I dag skal de få noko å tygge på: Eg har tenkt å gi dykk litt brød.

Kva er brød? Brød er ein av dei eldste matvarene som vi kjenner til. Så snart menneska klarte å male mjøl, kunne dei også bake brød. I mange tusen år var det nok først og fremst flatbrød, fladebrød som blei steikt. Framleis snakkar vi om nysteikt brød sjølv vi baker brød.

Heva brød blei først oppfunnet i Egypt for sirka 5000 år sidan.

 

Kvifor er brød eit så populært næringsmiddel? Kvifor er brød før poteten den mest populære matvara her i landet?

Kanskje fordi den  er enkelt å ta med seg og konsentrert næring. Brød er konsentrert næring og du kan eten den som den er. Sjølv tør brød gir næring til menneska. Brød gir næring og liv. Men den gir også meir enn det: Når vi samlast rundt eit bord og et i lag, får vi også oppleve fellesskap.

Brød er liv, men livet er meir enn brød. Vi treng meir næring en berre brød, berre kolehydrat.

I forteljinga om korleis Jesus blir freista står det i Matteusevangeliet i det 4. kapitelet, vers 4«Det står skrive: Mennesket lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som går ut frå Guds munn.»

Det er ikkje det som er dagens preiketekst, men også dagens tekst handlar om tru og brød, livsens brød:

 

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Johannes i det 6. kapitlet:

Då folket såg at korkje Jesus eller læresveinane hans var der, gjekk dei i båtane og fór over til Kapernaum og leita etter Jesus. Dei fann han der, på den sida av sjøen, og sa til han: "Rabbi, når kom du hit?" Jesus svara: "Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Det er ikkje fordi de såg teikn at de leitar etter meg, men fordi de åt av brøda og vart mette. Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk. For på han har Gud, Faderen, sett sitt segl."
Då sa dei til han: "Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera?" Jesus svara: "Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt." "Kva teikn gjer du, så vi kan sjå det og tru på deg?" spurde dei. "Kva kan du gjera? Fedrane våre åt manna i øydemarka, som skrive står: Brød frå himmelen gav han dei å eta." Jesus svara: "Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen. Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv." Då sa dei: "Herre, gjev oss alltid det brødet!" Jesus svara: "Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje svelta, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta. Men eg har sagt dykk: Endå de har sett meg, trur de ikkje."

Slik lyder Herrens ord.

 

”Eg er livsens brød” seier  Jesus. Det viktigaste for han er ikkje å gjøre store under. Han er ikkje den som stablar eit stort hær på beina for å jage romarane ut av Israel. Han kjem heller ikkje med store teikn til oss i dag. Han er teiknet, han er den levande guds son. Jesus gir ikkje brød. Han er brød:  livets brød og han skal syrgje for oss. Han skal gir oss næring for både kropp og sjel. ”Arbeid ikkje for den mat som forgår” – Nei du skal ikkje si opp jobben din, men jobben og materielle godar  er ikkje det vitigaste i livet. ”Den siste skjorta har ingen lommar.” heitar det  og slik er det.  ”Arbeid ikkje for den mat som forgår” det er ikkje på jobben vi skal bruke opp overskuttet vårt: Arbeid ”for den mat som varer og gjev evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk. ” -. Livets brød – Jesus Kristus, han som døde på korset for oss. Arbeid for livets brød ! ? Er ikkje det ei sjølvmotsiging? Blir vi ikkje frelst av nåde? Er frelsa ikkje ei gåve frå gud? Ja det er det. Men livet har to utgangar ein til frelse evig liv og ein til den evige døden. Og det er faktisk ein ting som må gjerast for å få evig liv: "Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera?" spør dei og Jesus svarer: ”Tru på han som Gud har sendt.” Det heiter ikkje: For slik elska gud verda at kan gav sonen sin så alle skal bli frelste, men ” For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.” . Det er trua på Gud som må til. Det er denne eine gjerninga som krevjast. Den eine gjerna som må til: Trua på Gud og Jesus Kristus. Og den kan være vanskeleg nok i den verda som vi lever i. Det er så mykje som trekker oppmerksamheita vår borte til andre ting. Det er lite rom, lite plass att for trua. For å gjør trua må den levast. Trua kan berre levast i fellesskap, i kyrkjelyden og i familien. Sjølv om mange frå regjeringa til naboar fortel med noko anna: Trua er ingen privatsak. Trua angår meg som person men ikkje berre det. Den angår også dei mellommenneskelege relasjonane som eg lever i. Den angår både meg og det sosiale nettverket mitt. Ingen tru kan være så personleg at den kan levast privat og som privatsak. Det er difor eg er glad for at de er her i dag. For her får her får de ikkje berre det brødet som eg delte ut i starten, men også livet brød.  Matt 18,20 ”For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei.” i det kristne fellesskapet er Jesus til stades. Her får vi livsens brød. Det er her trua får næring og styrkje for kvardagen.

Ta vare på fellesskapet og trua som lever i den. Tru på Gud og sonen hans Jesus Kristus!

AMEN