Påskelammet – kva er det de kjem på når de høyrer dette? Lam, fenalår og speikekjøt høyarar heime på eit norsk julebord. Til påske var det frå gamalt av vel ofte torsk som kom på bordet.

Her i Noreg er sauane ute om sommaren. Det er på denne tida av året at sauane finn god beite. Og så blir dei slakta til hausten og om ein er heldig klarar ein å ta vare på kjøtet fram til jul sjølv utan kjøleskap.

Nede i Midtausten er det annleis: Om sommaren er det alt for tør for sauane til å være ute med små lam.  Det er om vinteren at dei finn den besten beita. Det er på denne tida av året det regner. Det er nå dei finn nok grønt sjølv på plasser der det om sommaren er berre ørken.

Om sommaren er det ikkje nok mat til alle og difor blir lamma slakta før sommaren. Jødane kar knyta det til Pesah festen. Festen minner om Israels folke si flukt frå slaveriet i Egypt . Dei ofra lam for å sleppe ut, mens Egyptarane måtte klage over menneskeliv. Seinare ofra dei kvart år lam for syndene sine. Dei slakta dei beste lam for gud for å slette ut syndene sine, for å slette ut alt det dei hadde gjord mot guds vilje, alt det som leia dei borte frå gud.

Det er ikkje utan grunn at orda Pesah og påske liknar på kvarandre. Det er før pesahfesten Jesus døyr. Det er under denne festen at Jesus ligg i grava. Jesus er det sanne påskelammet.

Eg har ikkje noko imot at de et lam til påske, sjølv om det ikkje er ein tradisjon som høyrer heime her. I dag har vi frysaren og eg har ein liten mistanke om at butikkane bruker påske til å kvitte seg med lammekjøtet dei ikkje klarte å selje til jul.

Berre et lam, men gløym ikkje det sanne påskelammet: Jesus Kristus! Dei lamma som blei slakta til hausten blir liggjande død i frysaren og seinare i magen. Jesus det sanne påskelammet døde ein pinefull død på korset på langfredag men han blei ikkje liggjande i grava. Jesus døde på korset for oss og han er stod opp att for oss:

 

 

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Johannes i det 20. kapitlet:

Tidleg om morgonen fyrste dagen i veka, medan det endå var mørkt, kom Maria Magdalena til grava. Då fekk ho sjå at steinen var teken bort frå grava. Ho sprang av stad og kom til Simon Peter og den andre læresveinen, han som Jesus hadde kjær, og sa til dei: "Dei har teke Herren ut or grava, og vi veit ikkje kvar dei har lagt han." Då tok dei ut, både Peter og den andre læresveinen, og gav seg på veg til grava. Dei sprang saman, men den andre læresveinen sprang snøggare enn Peter og kom fyrst til grava. Han bøygde seg inn og såg linkleda liggja der, men han gjekk ikkje inn i grava. Simon Peter fylgde etter, og han gjekk inn. Han såg linkleda som låg der, og kledet som Jesus hadde hatt over hovudet. Det låg ikkje saman med linkleda, men ihoprulla på ein stad for seg. Då gjekk den andre læresveinen òg inn, han som var komen fyrst til grava. Og han såg og trudde. For endå hadde dei ikkje skjøna det Skrifta seier, at han skulle stå opp frå dei døde. Så gjekk læresveinane heim.

Slik lyder Herrens ord.

 

Jesus er borte. Han ligg ikkje lengre i grava. Han var død på langfredag, det er visst. Dei stak nå spydet i sida hans. Dei har sine rutinar for å sjekke dette. Så blei han lagd i gravhola. Og dei velter ein stor stein framfor hola. Det er fleire menn som må til for å få dette til. Så kan dei trygd feire Pesah.

Men på dagen etter Pesah er grava tomt. Læresveinane kan ikkje har stela  han. Dei er nå like overraska. Men Jesus er borte. Han er der ikkje lengre. Han hadde sagt det til dei mange gonger, men det er først nå dei byrjar å skjønne: Han blei ofra på Langfredag, han gjekk på korset for oss. Jesus er det sanne påskelammet, han ofra seg for oss. Han ofra seg for at kvar den som trur på han skal kunne være sikre på å bli frelst. Det er berre trua på Jesus Kristus som må til for å bli frelst. Det er fint om vi gjør gode gjerningar ut av denne trua. Men det er berre trua som må til for å kunne leve eit betre liv utover dette livet er på jorda. Det er berre denne trua som til for å få eit evig liv hjå gud. Det er berre denne trua som trengs for Jesus er oppstanden. Det er det påske handlar om. Jesu oppstode og ikkje mat, fjellet, hytta, ski, appelsin og kviklunsj – Jesu oppstode, det er det påske handlar om. Eg er glad for kvar einskild som er her. For slik kan vi bære bodskapen vidare: Jesus er oppstaden, hann er sanneleg oppstaden for oss!

AMEN