Etter konfirmasjonen i fjor skjedde det ting som gjorde at eg lurte på om eg skulle gjenta preika med vinglasset opp på preikestolen for å minne konfirmantane om : Ef 5:18

Drikk dykk ikkje fulle av vin; det fører til ageløyse. Men vert fylte av Anden.

Men så tenkte eg at dei skulle nok få si eiga konfirmasjonspreike og fant ein anna tekst.

 

 

Salm 34:2-9

Støtt vil eg prisa Herren,

stendig vil eg lovsyngja han.

Eg rosar meg av Herren,

dei hjelpelause gleder seg når dei høyrer det.

Lat oss saman lova Herren

og prisa hans store namn!

Eg søkte Herren, og han svara meg,

frå alt som skræmde, berga han meg.

Sjå opp til han, og strål av glede,

så skal de aldri raudna av skam!

Ein stakkar ropa, og Herren gav svar,

han frelste han frå alle trengsler.

Herrens engel slår leir

til vern for dei som har age for Herren,

og friar dei ut or fare.

Smak og sjå at Herren er god!

Sæl er den som flyr til han.

 

I denne gamle songen, denne salmen, finn eg både konfirmasjonsverset mitt og dåpsverset mitt:

 

Støtt vil eg prisa Herren,

stendig vil eg lovsyngja han.

 

Og

 

Eg søkte Herren, og han svara meg,

frå alt som skræmde, berga han meg.

 

Versa ligg ikkje langt frå kvarandre men det gjorde heller ikkje min dåp og min konfirmasjon. For dykk kjære konfirmantar er det ei god stund sidan dåpen, i alle fall så vidt eg veit om. Men også kvar og ein av dykk har funne sitt vers.

Eg fant versa mine i ein av dei tekstane som eg skulle lese i kyrkja den gongen. Eg veit ikkje kor de fant versa, men eg synes at det er spennande å lese dei og kvifor de valte de.

Nokre av dykk held seg til klassiske kjernevers frå bibelen som også har viktig rolle i dåpsritualet slik som Johannes 3,16

Joh 3:16

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

 

Eller

Mark 10:14

Då Jesus såg det, vart han harm og sa til dei: "Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje; for Guds rike høyrer slike til.

 

Og det er fint for då knyter de konfirmasjonen opp til det den var frå gamalt av: Ei stadfesting av dåpen. I dåpen er det foreldre og fadrar som seier ja på vegne av dykk. Og eg håper at nesten alle dei som er fadder til ein av dykk sitt her i dag. Fadrane forpliktar seg til å være vitne for dåpen og til å hjelpe foreldra med den kristne oppdraginga.

De forpliktar seg til å: ” å be for barnet, læra han sjølv å be, hjelpa han til å bruka Guds ord og Herrens nattverd, for at han kan verta verande hjå Kristus når han veks opp, liksom han ved dåpen vert sameint med han.”

Frå og med i dag kan de stå sjølv fadder og kanskje er dagen i da ei gyllen anledning til å spør fadrane dykkar om korleis dei tok dette ansvaret på alvor. Eg håper at denne samtalen går betre enn den gongen ein konfirmant møte fadderen sin for første gong i livet rett før konfirmasjonen. O då tenkte fadderen at nå endeleg skulle han ta ansvaret sitt på alvor og spør: ”Korleis har du det med gud?” Konfirmanten svarer med eit spørsmål ”Korleis har du det med Gud?” Fadderen: ”Det er eg som er fadderen din!” Konfirmanten ”Jo, da” Fadderen ”Jo da” og dette var heile samtalen.

Eg skal ikkje lese opp alle vers endå, det kjem om ei lita sund, men eg kan røpe at dei viser ein god del kunnskap om og kjennskap  til den kristne trua. Eg håper berre at de ikkje berre veit om det men at de også bruker det i kvardagen slik at det ikkje blir slik som med denne vitsen som eg fortalte i fjor der prestane snakka om korleis dei blei kvit flaggermus i kyrkja si og der den siste presten seier: Eg har konfirmert dei og aldri sett dei att!

Eg håper at de fekk eit lite inntrykk av korleis det er å leve den kristne trua. De kjem til å møte mange utfordringar i den nærmaste tid som kjem på vandringa gjennom livet. Ta konfirmasjonsverset og det i har lært med på veg vidare. Og husk det er ikkje nok å ha, ein må også bruke det ein har. Det fortel også ein samtale mellom presten og ein såpefabrikant om:

Såpefabrikanten sei til presten: ”Den kristne trua har klart ingenting. Nå blir den preika på jorda i over 2000 år og verda har ikkje blitt noko særleg forandra. Det vonde finns framleis og ikkje minst vonde menneske.” Presten viser på eit tilgrisa bar som leiker i grøfta: ”Såpe har klart ingenting. Det er framleis skitne klede og skitne menneske i verda.”

”Såpe må brukast” svarar fabrikanten ”Den nyter berre når den blir brukt”

”Slik er det også med den kristne trua” svarer Presten.

 

Joh 3:16

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Gud ynskjer å ta vare på oss, og det er bra. Vi er så få her ute, vi har ikkje ein einaste å miste, men vi mo gi han mogleik til det. Han trenger seg ikkje på, men han er der for oss. Han venter på oss som ein god far.

Prøv å lære konfirmasjonsverset. Slik at de kan den og at den kan leie dykk gjennom livet.

Støtt vil eg prisa Herren,

stendig vil eg lovsyngja han.

 

Da eg valte hadde eg ikkje eingong ein ide om at EG skulle bli prest. Eg har nok ikkje klart å lovsyngja alle dagar, men nok dei aller fleste.

 

Eg søkte Herren, og han svara meg,

frå alt som skræmde, berga han meg.

 

Eg opplever at Gud svarer meg og at han er med meg. Han svarer ofte på si måte, og tar vare på meg på si eiga måte slik at eg får krangle nok med han. Men har er der.

Gud er der for oss. Han er der i livets kriser og på høgtidsdagar sånn som i dag. Men han ynskjer også å være med i kvardagen. Frå bordverset ved frukostbordet til eit fadervår som kveldsbøn seint på natta.

Ta han med gi han rom, så vil han hjelpe dykk og de kjem ikkje til å angre på det.

AMEN