Eg veit ikkje kor ofte de ringer til foreldra dykkar? Kvar dag? Ein gong i veka? Ein  gong i månaden eller sjeldnare? Eg må in rømmer at eg har eit såkalla mannleg telefonimønster: Eg ringer berre når eg er naudsynt til det – når eg har noko på hjertet. Det er skjeldent eg ringer berre for å halde kontakten.

Det er naud som lærar å be heiter det. Og det ligg mykje sant i det. Det er i livets krisetider vi har det enklast med å opne munnen for å be til gud. Det er på livets mørke dagar at vi husker gud og gjerne kjenner eit behov for å krangle med han. Og han toler det. Men han ynskjer seg noko meir enn det – han ynskjer å være ein del av livet vårt. Han ynskjer å være med oss alle dagar så lenge verda står – i vonde og gode dagar. Han har mykje han kan gi oss,  men han ynskjer å bli bedt om. Jesus er guds son og han hjelper oss til og med å finne dei rette ord for å bed:

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Matteus i det 6. kapitlet:

Jesus sa: Når du vil be, gå då inn i kammerset ditt og lat att døra, og bed til Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, skal løna deg. Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur at dei vert bønhøyrde berre dei brukar mange ord. Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng før de bed han om det. Difor skal de be såleis:

Fader vår, du som er i himmelen!
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda
så som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød.
Forlat oss vår skuld,
som vi òg forlet våre skuldmenn.
Før oss ikkje ut i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt, og makta og æra
i all æve. Amen.

Slik lyder Herrens ord.

Å være far til ein 4åring kan være krevjande av og til. Når  ein for eksempel ber han om å kle på seg må ein av og til bruke mange ord. Det går så langt at ein kjenner seg som ei gamal plate med sprek i. Ein kjenner at ein må ramse opp orda om og om igjen.

Slik skal det ikkje være når vi snakkar med gud. Han veit kva vi trenger, men han ynskjer å bli bedt. Vi skal ikkje ramse opp orda og bruke så mange som mogleg av dei, men VI SKAL BE. Difor skal de be såleis.

Vi skal be. Ikkje du og du og du, men de skal be. Vi skal be fader vår. Men gjer vi det eller ramser vi opp orda?

Om vi ber ”Fader vår” sett vi oss i ein relasjon. Eller betre to relasjonar: ei til gud og ei til medmenneska våre. Vi ber fader vår. Vi snakkar til gud som ein far, som ein god far. Vi får lov til å sei far ”Papa” til gud. Gud ynskjer å være ein god far, sjølv om vi kan har nok så forskjellig erfaring med fedrane våre. Gud sørgjer for oss og han ynskjer å være oss nær.

Vi ber fader vår og sett oss i ei relasjon til kvarandre:

For over 35 år sidan stod det i avisene at i Nederduits Gereformeerde Kerken i Sør Afrika fekk svarte born ikkje lengre lov til å be ”Fader vår” fordi vår – oss i dette kyrkjesamfunnet berre var dei kvite. Når vi ber Fader vår set vi oss i ei relasjon til kvarandre. I dag skal kvar Religion levast for seg sjølv. Trua blir ei privatsak – men den kristne trua er ingen privatsak den er ei fellesskapssak –”Fader vår”. Dette vår treng eit fellesskap.

 

Om vi ber ”Du som er i himmelen” – Går vi med på at vi ikkje klarer å fatte gud. Vi klarer ikkje å bevise han. Gud er gud og han er for stor for både himmel og jord og i alle fall hjernen vår.

 

Om vi ber ”Lat rike ditt kome, lat viljen din råda på jorda så som i himmelen” ber vi han om å hjelpe oss med å prioritere hans ynskjer fram for vår eigne. Vi ber han om at viljen vår skal være underordna viljen hans – men meiner vi det?

 

Om vi ber ”gi oss i dag vårt daglege brød” – ber vi ikkje ”gi meg i dag mitt daglege brød”.  Kven er oss? Er oss dei som sitt her i dag? Er oss dei som bur i Haram sokn? Er oss  Noreg? Oss er i alle fall alle dei som trur på Gud og sonen hans Jesus Kristus. Det er alle dei som trur på Jesus Kristus som er kyrkja – som er del av eit stort fellesskap på jorda. Og når vi ber ”gi oss i dag vårt daglege brød” ber vi i Noreg om brød for alle dei frå Argentina og Sør-Afrika til Svalbart  og kanskje ennå fleire særleg i ei tid der mat for dei fattigast blir dyrare og dyrare og matproduksjonen  i Noreg er truga av nedlegging pga.  for lave priser for bøndene.

 

Om vi ber ” Forlat oss vår skuld som vi og forlet våre skuldmenn” – då forpliktar vi oss til å være den første som tilgir. Vi ber om guds tilgiving for det vi ikkje klarer og forpliktar oss til å tilgi medmenneska våre utan men og om – og det er ikkje enkelt. Men meinar vi det eller ramser vi berre opp orda?

 

Om vi ber ”Før oss ikkje ut i freisting, men frels oss frå det vonde” – då ber vi gud om å ta vare på oss. Vi ber gud om å ta vare på oss, slik at vi blir trekka alt for langt borte frå han. Verda er slik at der er mykje som leiar oss borte frå han og det han ynskjer vi skal gjer. Han ynskjer det beste for oss. Men det er mykje som trekker os borte frå han, og når vi ber ”Før oss ikkje ut i freisting, men frels oss frå det vonde” ber vi han om å hjelpe oss med å vende om til han om og om igjen – Men ber vi det? Eller ramser vi berre opp orda?.

 

Om vi ber : For riket er ditt, og makta og æra i all æve. Viser vi respekt for gud.Orda seier at vi er takknemleg for at vi får snakke med han og kalle han for vår far. Men gjer vi de? Kor mange er det som berre vill har ein bokselommegud som dei kan hente fram når dei trnger han, men som elles ikkje våger å fortstyrre?

 

Ber vi? Og når vi ber, meiner vi det vi seier eller ramser vi opp orda? Eg sjølv synes at eg ber alt for lite De har ikkje, fordi de ikkje bed. Står det i Jakobusbrevet 4,2.

Det er viktig å be. Vi skal be. Det er viktig å halde kontakten til gud. Vader vår og andre frediformlerte bøn kan være ei hjelp til å be. Men det er også viktig at vi meiner det vi seier. Og då er det ikkje alltid desse bøna passer like bra – sjølv om det var Jesus som formulerte denne bøna på greesk eller aramaisk. Og når orda ikkje passer er må vi finne eigne ord. Og då er det ikkje mengda som tel,  men at vi ber. Det kan være nok med eit TAKK eller HJELP.

Og det er viktig at vi ber. Vi skal be – vi skal ta Gud med inn i kvardagen vår.