet, kvifor vi feirar jul. Gud blei menneske for å være oss nær, for å være med oss. I Jesus Kristus kom gud til oss som eit lite barn.

Ved hjelp av ein song og nokre barn skal vi nå nærmare oss dette barnet.

”Eit barn er født i Betlehem” og då syng vi det første verset.

Eit barn er født i Betlehem,
i Betlehem.
No frydar seg Jerusalem.
Halleluja, halleluja!

Krubba

Det står ei krubbe her. Jesusbarnet blei ikkje født i ein palass. Han blei født i ein stall i byen Betlehem. Foreldra hans budde ikkje der for Keisaren hadde bestemt at alle skulle skrive seg inn i manntalet i den byen familien var i frå. Difor reiste dei til Betlhem, og sidan Maria var gravid og reisa tok seg tid og dei hadde heller ikkje all verda med pengar måtte dei bo i ein stall.

Men Jesus måtte også fødast i Betlehem for å oppfylle det at frelsaren skulle fødast i Betlehem, Davids by.

Di for blei Jesus født i eit krubberom i Betlhem.

Vi syng det andre verset før vi får sjå kven vi møter ved krubba.

Her ligg han i eit krubberom,
eit krubberom,
men rår med evig herredom.
Halleluja, halleluja!

Maria og Josef

Dei første vi møter ved krubba er Josef og Maria. Maria var kanskje berre 15 år. Dei er ikkje gifte ennå og det var eit stort sjokk for Josef å høyre at Maria var gravid og han hadde det vanskeleg å tru at ho skulle føde Guds son. Men han rømde ikkje. Han blei med ho i denne vanskeleg situasjonen. Og nå var dei der i stallen i Betlehem.

Og vi syng det tredje verset.

Men okse der og asen stod,
og asen stod,
og såg den Gud og Herre god.
Halleluja, halleluja!

Gjetarane

Det er ingenting som står i bibelen om oksen og asen, men sidan Jesus blei født i ein stall kom dei in allreie i dei første bileta som blei male om det som skjedde der i stallen.

Det vi veit er at gjetarane var dei første som kom til stallen. Dei hadde ikkje julegåver med seg, men kanskje eit lite sauskinn eller ein ullteppe til å dekke til barnet. Dei var enkle menneske, men dei våga å tru at dette barnet var guds son og at dette ville gjer noko med livet deira. Kanskje song dei også ein liten voggesong for barnet. Også vi skal syngje eit vers til.

Tre kongar kom frå Austerland,
frå Austerland,
gull, røykjels, myrra gav dei han.
Halleluja, halleluja!

Vismen

Også frå det fjerne kom folk for å tilbe Jesus. Tre vise men hadde set eit spesielt fenomen på himmelen som leia dei frem til Betlehem. Vi veit ikkje om dei var kongar, fyrstar, handels- eller vitskapsmenn, men vi veit at dei kom med gåver som høvde for den nyfødde  frelsaren. Gul, fordi Jesus skal være konge. Røykjelse for di Jesus skal være prest, mellommann mellom gud og menneska. Myrra som medisin for legen og frelsaren som skal gjera friske.

Vi har ingen gåver, men vi kan syngje for gud og det skal vi gjer med å syngje ennå eit vers.

Han boren er forutan mann,
forutan mann,
og av Maria føddest han.
Halleluja, halleluja!

Englane

Halleluja, halleluja! Dette er lovsongen til englane og dei hadde all grunn til å lovsyngje gud: ”Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske som Gud har hugnad i!” slik song dei etter at dei  hadde fortalt gjetarane om kav dei ville finne i stallen. Englane er guds sende bod. Dei tener gud og berre han.

Englane song denne kvelden og difor skal vi også syngje og denne gongen heile 3 vers:

Han sjølv, som er Guds eige Ord,
Guds eige Ord,
han kom i kjøt og vart vår bror.
Halleluja, halleluja!

Ein gong vi vert vår Herre lik,
vår Herre lik.
Han leier oss til himmerik.
Halleluja, halleluja!

For joletid med gledebod,
med gledebod,
skal Herren evig ære få.
Halleluja, halleluja!

Vi

Der har vi krubba, Josef og Maria, gjetarane, vismenn og englane, men kva er med oss? Har vi rom for dette barnet? Har vi plass for han i livet vårt? Eller er det så mykje anna som vi berre MÅ?

Vi står her med tomme hender, sjølv om vi kanskje har rikeleg med julegåver heime. Vi står her med tomme hender, men det gjer ingenting. Barnet i krubba er gåva. Gud  blei menneske det er den største julegåva og innhaldet i heile jula. Vi står her med tomme hender, men vi kan takke for gåva, vi kan takke og lovsyngje.

Og då syng oss det siste verset.

Treeinig Gud, vi lovar deg,
vi lovar deg,
for frelsa no og æveleg!
Halleluja, halleluja!

AMEN