Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Matteus i det 6. kapitlet:

 

Jesus sa: Samla dykk ikkje skattar på jorda, der mòl og makk øyder, og tjuvar bryt seg inn og stel. Men samla dykk skattar i himmelen, der korkje mòl eller makk øyder og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel. For der skatten din er, der vil hjarta ditt òg vera. Auga gjev lekamen ljos. Er auga ditt friskt, vert heile lekamen ljos. Er auga ditt sjukt, vert heile lekamen mørk. Er no ljoset i deg mørker, kor djupt vert ikkje mørkret då! Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.

 

Slik lyder Herrens ord.

 

Dette bibelordet er nok veleigna til å halde ei preike over pengejakt og forbrukarsamfunnet. Og klart eg kunne sei mykje om det og om alle dei ting som vi får i gåve frå gud og som det ikkje går an å kjøpe. Men eg skal ikkje forkynne i Spjelkavik kyrkje rett ved sidan av konsumtempelt Moa, men på Fjørtofta. Og sjølv om mange her har internett trur eg ikkje at det er mange her som bruker alt for mykje til å handle på nettet. Og utover det så er det nå heldigvis handelslaget. Det er godt å ha den her rett over vegn. Og den er ikkje nokon konsumtempel, men heller ein møteplass. Og det er viktig å ha den – berre at det er sagt.

 

” Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre.” Då eg las dette måtte eg tenkje på Sven Terje min kjære kollega Sven Terje. Han skal tene to prostar og i tillegg klare sitt eiga liv. Det er ikkje godt, verken for kyrkjelydane eller for han. Men heldigvis har vi klart oss så langt.

 

” Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre.” Dette ordet i særleg aktuelt i Den Norske Kyrkja.  Kven er Herre i denne kyrkja?

Rett før feriane den 19. Juni fekk ei høyring frå Kyrkjedepartementet om demokratisering i Den Norske Kyrkja riktig nok med høyringsfrist 1. September før det i det heile tatt hadde vært mogleg å ha eit demokratisk soknerådsmøtet i alle sokna i landet. Men det er ikkje det som er poenget her. Eg synes demokrati er ei grei sak og fungerar ganske bar her i landet. Men kva tyder eigenleg ordet demokrati tyder folkeveldet, folkeherredømet.

Høyringa nemner for så vidt det allmenne prestedømet. Men at Kristus skal være Herre i Kyrkja og styre den det nemner den ikkje i heile tatt. For å sei det rett: Det er praktisk med eit demokratisk styresett i kyrkja, men folket er ikkje Herre i kyrkja og ikkje tidsanden eller Trond Giske heller.

Kyrkja kan berre har ein Herre og den er Jesus Kristus:

Ef 4,3-6 Gjer alt de kan for å ta vare på einskapen i Anden, i den fred som bind saman:

éin kropp og éin Ande,   liksom de fekk éi von då de vart kalla, éin Herre, éi tru, éin dåp, éin Gud og Far for alle, han som er over alle og gjennom alle og i alle.

Det er berre ein som kan være Herre i kyrkje om ikkje den skat stå for fall: Jesus Kristus. I grunn skulle vi har eit teokrati,  eit gudsvelde i kyrkja. Og det skal vi få, sjølv om vi kanskje må vente til Jesus kjem att. Og fram til denne dagen må vi nok styre kyrkja på ein anna måte. Men den skal i alle fall styrast etter Herrens vilje, etter Jesu vilje. Og den får vi vite om i guds ord.  Det er Jesus som må være Herre i Kyrkja, og den skat styrast etter hans ord fram til han kjem att. Men guds ord har ikkje noko plass lengre i det livssynsnøytrale politiske systemet. Her må alt være likestilt og så demokratisk at ei lita lobby, ei lita interessegruppe få presse gjennom viljen sin sjølv om den står mot guds ord.

” Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre.”

Demokrati i kyrkja kan berre ver eit verktøy, eit instrument ikkje eit mål i seg sjølv. Kyrkja skal ikkje være på veg til eit ”liksom” demokrati men på veg til gud og hans riket.

” Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre.”

Det er gud som skal styre ikkje berre i Den Norske Kyrkja, men også i våre liv. Jesus Kristus skal være vår Herre. Og difor trenger vi ordet hans. Eg våger å sei at Mammon er ikkje den største faren i den kyrkjelyden. Faren er at vi gir opp og bli likegyldig og gir opp. Men det skal vi ikkje. Eg veit om ei heil ungdomsgjeng som gjerne vil flytte ut hitt når endeleg denne vegen kjem. Vi skal være uthaldne i trua på vår Herre Jesus Kristus og han skal leie oss med sitt ord. Og difor må vi bruke orde hans, mi må lese i bibelen og søke det kristne fellesskapet og dette er utfordring for oss alle saman.

AMEN