Julepølse, julebakst, juleøl, billettane og reiselista slik at ein rekk å besøke alle slektningar og ikkje minst gåvene … Har du alt på plass, slik at jula kan kome? Det skulle no være god tid. Denne her: julemarsipanen fekk du allereie handle i september. Har du alt på plass eller er det noko som manglar?

Er ikkje jula kjærleikens fest, festen til familien, den store gåvefesten og ikkje minst ein liten matfestival? Ja, jula er ein fest der det feirast kjærleiken, der mange samlast rundt juletreet og besøker familien, det gis gåver, det er mange tradisjonar  og for dei fleste er det rikeleg med god mat. Men er dette alt, eller er det noko som manglar?

Kva er det jula og adventtida handlar om? Er det meir enn berre gamle tradisjonar?

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Matteus i det 11. kapitlet:

Johannes, som sat i fengsel, fekk høyra om alt det Kristus gjorde. Han sende bod med læresveinane sine og spurde: "Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?" Jesus svara: "Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser: Blinde ser og lame går, spedalske vert reine og døve høyrer, døde står opp, og evangeliet vert forkynt for fattige; og sæl er den som ikkje støyter seg på meg!" Då dei var farne, tok Jesus til å tala til folket om Johannes: "Kvifor gjekk de ut i øydemarka? Ville de sjå eit sevstrå som svagar i vinden? Nei! Kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein mann med fine klede? Dei som går i fine klede, held til i kongsgardane. Men kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein profet? Ja, eg seier dykk: Meir enn ein profet! Det er om han dette er skrive:

Sjå, eg sender min bodberar føre deg,
han skal rydja vegen for deg."

Slik lyder Herrens ord.

I dag er det den 3. Sundag i advent. Ordet advent er latinsk og tyder framkomst. Ikkje framkomsten til julenissa, men framkomsten til Jesus Kristus. ” I opphavet skapte Gud himmelen og jorda.” slik byrjar bibelen. Og uansett korleis han gjorde dette, alt som har eit opphav har også ein slutt. Og når denne slutten nærmarer seg skal Jesus Kristus kome att. Det er det advent tyder: Jesus kom ikkje berre ein gong for over 2000 år sidan, han skal også kome ein gong til. Dette skal vi være førebudd på. Advent, framkomst, Jesus kom fram til verda som eit lite barn i Betlehem for over 2000 år sidan og han skal kome att.

I truvedkjenninga sa vi at han ” skal kome att derifrå og døme levande og døde” og vi ber i fader vår: ”Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen.” Men er vi klar for det? Er dette berre ei tom tradisjon, berre tomme ord? Er det kanskje slik at det er så mange tradisjonar, så mykje som må gjerast at det ikkje blir tid til advent i førejulstida?Er det kanskje slik at tida i desember i dag er ei av dei tidane på året der færraste er førebudd på at Jesus skulle kunne kome att? Nå skal e g i alle fall ikkje klage på nokon av oss som er her i dag . Vi har funne vegen hitt i dag og om Jesus guds son kom att i dag så ville han finne i alle fall oss samla rundt guds ord og seinare kanskje også nattverdsbordet. Så vi er ikkje så dårleg førebudd. Men kva er med alle dei som ikkje er her? Kva er med alle dei som droppar kyrkja til og med i jule, fordi ”Det er så travelt”? Kva er med alle dei som vi er glad i og som droppar det kristne fellesskapet, som droppar Jesu familie Matt 12,50), fordi det er så kjedeleg der? Men det er ikkje presten som held gudsteneste, det er kyrkjelyden som skal feire og tene gud. Kyrkjelyden feirar gudsteneste til ære for gud. Og jo fleire det blir jo betre stemning blir det. Kjem det fleire blir det meir fargerikt og meir trivegleg i alle fall for meg.

Av og til kjenner eg meg litt som døyparen Johannes som er i øydemarka og prøver å rydje veg for Herren, år etter år. Du få nyte julematen, selskapet, gåvene, til og med julevasken om du berre må han og alle dei andre tradisjonane ikkje lat det ta overhand.

Tradisjonane, maten, besøk, gåvene er berre emballasjen og ikkje innhaldet. Emballasjen kan det forandrast på. Ein kan til og med droppe den.  Men ein bør ikkje droppe innhaldet. Det er Jesus framkomsten og det at han skal kome att som er innhaldet. Ta vare på det og ta så mange som råd med inn i det. Pass på at det er nok plass til den  særleg i denne tida. Tenk ikkje berre på familiefellesskapet men også det kristne fellesskapet. Eller korleis er det med eit lite familiemøte med gudstenesta og kyrkjekaffi i kyrkja i staden for at alle reiser rundt til alle?

” Blinde ser og lame går, spedalske vert reine og døve høyrer, døde står opp, og evangeliet vert forkynt for fattige; og sæl er den som ikkje støyter seg på meg!” Det er Jesus Kristus som kom for 2000 år sidan og det er han skal kome att. Gi han rom og ta fleire med på det slik at vi kan være førebudd når han kjem. Og det er rom for både barnebråk, nysing, husting og teleslyngja i kyrkja, i det kristne fellesskapet.

Ein velsigna 3. Advent til oss alle saman.

AMEN