Fylgde du med på valet i USA denne veka? Eg kjenner til folk som satt oppe heile natta for å følgje med. Om morgonen var det mange som helste på kvarandre med ”Han har klart det”. Eg er fasinert av denne mannen. Visste du at ”Barak” på hebraisk tyder ”velsigne”. Barak Obama har karisma, han klarer å fange menneske. Og eg liker denne ”Yes we can”.

Han er ein briljant retorikar i ordets beste meining. Men det sitatet eg liker best av han er nok så ironisk ”I motsetning til ryktene dere har hørt, ble jeg ikke født i en krybbe. Jeg ble faktisk født på planeten Krypton, og ble sendt hit av min far Jor-El, for å redde denne planeten.” Han er klar over at han ikkje er nokon Messias , men eit vanleg menneske sjølv om han her leiker med supermann (som blei født på Krypton). Han er eit vanleg menneske, men han har klart noko som hadde sett kunne være mogleg. Han er valt til den første afroamerikanske presidenten i USA. ”Yes we can”

Også sundagens preiketekst set føre oss eit nesten umogeleg prosjekt: ” Guds rike er midt imellom dykk.”:

Preiketekst: Luk 17:20-30

Ein gong spurde farisearane Jesus når Guds rike skulle koma. Han svara: Guds rike kjem ikkje såleis at ein kan sjå det med augo. Ingen kan seia: "Sjå her er det," eller: "Der er det." For Guds rike er midt imellom dykk.
Til læresveinane sa han: Det kjem ei tid då de skal lengta etter å sjå ein av Menneskesonens dagar, men de skal ikkje få sjå det. Folk skal seia til dykk: "Sjå der," eller "Sjå her er han." Gå ikkje dit og fylg ikkje etter! For liksom lynet, når det blinkar, lyser frå himmelbryn til himmelbryn, såleis skal det vera når Menneskesonen kjem til syne på sin dag. Men fyrst skal han lida mykje og verta vraka av denne ætta.
Og som det var i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem. Dei åt og drakk, dei gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka. Så kom flaumen og gjorde ende på dei alle. Eller som det var i Lots dagar: Dei åt og drakk, dei kjøpte og selde, planta og bygde. Men den dagen Lot gjekk ut or Sodoma, regnde det eld og svovel frå himmelen og gjorde ende på dei alle. På same vis skal det vera den dagen Menneskesonen syner seg.

”Yes we can” Vi kan gjer guds rikje  synleg her der vi er. Vi klarer ikkje å løyse alle problem, men vi kan gjøre denne verda eit stykke betre der vi er og med det vi er. Ikkje alle kan være president, og ingen annan kan være deg, der du er. Vær ein neste! Det ikkje alt vi lukkast med. Men heller ikkje Obama kjem til å lukkast med alt, til tross for fornamnet hans. Men eg håper at både han og vi i alle lukkast med noko av det vi prøver.

”Ja, vi kan!”

Har ein god og velsigna helg

Michael Hoffmann