Preiketekst:Luk 2:1-14

 

”I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heileverda. … ”

 

Jul? Kvaer det du kjem i hug når du høyrer dette ordet? Den første gongen eg fekk møtejul i år, det var ein gong i september  ”Mens vi venter –julemarsipan”.  Så er det mange merkevarer med ordet jul: Julehandel med julegåver, juleøl, julebrus, julepølse og ”alt mogleg jul”.

I dag finns det til og med til og med livssynsnøytral jul – ”garantert kristusfritt” - men likevel ei god butikk.. Den har mange tradisjonar men ingen innhald. Det er som ein julegåve som er pakka inn nok så fint, men som er tomt.

 

Det er mange gode og positive ting med juletradisjonar om det  som skjer kvart år i advent- og juletida: Det er adventskonsert, julemesse, mykje julesong, julevask, julegåver, juletreet. For ein prest blir det i tillegg mange julegudstenester. Eg gler meg på dei, eg gler meg over å være att på jobb etter 3 månader på kurs. Julefeiringa skal være slik som den har vært i alle år. Men eg saknar noko: Skulegudstenesta hos mine minste ut på Fjørtofta, men elles er nesten alt som før.  Dei same salmane, omtrent den same preika - alt slik som har vært i alle år.  Alle sitt på same plassen og det viktigaste er at ingen reagerer på noko helst. Til og med muslimane akter Jesus høgt – som profet.

Men kva er med det som fekk folk til å reagere for  2000 år sidan?  Kvaer med han som blei født i Betlehem? Kvaer det med kongen som låg i ei krybbe?

 

Vi tar det som ei sjølvfølgje at Guds son blei født i stallen i Betlehem. Tenk deg att til krybba, til Jesusbarnet, Maria og Josef: Det er ein skandale at ei ugift kvinne føder eit barn. Dei har ikkje eingong råd til eit skikkeleg rom og dei kom så seint til Betlehem at det var plass kunn i ein stall. Også hevda dei at barnet skulle være guds son.  Det reagerte folk på.  Og det er mange i verda som framleis reagerer på dette. Det er mange som reagerer på at Jesus,  dette barnet som blei født for 2000 år sidan, at barnet som låg i krybba skal være guds son.

 

Men det er det engelen sa: ” I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.”

 

Det er Guds son, Jesus Kristus, Frelsaren vår som blei født tiljul.

 

Er detdette barnet vi feirar? Er det julehandelen? Eller er oss sjølve?

 

Vi harmange  tradisjonar rundt jul, og det fine med tradisjonar er at dei gir oss tryggleik. Og det er bra menneska treng tryggleik. Det er ikkje noko galt med tradisjonar og mange tradisjonar er god og fint. Men tradisjon er noko oss menneske har skapt. Tradisjon er emballasjen ikkje innhaldet. Emballasjen forandrar seg med tida. Den eine liker den det eine og den andre liker det andre. Folk har forskjellig smak. Men emballasjen er ikkje det viktigast, i alle ikkje så lenge du er eldre enn eit år. Emballasjen er ikkje det viktigaste sjølv om den er nok så fint.  Det er innhaldet som er det viktigaste.

 

Og innhaldet i jul det er barnet i krybba. Det er ikkje julegåvene som er innhaldet. Gud har blitt menneske for å være oss nær. Gud blei menneske for å møte oss. Han ynskjer å møte oss, deg meg, oss alle.  Han ynskjer å møte oss, men det er vi som må tillate dette. Vi må opne oss og av og til er det tradisjonane våre som stenger Jesus ut. Er vi så opptatt med tradisjonen, med emballasjen, slik at vi gløymer innhaldet? Kor har Jesusbarnet plassen sin i tradisjonane våre?

 

Når dokkeheim att etter gudstenesta har eg eit ynskje: (Før dokke opnargåvene, ta dokkelitt tid for den største gåva.) Ta fram bibelen og for barna kanskje ei julekrybbe, les  juleevangeliet og tenk på og snakk om kva denne fødselen, den største gåva, meiner for oss?

Eg ynskjer dykk ei glad julehøgtid. Ta deg tid for Jesus frelsaren og fortel andre om den største gåva slik som du fortel om dei andrejulegåvene dine.

 

Ei velsigna god juletid – Gud med oss all!

Michael Hoffmann