Dette er handlelista mi. Jo da, eg må jo huske alle dei gåvene eg må kjøpe. Har ikkje dokke noko handleliste i hovudet eller på papir? Nei? Er dokke ikkje klare over at det er på høg tid å få handlelista på plass nå? Kvifor ? Jo folkens er ikkje dokke klare over det? Det er berre 9 månadar fram til jul. Det er berre 9 månadar fram til jul og korleis skal eg klare å skaffe gåver til alle mine som har nok frå før om ikkje eg set i gong med det nå? Nei 3 månader med pause frå julerysjet må være nok!

 

Er nokon her som verkeleg blei uroleg? Det er nok to ting som er sant i denne innleiinga: Vi har Maria bodskapsdag i dag og frå denne dagen er sirka 9 månader fram til jul. Det andre er at jul i dag dreiar seg alt for mykje om handelen om kommersen og alt for lite om frelsaren, barnet som blei født.

Vi er langt utanfor julerysjen nå, men påske, den viktigaste kristne høgtida står rett framfor døra: Kor viktig er den oppstadne Jesus Kristus måt påske fjellet og påskekrim? Kor har han plassen sin? De er her i dag. De har klart å rydde plass for barnet som blei født til jul. De kan være med på høgsongen til Maria som er dagens preiketekst:

 

Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Lukas i det 1. kapitlet:

Då sa Maria:

«Mi sjel høglovar Herren,

og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar.

For han har sett til si ringe tenestekvinne.

Og sjå, frå no av skal alle ætter prisa meg sæl,

for store ting har han gjort mot meg,

han, den mektige; heilagt er hans namn.

Frå ætt til ætt varer hans miskunn

for dei som ottast han.

Han gjorde storverk med sin sterke arm;

han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet.

Han støytte stormenn ned frå trona

og lyfte opp dei låge.

Han metta dei svoltne med gode gåver,

men sende dei rike tomhendte frå seg.

Han tok seg av Israel, sin tenar,

og kom i hug si miskunn

slik han lova våre fedrar,

Abraham og hans ætt, til evig tid.»

Slik lyder Herrens ord.

 

De kan være med på denne lovsongen og det er bra, det er eg veldig glad for, men kvifor er det ikkje fleire som er her kvifor finn fleire vegen til kyrkja og fellesskapet? Kvifor kan ikkje fleire kalle Jesus for Herre på alvor? Kvifor har vi så mange andre herrar som påskefjellet, krimmen, TVen eller lommeboka?

I Haram kyrkjelyd har vi ei visjon ”Jesus blir synleg”  i eit fellesskap med varme, tryggleik og openheit som får oss til å bli menneskefiskarar.

Jesus skal bli synleg! I dag feirar vi at Jesus blei avlagt i magen til Maria. Han er der allereie, men han er ikkje synleg. Jesus er der usynleg, men med lovsongen sin gjør Maria han synleg. Gjennom Maria blir Jesus synleg. Også vi skal gjøre Jesus synleg. Ikkje med nye handlerekordar på Moa, men i eit fellesskap med openheit, varme og tryggleik.: For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei.» Matt 18:20.

Det barnet som ligg usynleg i magen til Maria og som er usynleg skal vi gjøre synleg slik som Maria satt ord på det. Det er ikkje alle som skal bruke ord, men alle har ei gåve som kan brukast, slik at Jesus blir synleg i eit fellesskap med :

  1. 1. Tryggleik
    For å være med i kyrkjelyden, og delta der, må ein kjenne ein tryggleik tilstades, slik at det blir et naturlig tilhaldsstad for alle.

  2. 2. Varme
    Når ein kjem inn i kyrkjelyden, skal det naturlig bli en varme som brer seg, og bidrar til at ein kjenner seg heime her, og ønskjer å bidra.

  3. 3. Openheit
    En trygg og varm kyrkjelyd, vil naturlig ha en openheit, der alle føler seg innanfor, og ingen utanfor.

Slik kan vi også få fleire til å ta misjonsbodet på alvor:

Matt 28:18-20

Då steig Jesus fram og tala til dei: "Eg har fått all makt i himmelen og på jorda.  [19] Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande,  [20] og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står."

 

 

 

Det er vi som gjere dette barnet synleg.

AMEN