Det er ikkje så ofte at eg får ein tekst frå salmanes bok til å preike over. Denne boka er kanskje den poetiske boka i bibelen. Og mest sannsynleg  fants det også melodiar til tekstane. Men diverre: det er berre tekstane som er att. Og kanskje er det ikkje så dumt heller, då slepp nemleg dokke å høyre på at eg syng preiketeksten:

 

Herre, min Gud,
mange under har du gjort,
og mange tankar har du til vårt beste;
ingen kan mæla seg med deg

Eg trur nok at eg skal heller lese den:

 

Det står skrive i Salmane i det 40. kapitlet:

 

Eg venta og vona på Herren.
Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop.

Han drog meg opp or den tynande grav,
opp or den djupe gjørma.

Han sette mine føter på fjell
og lét meg gå med faste steg.

Han la ein ny song i min munn,
ein lovsong til vår Gud.

Mange skal sjå det og ottast
og setja si lit til Herren.

Sæl er den mann som set si lit til Herren,
og ikkje held seg til dei stolte,
til dei som fell frå i lygn.

Herre, min Gud,
mange under har du gjort,
og mange tankar har du til vårt beste;
ingen kan mæla seg med deg.

Vil eg tala og fortelja om dei,
er dei reint uteljande.

Slik lyder Herrens ord

 

Tekstane i salmanes bok er ofte veldig rike på kjensler – poesi. Men dei er ofte vanskeleg å bruke mot kvardagen, slik som dei råd som Jesus gir. Preika skal tolke teksten til kvardagen. Og ei preike skal være noko som er nokolunde forståeleg. Den skal være praktisk og ikkje berre poesi – fine ord.

Så skal vi ha noko praktisk: Her har eg to glas med vann. Ser dokke forskjellen mellom desse to?

De ser ikkje noko stor forskjell? Dette eine glaset  her er halv fullt og det andre er halv tomt.

Det er ikkje noko stort forskjell? Rett har de. Forskjellen ligg i det korleis ein ser på det.

 

Den som skreiv salmen har valt å sjå på glaset som halv fullt. Den har tydelegvis opplevd tunge stunder:  Han drog meg opp or den tynande grav, opp or den djupe gjørma. Han må har vært  langt nede. Men så tar han eit val: Han ber gud om hjelp og han klarer å vente på hjelp.

Diktaren våger  å stole på gud og han får hjelp.

Og no er glaset halv fullt. Han ser ikkje att  på dei tunge stundene og klager gud for det.  Nei han tørr å rose gud for hjelpa. Det går an å krangle med gud. Ja !  Og av og til gjer eg det nok så intenst. Men det går også an å rose og prise gud:

 

Han sette mine føter på fjell
og lét meg gå med faste steg.

Han la ein ny song i min munn,
ein lovsong til vår Gud.

Mange skal sjå det og ottast
og setja si lit til Herren.

 

Tør vi å prise gud? Tør vi å prise gud for alt det gode vi får? Er vi flinke med ros eller er vi berre flinke med risen?

Livet som småbarnsfar er ofte slitsamt særleg  om dagen. Det kan være krevjande. Og då er glasset ofte halv tomt. Men når barna har lagd seg og foreldra klarer å puste lit ut, då klarer eg å sjå kor lukkeleg og heldig eg er. Kor mykje eg har fått: Eg har tre fantastiske barn,  ei fantastisk kone ved min side, eit hus for heile familien og nok til å gi dei eit godt liv. Og når eg tar meg ei siste runde på soveromet til borna og ser dei sovande englane. Då kan eg ikkje annleis eg må love, prise og takke gud for familien min.

Eg skulle nok helst takke høgt, men det høver seg ikkje på soveromet til barna. In andre samanhenger derimot passar det mykje betre å bruke stemma:

Det er ingen sjølvfølgje at vi får oppleve fine dagar i fred utan krig og katastrofar. Det er ei gåve glaset er halv fullt. Dette er noko vi kan takke for. Også i lag med borna våre. For eksempel når vi ber kveldsbøn med eller song.

Også det at vi har nok mat på bordet er ikkje sjølvsagt. Det er mange menneske i verda som ikkje har det slik. Og difor er det godt og viktig å be eit bordvers før maten, sjølv om det av og til kan være litt skummelt od difor kanskje ei lita forteljing til slutt:

’Det er vel ei veke sidan eg satt med borna mine i eit restaurant i Göteborg  og det var nok litt skummelt og syngje ”Å du som metter liten fugl” der. Han Paul kan syngje nok så  høg røysta. Men vi våga det, fordi vi alltid starten maten slik.

Og etter maten seier den engelske dama frå nabobordet til meg at det var så kjekt å høyre bordverset som dei syng med barneborna sine engelsk.

 

Glaset er i alle fall halv fullt og vi har all grunn til å rose, takke og prise gud, vi må berre våge det.

AMEN