Både eg og faren min voks opp i Aust Tyskland i ein sat som heit DDR og som nå ikkje lengre finns i kartbøkene. Det var mykje rart i dette landet og noko av det raraste eg husker var noko som i enden av den gata i byen Meissen, der far voks opp: Nokre store nedslitne bustadblokker med ei høg mur rundt og porter som enten var grå eller rusten.

Men uansett om dei var grå eller rusten, dei hadde alltid ein rød stjerne i midten. Husa var russiske kasernar og i over 40år var det soldatar som budde i desse kasernane. Dei kom berre ut i grupper og dei hadde ikkje lov til å snakke med oss. Dei fleste av oss var ikkje så godt på russisk at dei klarte å snakke med dei heller og soldatane kunne ikkje tysk.  Folk likte ikkje at desse soldatane var der, dei minna om krigen og av og til fekk ein høyre om nokre soldatar som hadde brytt seg inn ein plass eller som var med på mykje meir voldelege ting særeleg mot kvinner. Ein fekk aldri lese noko om det i avisene og dei blir heller ikkje tiltalt i retten. På skulen skulle vi kalle dei russiske soldatane for venner, men faren min sa til meg: Kall dei heller for brør, vennane dine får du velje sjølv. Kva er det du vel? Kven er vennene dine? Korleis møter du vennane dine?

 

Jesus har bestemt seg, han har bestemt seg for oss:

Jesus sa: Held de boda mine, er de i min kjærleik, slik eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik. Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk og gleda dykkar kan vera fullkomen. Og dette er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk. Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine. De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk. Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har fortalt dykk alt eg har høyrt av Far min. De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, ei frukt som varer. Då skal Far gje dykk alt de bed om i mitt namn. Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre! (Joh 15:10-17)

 

Klarer du å bestemme deg? Jesus har bestemt seg han har bestemt seg for oss. Vi skal ikkje være tenarane hans, vi skal være vennane hans. Men ynskjer vi det? Har han plass i livet vårt? Han lover oss eit evig liv, men finn vi plass til han i det livet vi lever nå? Klarer vi å bestemme oss for han? Eller utset vi avgjersla til vi er moden til det?

Jesus lover eit evig liv ikkje til alle, men til alle dei som trur på han. Du blir ikkje meir moden! Du er klar til å være ein venn av Jesus han har allereie bestemt seg for deg. Du kan kalle han for Herre om du vill, men det han ynskjer det er å være din venn. Han ynskjer å være med deg i dette livet. Han ynskjer å være her med deg i gode og vonde dagar, i glede og sorg, i fest og kvardag. Av og til er det ei utfordring å halde kontakt med vennane sine, men når eg treng dei er dei der.

Jesus elska oss så mykje at han gav livet sitt for oss og han ynskjer at vi tar vare på kvarandre og at vi møter kvarandre med kjærleik og velvilje. Han vil oss vel. Han ynskjer å ha oss som venner, men vi må takke ja til det. Det er viktig å halde kontakten med vennane sine. Du må møte vennane dine og din venn Jesu for å kunne møte dei med kjærleik. Kor treff du han? Han er der, der to eller tre er samla i hans namn. Det er difor den kristne trua berre kan leve i fellesskap.

Eg ynskjer deg ein riktig god helg og kanskje du får anledning til å møte både vennane dine og Jesus. Husk: Møt dei med kjærleik!

Michael Hoffmann