En spegel. Kva bruker vi spegelen til? Til å sjå ansiktet. Og det er ikkje alltid slik at vi liker det vi ser. Det er ikkje alltid behageleg å sjå meg sjølv i spegelen. Det er av og til vanskeleg å sjå meg sjølv i spegelen særleg om morgonen. Av og til er det slik at ein må sei: Eg kjenner deg ikkje, men eg vaskar deg likevel.

Men det trøtte nedslitne ansiktet om morgonen er ikkje det verste. Det verste å eg har gjort noko dumt og er må sjå mitt spegelbilete rett inn i auga.  Det er enkelt å stå fram for spegelen og klappe seg sjølv på skuldra: ”Bra gjord!” Det er mykje meir vanskeleg å innrømme for seg sjølv: ”Dette var dumt, dette var ein tabbe”.  Vi møter oss sjølv i spegelen. Det er for oss sjølv vi må innrømme en feil før, vi klarer og in rømme det for andre. Først må vi klare å møte oss sjølv. Klarer du ikkje å sjå deg sjølv i spegelen klarer du heller ikkje å møte andre menneske. Spegelen er eit hjelpemiddel fo å møte meg sjølv.

Av og til kan også ei forteljing bli til ein spegl:

 

2 Sam 12:1-13

Så sende Herren Natan til David; og han gjekk fram for kongen og sa: "Det budde to menn i ein by. Den eine var rik og den andre fattig. Den rike hadde småfe og storfe i mengd; den fattige åtte ikkje anna enn eit einaste lite lam, som han hadde kjøpt og ale. Det voks til saman med borna hans, åt av maten hans, drakk av skåla hans, låg i fanget hans og var som ei dotter for han. Ein dag kom det ein ferdamann til rikingen. Men han kvidde seg for å ta noko av sitt eige småfe eller storfe og laga til åt ferdamannen som var komen til han. Han tok lammet som fattigmannen åtte, og laga det til åt gjesten."

Då vart David brennande harm på mannen, og han sa til Natan: "Så sant Herren lever: Den mannen som har gjort dette, skal døy!  Og lammet skal han betala firdobbelt, fordi han gjorde dette og ikkje synte medkjensle." Då sa Natan til David: "Du er mannen! Så seier Herren, Israels Gud: Eg salva deg til konge over Israel og berga deg frå Sauls hand.  Eg gav deg huset åt herren din og konene hans i fanget ditt. Eg gav deg både Israels- og Juda-riket. Og var ikkje det nok, ville eg ha lagt til både det eine og det andre. Kvifor har så du vanvørdt Herrens ord og gjort det som vondt er i Herrens augo? Hetitten Uria har du drepe med sverd; du lét ammonittane drepa han. Og kona hans har du teke og gift deg med. Så skal då sverdet aldri vika frå huset ditt, sidan du har vanvørdt meg og teke kona åt hetitten Uria.  Så seier Herren: Sjå, eg lèt ulukke koma over deg frå di eiga ætt. Eg vil ta konene dine beint for augo dine og la ein annan mann få dei, og han skal liggja med dei midt på ljose dagen.  Du gjorde di gjerning i løynd, men eg vil la dette henda for augo på heile Israel midt på ljose dagen." Då sa David til Natan: "Eg har synda mot Herren." Natan svara: "Så har òg Herren teke bort synda di; du skal ikkje døy.”

 

Du er mannen! Desse or er alt anna men ikkje behageleg for David. Han møter seg sjølv. Mannen er spegelbilete hans. Han har gjord ein stor feil og dømde seg sjølv til døden.

Det å skrifte er ikkje noko behageleg. Det er ikkje behageleg, når eg leiter i meg sjølv. Det er ubehageleg å finne mine feil og det er ennå meir ubehageleg å innrømme mine feil.

Eg sjølv og ingen av dokke som sitt her er utan feil. Vi alle gjør feil og dumme ting. Vi lever ikkje slik som vi skulle leve. Vi lever slik som vi synes det er rett og ikkje slik som gud ynskjer det. Vi prioriterar oss sjølv og ikkje han. Vi alle er større eller mindre egoistar og vi øydelegg relasjonane våre til både gud og medmenneska våre. Vi er synder. Det er ein avstand, eit avgrunn mellom oss og gud og det er så alt for mykje sagt og usagt, gjord og ugjord som ligg mellom oss og medmenneska våre.

Dei fleste av oss har nok heldigvis ingen lik i kjellaren slik som David. Men også vi har nok som ligg mellom oss og gud og oss og medmenneska våre.

Er du på talefot med alle? Har du snakka bak ryggen til nokon? Kva er med dei små unnskyldningane våre? Kor stor rolle har gud i livet vårt? Er noko meir en noko som vi henter frem ved fester og andre seremoniar? Kva rolle har han i kvardagen vår?

Detter er ingen dommedagspreike dette er ein skriftetale. Den skal være ein spegel. Ein spegel som hjelper oss med å leggje fram for gud det som ligg mellom oss og han og oss og medmenneska våre. Det er forskjell mellom tilgjeving og tillating av synder.

Det er ikkje enkelt å skrifte og ikkje behageleg. Det er ikkje enkelt å opne seg for gud. Det er ikkje enkelt å leggje sitt innarste opent fram for han. Men det er slik som bitter medisin: Det hjelper.  Vi får ein ny start med gud og kanskje også med medmenneska våre. Det er vanskeleg å skrifte. Det er vanskeleg å leggje tin fram for gud. Men det gjer godt å få tilsagt forlating fort syndene. Det gjør godt å kjenne denne tilsegna på kroppen når handa blir lagt på hovudet. Det er godt å kjenne kor mykje gud tar bort. Det er godt å kjenne at han er med meg og at han gir meg ein ny start med han. Det er godt å kjenne tilgivinga på krooppen. Det er godt å kjenne kvifor Jesus døde. Det er got å kjenne at han døde for meg.

 

De blir om ei lita stund bedt om å legge fram alt for gud. Og det er mogleg for alle å få tilsagt forlating for syndene. Eg kjem til å bruke anledninga og eg dykk: Gjer det same.

Jesus Kristus døde på korset for syndene våre, men vi må gi dei til han.

AMEN