Det var fine  dagar denne veka og det er på desse dagar eg verkeleg liker å gå på jobb. Det er nok ikkje slik at berre går i fineveret. Eg går også når det bles  sån som på første påske dag. Men eg liker nok best å gå når det er fint ute. Ikkje berre for min eigen den, men også fordi eg møter mange fleire på vegen når det er fint ver. Det er kjekt å slå av ein prat på

her og der og prøver å ha ti til det. Men det er nok ikkje alle som har like god tid som presten som er ut etter samtaler. Det er nok ikkje alle som er like glad i å snakke slik som eg. Men uansett kven eg møter og den vil snakke med meg eller ei, eller om det kanskje er ein av Jehovas vitnar. Eg prøver å helse deg og eg prøver å møte dei med eit smil.

Det ligg mykje i det korleis vi møter kvarandre. Korleis vi helser på kvarandre eller om vi la være å helse på kvarandre. Det skjedde noko på Fjørtofta ei god stund før eg kom og det er nå over 5 år sidan. Det skjedde noko som gjorde vondt for ikkje berre nokre. Og eg har høyrt rykte om at det er framleis ikkje er alle på Fjørtofta som helser på kvarandre. Det ligg mykje i det korleis vi møter kvarandre og i dagens preiketekst fortel Jesus om korleis  han ynskjer å møte oss og korleis vi skal møte kvarandre.:

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Johannes i det 15. kapitlet:

Jesus sa: Held de boda mine, er de i min kjærleik, liksom eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik. Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk, og gleda dykkar kan vera fullkomen. Og det er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk. Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine. De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk. Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har sagt dykk alt eg har høyrt av Far min. De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, frukt som varer. Då skal Faderen gje dykk alt de bed om i mitt namn. Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!

Slik lyder Herrens ord.

Når folk skil lag fortel dei ofte til borna sine at dei skal bli venner. Eg fekk oppleve eit slik ”vennskap”: Foreldra mine klarte ikkje å snakke med kvarandre utan advokat til stades i 10 år.

Jesus veit at han og læresveinane skal skilje slag snart. Han har vært på tur med dei i det heilage landet i kanskje 2 år som ein rabbi med elevane sine. Dei kalla han for meister og herre, men Jesus veit kva han kjem til å gjer for dei og han har sagt det: Han gjem til å gi livet sitt for dei. Han kjem til å dø på korset for både dei og for oss.

Jesus har delt alt med læresveinane. Han gir livet sitt for dei og for oss. Og både vi og læresveinane er meir enn tenarar for han. Han ynskjer oss som venner. Han ynskjer å være vår venn i både gode og vonde dagar. Han ynskjer ikkje å være ein streng Herre. Han ynskjer å være vår bror og vår venn. Han har valt oss ut som sine venner. Men lever vi slik? Gir vi han som gav sitt liv for oss ein plass blant vennane våre? I livet vårt? Vi veit kva Jesus gjorde for oss, vi trur på han og difor kan vi være vennane hans. Han ynskjer å være med oss – i kvardag og fest. Og der to eller tre er samla i hans namn der er han midt i blant dei.

Vi skal være Jesu venner og han ynskjer å være vår venn. Han er den einaste vennen som kan være med oss gjennom livet og døden. Han er den einaste som gjekk gjennom døden, han har sigra over døden – for oss.

Og som vår venn har Jesus eit ynskje om korleis vi skal møte kvarandre: Med kjærleik! Vi skal elska kvarandre og møtte kvarandre med kjærleik.

Korleis skal vi utrykke denne kjærleiken? Vi kan gi kvarandre ein klem og det er det eg har tenkt å gjer med dykk i slutten av gudstenesta. Og for som ikkje klarer å klemme kvarandre kan vi i alle fall helse kvarandre og kvarandre eit smile. Vi kan helse på kvarandre sjølv om det framleis ligg mykje mellom oss. Vi kan helse på kvarandre taus med eit smil eller med ord sjølv om det er framleis mykje vondt som ligg der og det krev mykje av oss. De skal elska kvarandre! ynskjer Jesus vår venn. Det meiner at vi i det minste klarer å helse på menneska rundt oss.

AMEN