Det er nå 5 ½ sidan eg kom på desse øyane og berre det er sagt eg har tenkt å bli ei god stund til, sjølv om det dokke kanskje har lese av meg nok kan oppfattast annleis.

Eg husker godt den dagen biskop Odd ordinerte meg i Haram kyrkje.

Eg husker ikkje alt han sa denne dagen, men eg husker at han sa: ”Det er fint om folk liker det du seier. Men du skal ikkje sei det folke liker. Men du skal lytte på gud og forkynne hans ord.” Han sa med sine ord det som står im  ”Ein skal lyda Gud meir enn menneske” Apg 5,29 Det er ikkje alltid like populær å lytte på gud framfor medmenneska sine. Men det er han vi skal lytte på det handlar også dagens preiketekst om:

 

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Matteus i det 10. kapitlet:

Jesus sa: Ver ikkje redde dei som drep lekamen, men ikkje kan drepa sjela. Ottast heller han som kan tyna både sjel og lekam i helvete. Sel dei ikkje to sporvar for eit par øre? Men utan han som er Far dykkar, fell ikkje éin av dei til jorda. Ja, kvart håret på hovudet dykkar er talt. Så ver ikkje redde! De er meir enn mange sporvar.

Slik lyder Herrens ord.

 

Det er ein tanke som står sentralt i dette bibelordet: Gudsfrykt.

Gudsfrykt det meiner ikkje at vi skal være redde for gud. Men at vi viser respekt for han og at vi set han høgt. Det er det som ligg også i Fadervår når vi ber: ”Lat namnet ditt helgast, lat rike ditt koma, lat viljen DIN råda”.  Gudsfrykt det meiner å kvile i Gud, det meiner å tru på gud og på at han ynskjer det beste for oss. Vi få stole på Gud vår far. Vi kan ha tillitt til gud slik som barn har tillitt til foreldra.

Det er blitt vanskelegare i dette landet å stå fram med trua si. Alt skal være religions- og livsynsnøytralt. Trua blir skyve ut i det private. Men det kristne  trua er ikkje privat. Vi er Guds heilage.  Vi er kalla ut og vi skal stå fram med trua vår. Ikkje alle skal tvinge seg fram med sine ord, men vi skal stå fram med trua vår og det vi er. For den eine er omsorga den rette måten å stå fram med. For ei anna er det matlaging, eller det lyttande øyre. Og noen seier eller skriv noko. Men vi skal stå framme med trua vår sjølv om det ikkje ligg nærmast den norske folkeskjela.

Og vi trenger ikkje å være redde. Gud tar vare på sine. Han har skapt oss, han kjenner oss og han ynskjer ta vare på oss. Ja vi har eit ansvar over fellesskapet og  medmenneska våre, men vi har først og fremst også eit ansvar overfor gud.

 

Vi får lov til å gjer trua vår synleg. Sjølv om ein lett blir stempla som gamaldags eller ekstremistisk når ein står fram med trua si. Vi har lov til det. Vi skal det. Vi skal tolke livet ut frå trua vår og det som står i Mika 6,8

”Herren har då sagt deg, menneske,  kva godt er, og kva han krev av deg:  At du skal gjera rett, visa trufast kjærleik  og ferdast audmjukt med din Gud.”

 

Alle har lov til å leve trua og alle har lov til å stå fram med den.  Vi alle er prester. Eg ser XX prester som sitt her. Det er berre for at det ikkje skal bli for trong her framme, og for å sikre ei viss kvalitet i preikene og forvaltinga av sakramenta at ein skal ha ei viss utdaning og står her framme. Men det er fullt mogleg å ha gudsteneste utan prest. Gudsteneste skjer der Jesus er tilstades, der to eller tre er samla i hans namn. Vi trenger ingen prest som mellommann mellom gud og menneska. Kvar og ein av dykk er guds barn. Jesus døde for kvar og ein av oss. Han er den sanne presten, han er den som opna vegen til gud for oss. Av nåde.

 

Av og til utalker eg meg med mi utdanning og som truande menneske med den oppgåva eg har fått om det eine eller andre. Eg tenker meg vanlegvis godt gjennom før eg sei noko offentleg. Og likevel kan det kome folk som spør:” Korleis kan du sei det eller det som prest? Du skal nå være prest for alle.” Og rett har han. Eg er eit menneske eg  med og eg kan gjer feil. Eg er ikkje alltid den flikast til å lytte med og det hender at eg har ting å beklage. Men kan også hande at eg må svare: Eg høyer det du seier, og beklagar at du kjenner det irritert, men eg skal først og fremst være prest for gud.

 

Gud lyttar på oss og vi skal lytte på han. Vi skal har gudsfrykt . Vi fordi Jesus Kristus døde for oss kan møte han og  trenger ikkje å være redde for han. Han kjenner oss og han elskar oss. Og han ynskjer at vi ikkje gøymer trua vår, men at den blir synleg. Vi skal være opptatt av det vill og ikkje det menneska  ynskjer. Det er ikkje enkelt i dag, men  vi er ikkje åleine. Jesus lova å være med oss alle dagar så lenge verda står.