Det som det er så vanskeleg å spør om.

 

Matt 19:4-6

Han svara: «Har de ikkje lese at Skaparen frå opphavet skapte dei til mann og kvinne  5 og sa: ' Difor skal mannen forlata far og mor og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt'?  6 Så er dei ikkje lenger to; deira liv er eitt. Og det som Gud har bunde saman, det skal ikkje menneske skilja.»

OK! OK! Dette er ikkje preiketeksten for sundagen og  eg må nok skuffe dei som ynskjer å lese om Satans engel som plager apostelen Paulus i andre korintarbrev (2 Kor 12:7-10).

Teksten om ekteskapet er så viktig i dag, for om ei veke er det skotårsdag, den 29. februar. Den kjem berre kvart 4. år og ikkje oftare. Og det er ein skikk  med denne dagen som gjer at den er det er denne teksten eg må skrive om i dag:

 

Om ei uke er det fredag den 29. februar – skotårsdagen – har kvinnene lov til å frie

 

Skotårsdagen var i gamle dagar den einaste dagen kvinna kunne fri. Mannen kunne alltid fri på ein dag når som helst på året. I våre dagar er det likestilling også  på dette området og kvinner kan sjølvsagt fri hele året. Likevel er skotårsfrieri framleis populært, på skotårsdagen kan mannen i følgje gamle skikkar nemlig ikkje sei nei utan å betale bot. Svarer mannen likevel nei, må han ut med ein bot, på tolv par hanskar. Hanskane skal skjule den manglande trulovingsringen til kvinna.

Men ærleg talt kjære karar kven er det som har lyst til å si nei når kjærasten vår til og med tar seg av denne jobben for oss? Det berre å sei JA.

Ok kjære damer: Tør å spør. Det er nemleg ikkje slik at dei fleste karer ikkje vil gifte seg, dei veit berre ikkje korleis dei skal få det til. Alt fungerar jo bra, og det er så vanskeleg å finne dei rette orda. Vi men er berre litt hjelpelause av og til. Det å få til eit slik spørsmål på den rette måten er kjempevanskeleg for oss og så skal vi kanskje arrangere eit fest med? Akkurat det med festen er noko som dei fleste av oss ikkje klarar i det heile tatt, i alle fall om det skal være noko anna en gutefest i garasjen eller ved fotballbana.

Ekteskapet mellom man og kvinne er guds gode gåve, den er ingen handjern, den er ei ramme rundt familien. Ekteskapet forandrar ikkje så mykje på forholdet mellom to menneske (eller fleire om de har barn).  Martin Luther seier at ”ekteskapet er ei verdsleg sak”. Er ein veldig nøkternt er ekteskapet ikkje noko anna enn den tryggaste og best utprøvde samboarkontrakt som finns. Difor treng ein ikkje den store dyre festen om ein ikkje ynskjer det. Det kan være nok med eit lite kontorbryllaup eller i kyrkja med (nesten) berre forlovarane, og  kanskje den store festen med velsigning i kyrkja seinare når det passar. Når ein spør presten kan ein også gjentar løftet og velsigninga i kyrkja seinare for eksempel ved eit ekteskapsjubileum. Det er nok ikkje alt for mange som ynskjer det alt for nøkternt, men det er viktig at det ikkje blir så stort at ein ikkje tør.

Ekteskapet er guds gode gåve. Gud ynskjer at mann og kvinne binder seg til kvarandre og stadfesta denne sameininga, dette samanlivet med si velsigning. Bortset frå kontraktinngåinga  er det det som ligg i vigselen: Guds velsigning  over to som vedkjenner seg til kvarandre. Du er mitt og eg er ditt og Gud skal ta vare på oss to (og  borna våre). Sei ja til kvarandre meiner å sei offentleg at samlivet ikkje lengre er eit prøveprosjekt, men noko ein skal satse på.

Gjer den 29. februar til ein sikkeleg kvinnedag – bruk anledninga til å frie!

Og gutar det er framleis ei veke og ein heil helg for å kome din kjæraste i forkjøp!

Ha ein og helg

Michael Hoffmann

 

P.S. Vi har framleis nok ledige datoar – så tør å spør!