”Har du vaska hendene dine?” Det er spørsmålet borna mine får høyre nesten kvar gong før vi skal ete. Og det er naudsynt at vi spør. Dei er mykje ute og slik ser hendene ut når dei kjem inn.

I dag er det skjærtorsdag.

Namnet Skjærtorsdag kjem frå gamle norske ordet ”å skira” som tyder å gjer reint. Ei jente på barneforeininga sa det slik: ”Skjærtorsdag er vasketorsdag”. Og rett har ho med det. I orient går ein gjerne utan sko og ein sitt nede på golvet når ein et. Då er det ikkje berre hendene som må vaskast men også føtene. I Jesu tid hadde ein vanlegvis tenarar som gjorde denne jobben, men ein dag Jesus var samla med læresveinane sine var det annleis:

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Johannes i det 13. kapitlet:

Det var straks før påskehøgtida, og Jesus visste at timen hans var komen då han skulle fara bort frå denne verda og til Faderen. Han hadde elska sine eigne som var i verda, og han elska dei heilt til det siste.
Då dei heldt måltid, hadde djevelen alt skote det i hugen på Judas, son til Simon Iskariot, at han skulle svika han. Jesus visste at Faderen hadde gjeve alt i hans hand, og at han hadde gått ut frå Gud og gjekk til Gud. Då reiser han seg frå bordet, legg av seg kappa og tek eit linklede og bind om seg. Så slår han vatn i eit fat og tek til å vaska føtene åt læresveinane og turka dei med handkledet som han har kring livet. Han kjem til Simon Peter, og Peter seier til han: "Herre, vaskar du mine føter?" Jesus svara: "Det eg gjer, forstår du ikkje no, men du skal skjøna det sidan." "Aldri skal du vaska føtene mine," seier Peter. "Dersom eg ikkje vaskar deg, har du ikkje noko saman med meg," svara Jesus. Simon Peter seier til han: "Herre, ikkje berre føtene, men hendene og hovudet med!" Men Jesus svara: "Den som har lauga seg, er heilt rein og treng ikkje vaska anna enn føtene. Og de er reine - men ikkje alle." For han visste kven som skulle svika han. Difor sa han: "De er ikkje reine alle."
Då han hadde vaska føtene deira og teke på seg kappa, sette han seg til bords att. Så sa han til dei: "Skjønar de kva det er eg har gjort for dykk? De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg. Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skal de òg vaska føtene åt kvarandre. Det er eit førebilete eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera."

Slik lyder Herrens ord.

Jesus vaskar føtene til læresveinane. Han tener dei. Han gjer det for å vise at sjølv om han er guds son, så er han komen for å tene læresveinane og alle menneska. Jesus er komen for å tene oss. Skjærtorsdag er i grunn ein dag for å ta avskjed. Dagen etterpå, på langfredag kjem Jesus til å sluttføre vegen sin på jorda. Jesus kjem til å tene oss på korset. Nå tar han avskjed frå læresveinane sine. Han veit at ein av dei kjem til å svikte han. Også vi svikter Jesus – igjen og igjen. Vi lever ikkje slik som gud ynskjer det. Vi set oss sjølv og vår materialisme vår egoisme på første plass framfor gud. Vi legg ting mellom gud og oss. Ein heil fjord fulle av ting som vi ikkje klarer å kome oss over. Med døden sin på korset byggjer Jesus ei bru over alt dette – ein ny veg til gud – ein Nordøyveg over syndene våre  og mykje meir enn det.

Jesus veit at han kjem til å fullføre vegen på korset. Med sin død gjør han oss reine slik at vi kan stå framfor gud. Jesus tar avskjed han veit at han må reise, han veit at han må reise for å opne ein ny veg til oss. Ein veg som leiar mykje lengre en berre til fastlandet, han opna ein veg som rekk heilt fram til faren hans – til eit evig liv hjå gud. Og vi treng ikkje å ha bompengar med oss, det einaste vi trenger er trua på Gud og sonen hans Jesus Kristus.

 

Joh 3:16

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

 

Amen